Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Illusorisk avkastning

Av Jon Hustad
,  02.11.12


Lite eller ingenting tyder på at Oljefondet vil nå målet om fire prosent avkastning i framtida.

OLJEFONDET
Handlingsregelen – er det noko Jens Stoltenberg kjem til å verta hugsa for, så er det handlingsregelen, og den seier som kjent at den norske staten i gjennomsnitt kan bruka fire prosent av Oljefondet kvart år. Kvifor nett fire prosent? Jau, av di det er den forventa gjennomsnittlege avkastninga av dei investeringane som Oljefondet gjer ute i verda. Fire prosent er bygd på historiske tal frå førre hundreår. Byråkratane i Finansdepartementet har enkelt og greitt rekna seg fram til kva ei liknande samansetjing av verdipapir som Oljefondet sit på, har gjeve av avkastning i moderne tid og forlengt avkastninga inn i framtida. Er det lurt?

Lat oss fyrst gå med på at historia har noko å seia for framtida. Og lat oss seia at dei trendane vi har sett i fortida, må halda fram i framtida for at framtida skal verta nokolunde lik fortida. Det er sjølvsagt ei nær umogeleg øving, men det er nett ei slik øving som ligg bak spådomen til Finansdepartementet og Noregs Bank.  

Folketal
Kva kjem fyrst, folketalsvekst eller økonomisk vekst? Svaret er sjølvsagt at folketalet ikkje kan veksa utan at økonomien veks, altså må ein viss økonomisk vekst koma i gang før vi får folketalsvekst. Men samstundes tyder ikkje det at folketalsvekst ikkje har påverknad på den økonomiske veksten, for kvart eit menneske er både ein potensiell produsent og konsument. Utviklinga har vore utruleg: I 1800 passerte vi éin milliard menneske, i 1920 to milliardar, og frå den andre verdskrigen og fram til no har folketalet vorte dobla. Trenden er ikkje snudd, men FN trur no at folketalet «berre» skal stiga med 50 prosent dei fyrste femti åra av dette hundreåret. I OECD-området, den rike delen av verda, ligg folketalsveksten an til å verta berre tre–fire prosent. Og i det området Oljefondet har investert mest i, Europa, kjem folketalet mest truleg til å gå attende. Det må nesten få konsekvensar.

Japan var det landet i verda som hadde størst økonomisk vekst i etterkrigstida. I 1990 kom vendinga. Folketalet byrja å stabilisera seg og er no på veg nedover. Japan har i dag den høgste statsgjelda i verda, rundt 250 prosent av den samla verdiskapinga, og både børsen og eigedomsmarknaden ligg i dag på om lag halvparten av dei prisnivåa dei hadde for 22 år sidan. Japanarane er no den eldste folkesetnaden i verda. I dag er 6,7 prosent av folkesetnaden i verda over 65. I 2050, seier FN, vil det same talet vera 16,2. I OECD-området vi talet på eldre gå frå 197 millionar til 334, om FN får rett.

Produktivitet
Enkelt sagt kjem økonomisk vekst frå to kjelder: fleire folk i arbeidsstyrken og at kvar einskild arbeidar kan laga ting og tang raskare, altså høgre produktivitet. Når det vert færre folk i arbeidsstyrken, må høgre produktivitet taka ansvaret for all økonomisk vekst. Problemet for Oljefondet er at produktivitetsveksten i dei landa dei har investert tyngst i, ser ut til å vera på veg ned. Robert Gordon ved North­western University i USA er ein av dei økonomane i verda som har forska mest på produktivitet. I ein ny artikkel, «Is US Economic Growth Over?», viser han klart og tydeleg at produktiviteten er på veg ned i den rike verda.

Om produktivitetsveksten per time i USA hadde halde fram som mellom 1950 og 1972, har Gordon rekna ut, hadde USA hatt ei verdiskaping i dag som ville vore ein tredjedel høgre enn ho er. Men det er kanskje ein umogeleg tanke. For på slutten av 1800-talet fekk vi ei rekkje nyska­ping­ar: forbrenningsmotoren, radio og telefon, elektrisitet, kjemikalium og petroleum. Det tok tid å forstå dei potensielle verkeområda for alt dette, men særleg då den andre verdskrigen kom, fekk desse teknologiane enorm spreiing, og dette er teknologiar som har vore langt viktigare enn datateknologien. Tak berre noko så enkelt som vatn gjennom røyr, tenk på alt slitet folk hadde med å bera vatn. Kva vil du helst ha om du måtte velja, spør Gordon, vassklosett eller alle dei tinga som har kome etter 2002, som til dømes smartphones og Apple-maskinar?

Reisetid
Eller for å taka eit anna døme: Kan menneske reisa raskare i framtida? Kanskje, men vi gjekk frå hest til jetfly på femti år, så stogga det opp. Jau då, produktiviteten har også gått opp dei siste tretti åra. Men samstundes har vi fått kvinner inn i arbeidslivet, betre utdaning og betre helse. Problemet er berre at desse positive effektane i all hovudsak alt er tekne ut i den rike delen av verda.

Eit tredje problem er velferdsstaten, som folk med gode grunnar elskar. Den har òg fleire innebygde problem: For det fyrste pressar han ut marginal arbeidskraft; lågproduktive kan arbeida for lita løn eller alternativt: dei kan meir eller mindre velja å gå over på trygd. Medan stadig fleire kvinner har kome ut i arbeid i dei rike landa, har trenden for menn vore rakt motsett: Ja, det er framleis langt fleire menn enn kvinner som arbeider, men i alle rike land arbeider menn klårt mindre enn for éin generasjon sidan.

