Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Band som utforskar rocken

Av Øyvind Pharo
,  09.11.12


Bak tilsynelatande kvardagslege dialekttekster lagar Hellbillies sin eigen djerve syntese av country og sørstatsrock

Country
HELLBILLIES:
Tretten
EMI

Dei dialektsyngjande countryrockarane frå Ål viser at dei på album nummer tretten, tjue år etter platedebuten, har teke vare på gløden, gnisten og spelegleda. Albumet har ei passe blanding av sødmefylte balladar og drivande up-tempo song­ar, godt forankra i dei sikre tekstene til Arne Moslåtten, som vekslar frå det såre til det sjølvironiske.

Dette er eit band som utforskar stor rock’n’roll, både i form av tema i songane, oppbygging av låtane og den lidenskaplege spelemåten. Grunnakkorden på albumet kjem frå den vare opnings­låten «Reise i lag med deg», skriven til minne om eldstebroren til Haugen-brørne, Arne Sigurd, som omkom i ei trafikkulukke i fjor.

«Pille med bråk» blir såleis ein kontrast, som ein vill song om kaoskreftene rundt oss og i oss, med ein inneklemd ragaliknande gitarsolo i stil med Clarence White på The Byrds’ banebrytande plate The Notorious Byrds Brothers frå 1968.

Kjærleikssongen «Kom te meg» med hulkande slutt­akkord på steelgitar er som skreddarsydd for Bonnie Raitt. Kanskje ho kan gjere han med Hellbillies? Den rastlause mannen i «Maset» er som ein Springsteen-karakter, og noko av det same kjem fram i «Det ingen andre ser», eit stykke heavy sørstatsrock med patosfylte Allman Brothers-takter rundt hammondorgel, tunge bluesriff og svimlande gitarimprovisasjonar.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake