![]() |
|
|
Spår eksplosiv oppdrettsvekst Av Per Anders Todal , 16.11.12 Den norske oppdrettsnæringa kan femdoblast og likevel vere berekraftig, hevdar det regjeringsoppnemnde HAV21-utvalet. Står dette til truande? HAVBRUK Store tal svirra i lufta da HAV21-utvalet la fram strategien sin for forsking og utvikling i marin sektor førre veke. I rapporten står det at den «marine avkastninga» i Noreg kan seksdoblast frå dagens nivå og vere på heile 550 milliardar kroner årleg i 2050. («Marin avkastning» handlar her ikkje om olje og gass, men om hausting av livet i sjøen.) Men ein av hovudføresetnadene for dette svimlande talet er at norsk laks- og aureoppdrett skal auke den årlege produksjonen frå éin million tonn i dag til fem millionar tonn i 2050. Rapporten hevdar at dette skal kunne skje på berekraftig vis (ordet «bærekraftig» opptrer 91 gonger på dei 92 sidene i HAV21-strategien). Og da blir ting vanskelege. Alt i dag set den norske oppdrettsnæringa store fotavtrykk i miljøet: Rømd oppdrettslaks vatnar ut genmaterialet til villaksen, og lakselus frå oppdrettsanlegga skader vill laks og sjøaure. Ikkje minst: Det er allereie vanskeleg å skaffe nok fôr til oppdrettslaksen utan å drive overfiske på artar som tobis, kolmule og augepål. Tala er omdiskuterte, men det trengst truleg mellom to og fire kilo villfisk for å få fram éin kilo oppdrettslaks. I mars i år kom Riksrevisjonen med skarp kritikk av måten oppdrettsnæringa blir forvalta på. Riksrevisjonen viste mellom anna til fôrproblema, luseplaga, lakserømming, sjukdom hos oppdrettslaksen og ureining frå merdane og slo fast at «de miljømessige utfordringene i havbruksnæringen er blitt så vidt omfattende at næringen ikke kan sies å ha hatt en tilstrekkelig miljøtilpasset vekst, slik Stortinget har forutsatt». Men når dagens oppdrettsnæring er så problematisk – korleis kan ein da tru på ei berekraftig femdobling av produksjonen? – Krev haldningsendring WWF Norge har vore med i arbeidsgruppa til HAV21. Dag og Tid spør Karoline Andaur, leiar for havmiljøprogrammet til WWF, korleis ein kan femdoble norsk oppdrettsnæring på berekraftig vis. – Ja, det er eit godt spørsmål, seier Andaur. – Dette er ein stor rapport, og WWF kan ikkje stå inne for kvar setning. Men om visjonen for oppdrettsnæringa skal realiserast, krev det ei fundamental haldningsendring og mykje forsking og teknologisk utvikling. Elles er ikkje ein slik vekst realistisk. Andaur meiner HAV21-rapporten er eit positivt steg fordi han får fram behovet for meir kunnskap om økosystema i havet. – Rapporten seier òg at problema med lakselus, rømming og sjukdom må løysast, og at alle råvarene i fiskefôret må vere hausta på berekraftig vis, for at ein vidare vekst i oppdrettsnæringa skal vere forsvarleg. Til no har reguleringane av næringa alltid kome i etterkant, når problema har blitt synlege, seier Andaur. Trur på visjonen – Ja, det trur eg. Elles ville eg ikkje sett namnet mitt under dette dokumentet. Men føresetnaden for å realisere det er at dette feltet blir forska meir på. – Men er det realistisk å femdoble produksjonen på berekraftig vis, når det er så mange problem knytte til dagens produksjon? – Er oppdrettsnæringa i Noreg berekraftig i dag? – Eg skjønar at næringa kan finne tekniske løysingar på problema med rømming og lakselus, om det er vilje til å ta kostnadene. Men problemet med å skaffe nok laksefôr utan å overbeskatte andre fiskeslag er meir fundamentalt? – Men om ein berre gongar dagens produksjon med fem og brukar dei same fôringrediensane, vil det vel medføre ei hausting av industrifiskebestandane som ikkje er berekraftig? Den siste oljen Spørsmålet er likevel om det kan bli nok til å fø opp fem gonger så mykje laks som i dag i norske merdar. Overgangen til meir vegetabilsk fiskefôr har alt pågått lenge, og kring 60 prosent av maten til oppdrettslaksen er i dag plantebasert. Men dette byd på sine eigne problem: Om laksen får for mykje plantekost, fell òg innhaldet av det sunne feittet i fisken. «I løpet av den siste tiden har det vært rettet sterk kritikk mot det gradvis synkende innholdet av marint fett i laksemuskelen», heiter det i Havforskningsrapporten 2011 frå Havforskingsinstituttet. Truleg er innblandinga av soya og korn i laksefôret nær taket, om næringsinnhaldet i laksen skal haldast oppe. Tilgangen på fiskeolje er den største avgrensinga for vidare vekst i oppdrettsnæringa. Årleg produksjon av fiskeolje i verda er på kring ein million tonn. «Det er lite trolig at dette kvantumet kan økes i vesentlig grad», heiter det i Havforskningsrapporten 2011. Og av den samla produksjonen av fiskeolje i verda forbruker fiskeoppdrett heile 87 prosent. Her er det med andre ord lite å gå på, om laksen skal bli feit nok.
« Tilbake |
![]() |
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|