Ein sentral del av velferdsstaten er helsestellet. Helsestellet fører til at stort sett alle lever leng­­er. Folk som lever leng­er, treng meir omsorg, omsorg som før vart gjeven i familien. Omsorgsarbeid er eit yrke med låg produktivitetsvekst, omsorg vert betre di lengre tid kvar klient får per omsorgsarbeidar. Eldrebylgja har i hovudsak tre negative effektar for den økonomiske veksten: Ho fører til høgre pensjonsutbetalingar, ho fører til færre arbeidarar, og ho fører til at stadig fleire av dei stadig færre arbeidarane må inn i omsorgssektoren.

Desse færre arbeidarane må finansiera alderspensjonane. I USA, eit område Oljefondet har store investeringar i, var det i 1970 4,3 arbeidarar per pensjonist, 3,6 i 2010, og trenden seier 2,4 i 2050. I Frankrike reknar ein med 1,9 arbeidarar per pensjonist i 2050, i Italia og Tyskland 1,5 og i Japan 1,2. Dette er statar som Oljefondet har og skal ha store investeringar i framover.

Meir skuld
Utviklinga må i utgangspunktet føra til dramatisk auka gjeld. Gjeld har verda opplevt før, særleg etter den andre verdskrigen. Den gjelda inflaterte dei krig­førande nasjonane bort. Dei som lånte ut pengar til dei allierte under krigen, tapte om lag halvparten av det dei lånte ut. Alt no har fleire statar like mykje gjeld som i 1945, 40 prosent av investeringane til Oljefondet er i gjeldspapir, særleg statsobligasjonar. Om aldersrelatert forbruk over offentlege budsjett held seg som no og fødselstala ikkje går dramatisk opp, har ratingbyrået Standard & Poor’s rekna seg fram til at OECD-landa vil gå frå ei gjeldsgrad på om lag 100 prosent av BNP i dag til 329 prosent i 2050.

Det kjem sjølvsagt ikkje til å skje, sidan ingen vil låna ut så mykje pengar. Då står ymse regjeringar andsynes tre val: å trykkja stadig nye pengar, som vil føra til inflasjon og minus­avkastning på investeringar, konkurs for å sletta statsgjeld eller dramatiske kutt i offentlege budsjett, som igjen vil føra til generell nedgang i økonomien. Alle desse tre alternativa vil per definisjon få store negative konsekvensar for Oljefondet.

Ingenting av dette tyder at Oljefondet er negativt for Noreg, det tyder berre at avkastninga mest truleg vert lægre enn fire prosent. Dessutan vil Noreg ikkje på lang tid enno måtta byrja å taka opp lån for å finansiera velferdsstaten, det vil òg framleis gå lang tid før vi må gå gjennom dei kutta som stort sett alle andre rike land alt har byrja på.

Men nett olje er òg eit problem for den internasjonale veksten. For eitt er dei fleste økonomar og økonomiske historikarar samde om: Økonomisk vekst er avhengig av effektiv bruk av energi, og denne effektiviteten er på veg ned. Det er fleire grunnar til dette, men ein av hovudgrunnane er at dei som produserer olje, må nytta stadig meir energi for å få ut den same mengda olje som før.

For rask takt
Menneske har alltid nytta den energikjelda som er lettast å få tak i, fyrst tre, så kol, så olje. Lite eller ingenting tyder på at verda vil gå tom for hydrokarbon på lang, lang tid enno. Men dei hydrokarbona vi finn, ligg stadig oftare på vanskelege plassar med dårlege produksjonstilhøve. Oljen som vart funnen i 1930-åra, gav hundre gonger så mykje energi som det måtte nyttast for å pumpa han opp, oljen som vart funnen i 1970-åra hadde ein ratio på 30 til 1, oljesanden i Canada og såkalla «fracking» ligg no på 7 til 1.

Som forfattaren Philip Coggan peikar på i den seinaste boka si, Paper Promises, kan dette få uheldige konsekvensar, for denne utviklinga er det motsette av produktivitetsvekst, dette er nedgang. Coggan viser til Moores lov som seier at kapasiteten til ein mikroprosessor vert fordobla kvar attande månad, og at det er ein av grunnane til den produktivitetsveksten verda trass i alt har sett dei siste førti åra. Her står vi overfor ein av verdas dominerande økonomiske sektorar, olje, som altså går i radikalt motsett lei.

Når olje vert dyrare å taka ut, tyder det rett nok at oljeprisen går opp også på felt som er enkle å taka ut olje frå. Det er sjølvsagt ein føremon for Noreg, men det opnar for den litt frustrerande tanken at Noreg kanskje tok opp oljen sin for fort og for tidleg. Vi hadde tent meir på å venta, og dei nye felta vi har funne, krev mykje energi for å verta utnytta. Dei som planla oljealderen for Noreg, såg då også føre seg langt lægre utvinningstempo enn det som vart fasiten. Som Hermod Skånland, den tidlegare sjefen for Noregs Bank sa alt i 1988: at den politiske leiinga «omhyggelig staket ut en kurs, og deretter straks la i vei i en annen retning».

Varig nedgang
Isolert sett er oljen neppe ei ulempe for Noreg, men mykje tyder på at han i framtida ikkje vert den velsigninga vi vona på. I dag meiner korkje SSB eller Noregs Bank at staten kan bruka fire prosent av Oljefondet kvart år i framtida. Men ei eventuell endring av handlingsregelen er det berre dei folkevalde som kan gjennomføra. Når det kjem til internasjonal avkastning på investeringane, har derimot norske politikarar ingenting å seia.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake