|
|
Definitivt ikkje historia om 22. juli Av Kaj Skagen, 02.11.12 Boka til Aage Borchgrevink vert marknadsførd som «den definitive historien om 22. juli», men det tynne faktagrunnlaget er feita opp med fiksjon. SAKPROSA Aage Borchgrevink: En norsk tragedie. Anders Behring Breivik og veiene til Utøya Gyldendal 2012 Aage Borchgrevink meiner at hovudårsaka til massakrane i Oslo og på Utøya er at Anders Behring Breivik ikkje vart teken frå mora og sett i fosterheim tidleg i 1980-åra. Forfattaren hevdar at mora utsette Breivik for emosjonell mishandling med «en seksuell komponent». Både psykologane som observerte familien, barnevernet som styrde saka, og seinare dommaren som gav mora omsorgsretten for guten, skjøna eller burde ha skjøna dette. Fordomar om førerangen til mora i barnefordelingssaker og overtru på kva rolle den biologiske familien har, førde til at ein lét vera å gripa inn. Denne unnlatinga opna vegen direkte til Utøya. På vegen vert den komande katastrofen hjelpt fram av kjendisdraumar henta frå det meiningslause forbrukarsamfunnet og meiningstunge konspirasjonsteoriar frå mørke kjelder på internettet. Men den verkelege motoren som dreiv fram katastrofen, låg i endå djupare og mørkare lommer, fulle av halvhjarta «seksualisering» og heilhjarta kvinnehat. Reservasjonslaus tekst Boka hans er berre «et bidrag til den prosessen», nærast eit debattinnlegg, «et bidrag til diskusjonen om 22. juli». Samstundes presenterer forlaget boka som «den definitive historien om 22. juli», som det heiter på omslaget. Forfattaren vil gardera seg mot ein slik intensjon, men lukkast ikkje heilt. Reservasjonane er lagde inn, men i ein elles reservasjonslaus tekst, der forfattaren i sluttkapitlet står med «fasiten i hånden», himmelfallen over kor nær «løsningen» var. Dobbeltkommunikasjon Kor støtt kan denne saka stå når han som reiser henne, gjer det med utspente tryggjingsnett, fallskjerm og hjelm? Og kvifor vart boka send ut med den kjende psykiateren og suksessforfattaren Finn Skårderuds godkjenning på omslaget, mest som kjøtcentralens stempel på flesket, for å tryggja forbrukarane? Ei bok som treng slikt fagleg vern på utsida, manglar det kanskje på innsida. Denne mangelen pregar etter mitt syn denne boka. Forklaringsmodellane er for svære og teoretiske, og faktagrunnlaget for lite. Faktagrunnlaget Her var han saman med mora i tre veker. Fagfolka meinte av guten var «kontaktavverjande», men fann ikkje grunnlag for ein diagnose. Når dei likevel rådde til at guten skulle verta fråteken mora og sett i fosterheim, var det fordi dei meinte at mora fungerte dårleg som omsorgsperson, idet ho «forvirret gutten gjennom vekselvis å skyve ham vekk og trekke ham til seg», og «projiserer sine primitive aggressive og seksuelle fantasiar over [på] han». Mora er sjølv ei «borderline kvinne». Etter skilsmålet sov guten ofte «i mors seng med nær kroppskontakt». Naboar reagerte på at «moren ikke alltid tok seg av Anders, og at det forekom bråk i leiligheten som minnet om seksuell aktivitet mens barna var til stede». Dette var nok til at barnevernet stilte seg bak tilrådinga frå fagfolka om å setje guten i fosterheim. Denne prosessen stansa fordi faren kravde foreldreretten. Mora reagerte med å trekkje attende ønsket sitt om omsorgsovertaking, og saka hamna i retten. Dommen gjekk imot både psykologane og faren, og Anders vart verande hos mora, noko psykologane meinte kunne føra til «meir alvorlig psykopatologi». Men då barnevernet følgde opp familien med fleire besøk i 1984, var faresignala svekte, og saka vart lagd bort. Lèt uvissa fara Men dette var ikke berre mora si skuld, får vi vita. For bestemor til Anders hadde poliomyelitt, hamna i rullestol og klandra dottera for dette. «Det kunne dermed virke som om Anders Behring Breivik både hadde en genetisk disposisjon for psykiske lidelser på morssiden, og var en del av en kjede tilknytningsrelaterte forstyrrelser som strakte seg over generasjoner», skriv Borchgrevink. Tynt Heilt generelle utviklingstrekk henta frå faglitteraturen vert kopla tilbake til Breivik og mora. I tillegg dreg forfattaren inn fiktive personar frå verdslitteraturen og filmhistoria for å kasta ljos over Breiviks personlegdom. Skildringar av fiksjonpersonar får levera materiale som skal syna oss kva for eit menneske Breivik kanskje var. Slik vert det tynne faktamaterialet om Breivik feita opp med fiksjon. Psykiatrisk fantom På dette hypotetiske grunnlaget teiknar forfattaren Breivik som eit psykiatrisk fantom, ein «zombie», ein tom person, ein vestkant-varulv som Wilfred Sagen frå Johan Borgens Lillelord, ein «avatar» som Jake i filmen Avatar. Det er ein analyse som byggjer meir på fiksjon enn på fakta, fantastisk på overflata og banal i innhald, fortetta i setningar som passar med fasiten: «Det avviste barnet lagrer raseri og hat, omtrent som en trykkoker, og ved en gitt anledning kan det sprekke» (s. 51). Slik kan ein òg forklara alle krigar, alle skilsmål, all høgreorientering og alle drap sidan Kain slo Abel i hel. Romangenre Eit anna forteljeteknisk grep frå romangenren er dei parallelle historiene, der nokre av dei Breivik skal møta på Utøya, vert tidleg innførde. Her skriv Borchgrevink ein hagiografi over den norske arbeidarrørsla. Dei gode Dei norske sosialdemokratane er ein stor, moralsk blendakvit flokk, som under Støre og Stoltenbergs leiing vil forma om heile nasjonen til «det nye norske vi», ein multietnisk og regnbogefarga flokk med ein felles og «ny norsk identitet», ei moderne realisering av ideala frå den franske revolusjonen om fridom, likskap og brorskap for alle, «uansett opphav, rase, kjønn og religion», kanskje unnateke vampyrane på vestkanten (s. 202). Noko problem med sosialistisk politikk får ikkje plass i denne helgenlegenda. Modernisering og globalisering går føre seg utan problem i Noreg, berre med «voksesmerter» som forfattaren skriv. Stiginga i sjølvmordsraten, aukinga i skilsmålstalet, sysken med ulike foreldre og fleire heimar, tusenvis av unge utan utdanning eller jobb, omforminga av arbeidarklassa til trygdeklasse, grenseløysa i heimen og på skulen, etnisk konflikt, auka kriminalitet osb. finst ikkje. Idylliseringa Men den sentrale rolla kjønnet spelar i Breiviks manifest, ligg òg i sjølve naturen til den politiske saka hans. Han er i reaksjon mot ei kulturell modernisering som inneber ei individuell sjølvrealisering med sideverknader for tradisjonelle fellesskapssaker som nasjonalisme og familieverdiar. Men straks ein slik set nasjon og familie i sentrum, startar ein å gravitera mot spørsmål som etnisitet, demografi, reproduksjon og kjønnsroller. Det ligg i sakas natur. Dette ser ein ikkje berre hos Breivik og andre høgreekstreme, men òg i radikale islamistiske og militante kristne miljø. Det er ikkje naudsynt å vekkja opp att Sigmund Freud for å skjøna denne samanhengen. Psykoanalytisk reduksjonisme Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
« Tilbake |
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|