Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


– Røkke handlar som venta

Av Per Anders Todal
,  09.11.12


Det er inga overrasking om Røkke vil kome unna leveringa til landanlegga. Politikarane burde ha lært at det er hasard å satse på filetindustrien, meiner Ottar Brox.

Kjell Inge Røkke og Aker Seafoods fekk hard kritikk i ein dokumentar på NRK denne veka. Selskapet har fått mange trålkvotar mot å levere og bearbeide fisk ved fabrikkar i Nord-Noreg. Røkke ønskte å leggje ned fleire av anlegga og selje meir fisk til utlandet, men vart driven til retrett.

Sosiologen Ottar Brox åtvara tidleg mot at Røkke skulle få fiskekvotane. «Man må være grenseløst naiv for å tro at Røkke sikrer seg kvoter for å lage fiskepinner i Nord-Norge, sa han til Dagbladet i 2001.

– Slike fiskekvotar som Røkke har, er som å eige eit fossefall eller ei oljekjelde, om kvotane ikkje er tidsavgrensa så dei går attende til fellesskapen, seier Brox i dag.

– Du er ikkje overraska over at Røkke vil kome seg unna pliktene sine ved foredlingsanlegga?
– Nei, ønsket hans om å kvitte seg med forpliktinga til lokalsamfunna er heilt rasjonelt. Å drive fiskeindustri i Finnmark er usikkert og lite lønsamt, spesielt fordi råstofftilgangen varierer.

– Men koplinga av kvotane til landanlegga skulle jo løyse problemet med råstofftilgangen?
– Ja, men Røkke får vesentleg betre pris for fisken ved å selje han ubearbeidd til utlandet. Det er det som tel for han.

– Du har i alle år kritisert satsinga på dei store filetfabrikkane. Slik sett er du og Røkke ganske samde. Det er vanskeleg å få denne industrien til å løne seg i Noreg?
– Fiskeforedling på samleband er berre marginalt lønsamt i Finnmark, det er ikkje til å kome forbi. Det var ei feilvurdering å leggje opp til at det skulle vere like mykje fisk på kaia kvar dag. Det er i strid med naturvilkåra. Kystfiskarane kan tene like mykje på ein kort, intens sesong på sjøen som dei kan på eit år på filetfabrikken. Det naturlege i Vardø er å jobbe lange dagar og netter i sesongen, og spele volleyball og syngje i kor om vinteren.

– 90 av 100 fiskeforedlingsanlegg er nedlagde i Noreg dei siste 40 åra. Det fortel noko om lønsemda?
– Ja, det er vanskeleg å få lønsemd i dette om ein ikkje innrettar verksemda si fleksibelt.

– Arbeidet på filetfabrikkane verkar ikkje særleg attraktivt for nordmenn. Over ein tredjedel av arbeidskrafta ved fabrikkane er importert?
– Det er eit klart teikn på ei feilutvikling. Ein må finne folk som ikkje har dei same alternativa som nordmenn har, til å jobbe på fileten. Samtidig har politikken stengd mykje av den nordnorske ungdomen ute frå det lønsame kystfisket.

– Men lokalpolitikarane i Hammerfest, Mehamn og andre stader kjempar for foredlingsanlegga. Dei vil berge arbeidsplassane i kommunane sine?
– Det er klart. Og dei trudde jo at dei hadde taket på Røkke på grunn av leveringsplikta. Men no kjenner Røkke seg så trygg i salen at han trur han kan presse styresmaktene bort frå krava som følgde konsesjonane.

– Gjer ikkje dei nordnorske politikarane det beste for lokalsamfunna sine?
– Dei burde ha lært kor hasardiøst det er å satse på denne industrien. I Mehamn har drifta stogga opp gong på gong, og kvar gong har den nye eigaren fått ta over anlegget billegare enn den førre.

– Aker Seafoods har berre 11 prosent av den norske torskekvoten. Er det fare for å stire seg blind på Aker fordi det er så spennande med Røkke?
– Det er alvorlegare ting enn avisoverskrifter på spel her. Befolkninga i Finnmark har verdas rikaste naturgrunnlag rett utanfor kysten, og så har det blitt handtert så dårleg.

– Kva meiner du sjølv ein burde gjere?
– Det er farleg å kome med oppskrifter. Men eit forslag er å stille dei kvotane Røkke har til disposisjon for lokalbefolkninga i form av mannskvotar, og late folk ordne fisket lokalt som dei ville. Ein må gjere kvotane disponible for fiskarane i Finnmark.

– Kjell Inge Røkke sa i Brennpunkt-dokumentaren at det ikkje er fisk nok til alle. Men norske fiskeri er i ein gullalder. Fangstane har aldri vore større og lønsemda i fiskeria er skyhøg?
– Ja, når denne grunnrenta er gjeven til fiskebåtreiarane, og når den samla fangstinnsatsen er redusert til eit minimum, får denne kvoteadelen superprofitt.

– Men om det er strid om ressursane no, når fisket er strålande, blir det ikkje lettare neste gong torskebestanden får seg ein knekk?
– Det vil i så fall bli slutt på superprofitten. Men det vil òg bli enda vanskelegare å ta frå reiarane kvotane. Den raudgrøne regjeringa gjorde i det minste kvotane tidsavgrensa, og det kan liggje ei redning i det. Men investeringskappløpet i fiskeria pågår framleis. Det er mange enorme fiskefarty under bygging på Sunnmøre.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake