Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Lightning Process, eit særnorsk fenomen

Av Per Anders Todal
,  02.11.12


Kring 5000 nordmenn har gått Lightning Process-kurs. Metoden har ikkje slik oppslutnad i noko anna land.

Ikkje i noko land har Lightning Process slik popularitet som i Noreg, heller ikkje i opphavslandet. Også dei britiske LP-kursa har ofte vore fulle av nordmenn. Fram til mars 2009 hadde kring 2000 nordmenn teke LP-kurs i Storbritannia – dette utgjorde heile 40 prosent av alle deltakarar på dei britiske kursa til da, ifølgje Dagens Medisin. I tillegg hadde kring 500 gått på kurs i Noreg.
Dei siste tre åra har 2350 personar gått LP-kurs i Noreg, opplyser Phil Parker Group til Dag og Tid. Selskapet har ikkje tal over kor mange nordmenn som har teke kurs i Storbritannia dei siste tre åra. Men dei tilgjengelege tala fortel altså at nesten 5000 nordmenn har gått Lightning Process-kurs, og truleg er det ein god del fleire. Om kursavgifta er kring 15.000, tilseier det at norske kundar har brukt kring 75 millionar kroner på Lightning Process.

Også når det gjeld talet på instruktørar, er Noreg i ei særstilling. Phil Parker Group opplyser at 57 nordmenn så langt har teke kurs for å bli instruktør i metoden, og at 31 nordmenn i dag har lisens for å halde LP-kurs. I heile Europa utanfor Storbritannia og Noreg er det berre seks LP-instruktørar med lisens, går det fram av nettsidene til Phil Parker. I Sverige er det berre éin instruktør. Ho er norsk. Og i det store USA er det òg berre éin LP-instruktør – og også ho er norsk.

Offentleg interesse
Eit anna interessant fenomen er interessa for LP i det norske helsevesenet. Ifølgje Phil Parker Group har omtrent 15 av dei 57 nordmennene som har teke instruktørkurset i Storbritannia, bakgrunn som lege, psykolog, sjukepleiar eller andre yrke i helsevesenet. Helsedirektoratet har betalt 100.000 kroner for at ein fysioterapeut skulle bli ta kurs som LP-instruktør. Også NAV har gjeve støtte til folk som ville ta instruktørutdanning i Lightning Process.

Trua på metoden i det norske helsevesenet har òg gjeve seg direkte utslag overfor dei ME-sjuke. Medisinprofessor Ola Didrik Saugstad har registrert ein tendens til at både fastlegar og NAV-kontor rår ME-sjuke til å ta kurs i Lightning Process.

– Somme NAV-kontor har nærast forlangt at folk prøver eit Lightning Process-kurs før dei kan få uføretrygd. Det høyrer sjølvsagt ingen stad heime. Dette er inga dokumentert behandling, seier Saugstad til Dag og Tid.

Kva kjem det så av at denne metoden har fått eit så ekstremt gjennomslag i Noreg, samanlikna med alle andre land? Vegard Bruun Wyller, som er av dei forskarane som meiner LP kan ha noko for seg, er i villreie.
– Det har eg ikkje peiling på. Eg visste faktisk ikkje at det var slik. Eg har inga spesiell forklaring på dette, men Lightning Process har hatt sterke talspersonar i Noreg, særleg Live Landmark. Det har nok betydd mykje for at dette har fått eit slik omfang i Noreg.

– Kva kan det kome av at metoden har fått slik aksept også i det offentlege helsevesenet i Noreg?
– Eg veit ikkje kva det kjem av heller. Men mange opplever nok at dette har interessante trekk, og det ser ut til å vere ein ganske høg førekomst av ME i Noreg, sjølv om tala er usikre. Inntrykket frå helsevesenet er i alle fall at problemet er ganske stort, og mange er desperate etter å finne noko som kan hjelpe.

Journalist og forfattar Jørgen Jelstad meiner dei mange oppslaga i media er ei hovudårsak til populariteten til Lightning Process i Noreg.
– Utbreiinga av dette i Noreg er heilt spesiell. Eg meiner norske journalistar ikkje har gjort jobben sin på dette feltet. Det har vore ekstremt mange ukritiske reportasjar. Media burde vore flinkare til å setje spørjeteikn og følgje opp sakene: Somme av dei som stod fram i media og erklærte seg friske etter LP-kurs, har jo blitt like sjuke att seinare, seier Jelstad.
– I tillegg har metoden fått eit slags godkjentstempel både frå somme forskarar og folk i helsevesenet.

Også Jelstad meiner innsatsen til Live Landmark har vore viktig for utbreiinga til LP i Noreg.
– Ho har vore svært flink til å få medieoppslag og å drive nettverksbygging.
Live Landmark sjølv ønskjer ikkje å kommentere kva rolle ho har spelt for populariteten til LP i Noreg.

– Interessant fenomen
Kva meiner så opphavsmannen sjølv om at metoden hans er så stor i Noreg?
– Det er eit interessant fenomen at LP generelt har blitt ønskt så velkomen av den norske ålmenta, skriv Phil Parker i eit e-brev til Dag og Tid. Han skriv at den første norske kursdeltakaren var ein tenåring som kom til Storbritannia i rullestol kring 2006.
– Ho drog heim utan rullestolen nokre dagar etter og har vore frisk sidan, og nyheita spreidde seg i lokalsamfunnet. Det uvanlege med Noreg er at også andre sjuke byrja å reise over for å sjå om dei kunne få hjelp. Eg veit ikkje om det er ein del av den norske mentaliteten å vere svært handlekraftig og proaktiv, men det er en svært interessant og positiv respons, skriv Parker.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake