Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Folkehelsa inn i mystikken

Av Per Anders Todal
,  02.11.12


Folkehelseinstituttet bed om ni millionar kroner for å studere den omstridde metoden Lightning Process, som somme meiner kan kurere ME. – Ei tragisk feilprioritering, meiner medisinprofessor Ola Didrik Saugstad.

Truleg er ingen sjukdom i dag meir omstridd enn myalgisk encefalomyelitt (ME), òg kalla «kronisk utmattingssyndrom». Det er usemje om det meste: diagnostikk, årsak, utbreiing og behandling. ME startar ofte i etterkant av infeksjonar, men nokon utprøvd medisin eller behandlingsmåte finst ikkje. Fleire tusen nordmenn har denne diagnosen i dag, og mange av dei er heilt uføre. Dei sjukaste ME-pasientane ligg stille i mørke rom, dei har store smerter og toler verken lys eller lyd.

Sjukdomen er lite forska på og dårleg forstått. No har Folkehelseinstituttet søkt Forskingsrådet om ni millionar kroner til å forske på effekten av Lightning Process (LP) – «Lynprosesssen» – ei form for tanketrening som somme hevdar kan kurere ME på svært kort tid. Men søknaden har vekt protestar, for også Lightning Process er intenst omstridd.

Metoden er utvikla av den britiske osteopaten Phil Parker, og består av eit kurs på 12 timar over tre dagar. Prisen for kurset er i Noreg 15.000 kroner. På kurset lærer folk tanketeknikkar som ifølgje Parker kan kurere ikkje berre ME, men òg mellom anna psoriasis, matintoleranse og sceneskrekk. I innføringsboka The Lightning Process – The Complete Strategy For Success hevdar Parker òg at «aksjemeklarar har dobla innteninga si» ved hjelp av metoden, og «popstjerner har blitt i stand til å lage platene dei alltid har drøymt om».

Likevel er det først og fremst dei ME-sjuke som har oppsøkt Lightning Process, og dei siste åra har det florert av historier i media i Noreg om sjuke menneske som har opplevd stor betring ved hjelp av metoden. No ønskjer altså Folkehelsa å bruke ni millionar på å studere teknikken, med eit utval på 200 ME-sjuke personar. LP-instruktør Live Landmark, den fremste talpersonen for Lightning Process i Noreg, er tiltenkt ei rolle i forskargruppa.

Blanda erfaring
– Mange har prøvd desse kursa, men det er heilt uavklart kva effekt metoden har og kva biverknader han kan gje. Vi ønskjer å vurdere om dette er noko helsevesenet bør ta inn som ein del av behandlingstilbodet sitt, seier divisjonsdirektør Per Magnus ved Folkehelseinstituttet.

– Kva kunnskap har de i dag om effekten av Lightning Process på ME-sjuke?
– Det er nesten ingen tilgjengeleg kunnskap. Men mange i Noreg lir av ME – kring 5000 har fått denne diagnosen ved norske sjukehus dei siste fire åra. Vi ønskjer meir kunnskap om både årsak og behandling. Vi har fått mange innspel frå personar som har opplevd god effekt med Lightning Process, og ein del som seier det ikkje har effekt.

Dette brokete biletet finn ein òg ved å gå gjennom medieoppslaga om Lightning Process og ME. Dei siste åra har det vore ei lang rekkje gladsaker i norske aviser med titlar som «Syk i to år, frisk på tre dager».

Men det har òg kome fram at ikkje alle har like gode erfaringar. Leiar i ME-foreningen, Anette Gilje, lege og bloggar Maria Gjerpe og tidlegare Hydro-direktør Lars Th. Narvestad er tre døme på ME-sjuke som har fortalt at Lightning Process-kurset gav ein mellombels opptur, før dei vart enda sjukare att. «Til slutt ble det direkte helsefarlig for meg å følge LP-filosofien», sa Narvestad til Aftenposten i 2009.

Positiv tenking
Om ein les det Phil Parker sjølv har skrive om Lightning Process, verkar det pussig at dette er noko Folkehelseinstituttet vil bruke millionar på. Innføringsboka hans framstår som ei typisk sjølvhjelpsbok, full av positiv tenking og mirakuløse historier. «ME er lett å bli frisk av», hevdar Parker. Han forklarer ME som ei form for stressjukdom som fører til feilregulering av kortisol- og adrenalinnivåa i kroppen. Per Magnus ved Folkehelseinstituttet vil ikkje gå god for teorien, og viser til at det ikkje finst vitskapleg litteratur om Lightning Process.

– Har du sjølv lese det Phil Parker har skrive om forklaringa av ME?
– Nei. Eg har lese ting frå LP-instruktørar som kanskje stammar frå Parker, men har ikkje lese mykje av Parkers skrifter.

– Parker har hevda at kring 90 prosent av dei ME-sjuke som tek kursa hans, blir symptomfrie. Verkar dette truverdig?
– Det kan vi ikkje ta stilling til før det er gjort kliniske forsøk, seier Magnus.

– Feilprioritering
Usemja om Lightning Process er knytt til den store vitskaplege usemja om ME: Er dette ein psykosomatisk sjukdom, eller er det ein fysiologisk sjukdom?
Medisinprofessor Ola Didrik Saugstad ved Rikshospitalet meiner mykje tyder på at ME er ein autoimmun sjukdom, utløyst av infeksjonar. Saugstad har engasjert seg på vegner av dei ME-sjuke i Noreg. Han er kritisk til den sterke posisjonen til dei psykosomatiske forklaringsmodellane, og meiner det er feil prioritering å bruke ni millionar på ein Lightning Process-studie.

– Det er tragisk om Forskingsrådet vel å bruke ni millionar på LP-forsking når vi veit kor viktige slike midlar kan vere for å finne dei verkelege årsakene til ME. Det er ei fullstendig feilprioritering. Dette feltet skrik etter biologisk forsking, seier Saugstad.
– Ni millionar er ganske mykje pengar. Ein får gjort mykje bra biologisk forsking for den summen.

Saugstad viser mellom anna til forskinga som Olav Mella og Øystein Fluge driv ved Haukeland Sjukehus. Dei har fått lovande resultat ved å behandle ME-pasientar med kreftmedisinen Rituximab, som dempar aktiviteten i delar av immunsystemet. Dei to treng store midlar for å kome vidare med forskinga si.

– Eg er heilt samd i at vi treng meir biologisk forsking. Men dette er ikkje noko anten-eller. Vi bør vere opne og nyfikne, svarer Per Magnus ved Folkehelseinstituttet.
Den planlagde studien på LP tyder ikkje at leiinga ved FHI ser på ME som ei psykosomatisk liding, forsikrar Magnus.
– Eg har inga meining om kva som er årsaka til ME. Men eg trur det er både biologiske og psykiske faktorar i dei fleste sjukdomar.

– Er det vanleg at Folkehelsa vil satse så mykje på å forske på ein metode med så alternativt preg som Lightning Process?
– Nei, eg trur ikkje det er vanleg. Eg kan ikkje hugse noko liknande i farten, seier Magnus.

– Ikkje vitskap
Ola Didrik Saugstad er ikkje negativ til Lightning Process i seg sjølv. Han har vore observatør på LP-kurs, og har tidlegare rådd folk til å prøve metoden.
– Vi veit ikkje så mykje om LP, anna enn at ei rekkje einskildpersonar har rapportert at dei har hatt glede av det. Så veit vi ikkje så mykje om kor mange som har fått tilbakefall, og kor mange som verkeleg har blitt betre, seier Saugstad.
– Eg utelukkar ikkje at nokre med ME har utbyte av metoden. Men for andre kan det vere svært uheldig.

– Den uvissa er jo eit argument for å studere dette?
– Ja. Men om det er rett å prioritere slik forsking, er eit anna spørsmål.
Teorigrunnlaget for Lightning Process er svært tynt, meiner Saugstad.
– Dette er ikkje vitskap i det heile. Og eg har aldri trudd på at folk blir friske av ME ved hjelp av Lightning Process. Men for dei som har større kapasitet enn dei innser, kan nok LP gje mot til å reise seg.

– Viktig og bra
– Ideen om å forske på Lightning Process og ME er veldig viktig og bra, meiner Vegard Bruun Wyller, som er ein av dei mest sentrale ME-forskarane i Noreg. Wyller ser på ME som ei form for stressliding – ikkje stress i tydinga «mykje å gjere», men ei kronisk aktivering av stressresponsane i kroppen. Han har òg uttalt seg positivt om LP-kurs for ME-sjuke, og er ein av få forskarar som Phil Parker siterer på nettsida si: Wyllers teori «samsvarer bra med teoriane som ligg til grunn for Lightning Process», heiter det der.

– Vi veit at mange har opplevd Lightning Process som nyttig. Og all forsking som kan kaste lys over ME, er av det gode, seier Wyller. Han meiner mange set eit kunstig skilje mellom psyke og kropp i debatten om ME.
– Det er ingen motsetnad i at ME er ein biologisk sjukdom og at LP kan ha positiv effekt.

Wyller synest måten han blir sitert på nettsida til Phil Parker er heilt grei.
– Eg står inne for sitatet. Men eg har aldri sagt at LP er ei dokumentert behandling, eller at det løyser alle problem.
– Kva har du lese av Phil Parker om det teoretiske grunnlaget for metoden?
– Eg har ikkje lese veldig mykje av arbeida hans. Måten han grunngjev og formulerer ting på, er fjernt frå skulemedisinen, og eg har ikkje gått god for presentasjonen hans eller effekten av LP. Men det er tankar der med eit visst slektskap med det eg tenkjer.

Vegard Bruun Wyller vil ikkje gå god for Parkers påstandar om at 9 av 10 kursdeltakarar er frie for ME etter tredagarskurset.
– Lightning Process er veldig overseld, og det er synd Parker ikkje er meir jordnær i marknadsføringa si. Men sjølv om dette er overseld og kommersielt, treng det ikkje å vere visvas. Det kan vere ei kjerne her som er viktig å finne ut av, meiner Wyller.
Også dei som er kritiske til LP, bør sjå verdien av å forske på metoden, meiner Wyller.
– Også om dette er berre sludder og vås, har det jo verdi for ME-pasientane å finne ut av det.

Skuldkjensle
– Eg synest det er rart at vitskapsfolk og legar har gjeve LP eit slags godkjentstempel utan at dei har sett seg inn i kva LP faktisk er, og utan å lese bok til opphavsmannen Phil Parker, seier Jørgen Jelstad. Han er journalist og gav i fjor ut boka De bortgjemte, den mest omfattande boka om ME på norsk.

– Eg skal ikkje underslå at eg har snakka med folk som har hatt effekt av LP. Og det er for så vidt interessant å finne ut kvifor det har slik verknad på somme. Men Phil Parker hevdar at LP òg har god effekt på folk med multippel sklerose. Likevel er det ingen som foreslår å forske på effekten av Lightning Process for MS-sjuke. Dette fortel noko om norske fagpersonar sitt syn på kva slag sjukdom ME er.

– Men all forsking på ME er vel av det gode?
– Ja, men eg meiner andre ting bør prioriterast først. Forskinga ved Haukeland har mykje større potensial for å forklare ME.
Jelstad er skeptisk til kva effekt retorikken kring Lightning Process har på synet på dei ME-sjuke.
– Mange ME-pasientar blir vonbrotne og opplever skuldkjensle fordi dei ikkje «får det til» med LP. Når folk hevdar at ein kan bli frisk på tre dagar, blir det lett å seie at det ikkje kan vere så alvorleg.

Fryktar forverring
– I utgangspunktet synest eg det er bra at det blir forska på Lightning Process for ME-pasientar. Men vi veit at folk med ME kan bli mykje sjukare av LP, og det gjer meg uroleg, seier Anette Gilje, leiar i ME-foreningen.
Ho har sjølv hatt dårleg erfaring med LP-kurs, men legg meir vekt på ei undersøking foreininga har fått laga ved hjelp av sjølvrapportering: Av dei 168 ME-sjuke som rapporterte til foreininga at dei hadde prøvd LP, sa nær 47 prosent at dei hadde blitt dårlegare, medan 21 prosent sa dei var blitt betre.

– Men heller ikkje denne undersøkinga er vitskapleg utført. Hadde det ikkje vore bra å gjere ei ordentleg undersøking og få sikrare kunnskap?
– Kanskje, men eg er usikker på om det er rett å forske på folk når dei kan bli sjukare av å delta. Eg håpar at Folkehelseinstituttet i så fall er ansvaret sitt medvite.

Også Gilje meiner det er viktigare å prioritere den medisinske forskinga ved Haukeland. ME-foreningen skal no starte ein innsamlingsaksjon for å skaffe pengar til ein større Rituximab-studie i Bergen.

Villeiande reklame
I august i år slo britiske Advertising Standards Authority (ASA), eit tilsyn som skal slå ned på uetisk reklame, fast at nettsida til Phil Parker Group, www.lightningprocess.com, inneheldt udokumenterte påstandar og villeiande marknadsføring. ASA meinte at nettsida gav klart inntrykk av at Lightning Process var effektivt mot fleire helseplager, og gav beskjed til Phil Parker Group om at dei ikkje kunne kome med medisinske påstandar utan solid dokumentasjon.

Til Dag og Tid skriv Parker dette om saka i ein epost:
– Vi er sterkt usamde i i at påstandane våre på noko vis var villeiande, men som profesjonell organisasjon følte vi at hadde ansvar for å følgje oppmodinga om å endre nettstaden, skriv Parker.
Han skriv òg at nettsida viste til «mengder av uavhengig dokumentasjon» av at LP kunne hjelpe folk med helseplager.

– Du har hevda at «ME er lett å bli frisk av». Mange pasientar og legar vil vere usamde i det. Står du framleis ved påstanden?
– Eg ville heilt klart meint at «det ikkje er lett å bli frisk av ME» før eg byrja å arbeide med LP. Men som følgje av dei endringane som eg og mange pasientar og legar har sett, er det synet i ferd med å bli utdatert, Og det må jo vere godt nytt.

Når det gjeld effekten på ME, viser Parker til sin eigen statistikk:
– Av 1092 kursdeltakarar som sa dei hadde ME, opplyste 888 (81,3%) at dei ikkje lenger hadde dei problema dei kom med på dag 3 av LP-kurset.


OM SAME TEMA:
– Eg har verdas beste jobb (intervju med Live Landmark).

Lightning Process, eit særnorsk fenomen




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake