Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


– Eg har verdas beste jobb

Av Per Anders Todal
,  02.11.12


Lightning Process (LP) kan samanliknast med slankekurs, meiner kurshaldar Live Landmark: Resultatet er opp til den einskilde. Men ho vil ikkje slå fast at teknikken kan kurere ME.

Live Landmark er frontfiguren for Lightning Process i Noreg. Den tidlegare VG-journalisten hadde sjølv diagnosen ME og var sjuk i fire år, inntil ho tok eit tredagars kurs hos Phil Parker i 2007 og erklærte seg frisk nesten umiddelbart. Ho har skildra dette i boka Vekk meg når det er over. Landmark gjekk rett i gang med opplæring som LP-instruktør, og heldt sine første kurs i Noreg i 2008. Ho har sjølv rettleia kring 1000 personar, inkludert pårørande og ledsakarar. Landmark er tiltenkt ein plass i forskargruppa for LP-studien til Folkehelseinstituttet, om den blir noko av.

Noko av kritikken mot den planlagde studien er merkeleg, synest Landmark.

– Først kritiserer folk LP fordi det ikkje er dokumentert. Så skal kanskje effekten dokumenterast vitskapleg, men da vil dei ikkje det heller.

– Hovudargumentet er vel at pengane kunne vore brukte på medisinsk forsking?
– Men eg trur merksemd kring denne gruppa er positivt uansett. Eg ønskjer jo at det kjem pengar til ein Rituximab-studie òg. Eg er positiv til alt som kan hjelpe. Og det er jo ikkje slik at om det blir pengar til ein LP-studie, blir det ikkje pengar til ein annan studie.

Uviktige premissar
– Ifølgje Phil Parker bygger Lightning Process på ein teori om at ME er forårsaka av stress i det sympatiske nervesystemet. Dette er veldig usikkert?
– Ja, det er ein teori.

– Andre teoriar hevdar ME botnar i eit problem i immunsystemet. Har det noko å seie for verdien av LP om desse teoriane viser seg å stemme?
– Nei.

– Effekten avheng ikkje av at teorien som ligg i botnen, er rett?
– LP handlar om å endre sinnstilstand. Og det gjeld uavhengig av om du har den eine eller andre utfordringa i fysiologien.

– Å endre sinnstilstand verkar openbert på psykiske lidingar, men neppe på kreft. Det spelar jo ei rolle kva liding folk har?
– Ja, så utfallet kan variere. Somme som brukar LP, har alvorlege underliggande sjukdommar, men dei brukar metoden for å få betre livskvalitet. Du kan få det betre ved å påverke tankar, kjensler, sinnstilstand og fysiologi.

– I medisinen diskuterer dei framleis om ME er ein psykosomatisk eller somatisk sjukdom. Dette pregar òg syna på behandlinga. Har den diskusjonen ingen konsekvensar for verdien av LP?
– Nei, fordi LP ikkje er ei behandling for ME.

– Kan LP vere nok til å bli heilt frisk av ME?
– Det vil forskinga vise. Vitskapen veit jo ikkje kva ME er, så eg kan ikkje påberope meg fasiten.

– Hardt arbeid
Så til det store spørsmålet: Kor mange av dei ME-sjuke som har teke LP-kurs har blitt friske? Phil Parker har sjølv hevda at 86 prosent av dei ME-sjuke på kursa hans var symptomfrie etter tre dagar.

– Det er ikkje eit tal eg forheld meg til. Eg forheld meg til mine eigne tal, seier Landmark.

– Parker hevdar at det er lett å bli frisk av ME. Er du samd i det?
– Eg kan berre snakke for meg sjølv. Eg levde med diagnosen i tre år og det var hardt arbeid å kome attende for fullt.

Sjølv viser Landmark til ei evaluering ho har fått gjort blant eigne kursdeltakarar i 2008, der 96 prosent fortalde om «betydelig økt livskvalitet» fire månader etter kurset. Men Landmark vil ikkje seie noko om kor mange av dei ME-sjuke kursdeltakarane hennar som har erklært seg friske etterpå.

– Ut frå regelverket for alternativ behandling har eg ikkje lov til å uttale meg om «sjuk» eller «frisk» i høve til ein definert diagnose. Eg er meir oppteken av om folk får høgare livskvalitet og auka aktivitetsnivå. Det er vanskeleg å seie om ein er sjuk når ein ikkje kan påvise sjukdom, og for somme er det vanskeleg å seie at ein er frisk om ein framleis har symptom. Eg òg har framleis symptom av og til, men oppfyller ingen diagnosekriteriar.

– Somme opplever stor framgang etter LP-kurs, andre blir sjukare. Kva kjem dette av?
– Det du refererer til, er berre einskildståande anekdotar og det er difor vi ønskjer å forske på dette.

Verdas beste jobb
– Ser du nokon etiske problemstillingar ved verksemda di som LP-instruktør?
– Eg synest eg har verdas beste jobb. Det er fantastisk å kunne vise folk i kva grad dei kan påverke si eiga helse.

– Ser du ingen fare for at du gjev alvorleg sjuke folk håp som det er usikkert grunnlag for?
– Vi har samtalar med kursdeltakarane på førehand og forklarer tydeleg korleis kursa går føre seg og kva teoriar som ligg til grunn, så dei skal vere mest mogleg førebudde.

– Men i boka di og i avisinnlegg gjev du døme på mirakuløse forbetringar. Folk som har vore sengeliggande i årevis, reiser seg som Lasarus etter litt kort kursing frå deg. Slike historier skaper håp?
– Bak alle suksesshistoriene ligg det langvarig og hardt arbeid i etterkant.

– Du fortel om folk som er sengeliggande og får mat gjennom sonde, og etter at du har snakka til dei i ein time, skjer det utrulege ting.
– Ja er det ikkje fantastisk? Det seier noko om at helsevesenet kanskje burde ha gjort noko for desse.

Som å slanke seg
– Du går ganske langt i å seie at det er opp til dei ME-sjuke sjølve om dei vil bli friske?
– Kor seier eg det?

– I boka di skriv du at «resultatene er opp til hver enkelt». Er det så enkelt?
– Det er opp til kvar einskild på same måte som ein må gjere ein innsats for alt nytt som ein skal lære seg. Men vi er utstyrte ulikt, både fysisk og psykisk. Somme tek ting fort, andre brukar lengre tid.

– I boka di skreiv du om dei som får tilbakefall etter LP-kurs: «Det er som å gå på et slankekurs og la være å følge den fastsatte dietten. Da er det mulig å føle seg mislykket.» Er det ein god parallell?
– Ja.

– Men reduserer du kaloriinntaket nok, veit du at du går ned i vekt. Det er ikkje sikkert at alle kan kurere seg sjølve for ME med LP?
– Det er eg samd i. Eg trur ikkje at LP vil hjelpe alle med ein ME-diagnose. Eg trur det er fleire vegar inn i ein ME-tilstand og fleire vegar ut. Anten det er kognitiv åtferdsterapi, LP, Rituximab eller mindfulness: Alt som kan hjelpe pasientane, er bra.

– Ikkje så dyrt
I Noreg kostar dei 12 timar lange kursa 15.000 kroner. Eit ti månaders deltidsstudium er det som må til for å bli LP-instruktør, og det er ingen krav om tidlegare utdanning. Live Landmark ønskjer ikkje sjølv å opplyse kor mykje ho har tent på LP-kursa. TV 2 anslo i fjor at ho har tent kring 10 millionar.

– Kvifor kostar LP-kursa så mykje?
– All betaling for eiga helse som ikkje er dekt av det offentlege helsevesenet kan kjennast som stor. Timeprisen min er på tusen kroner.

– Få som har berre eitt års utdanning i noko, kan krevje tusen kroner timen?
– No har jo eg teke over to og eit halvt års utdanning i dette. Eg går til ein fysikalsk behandlar, der betaler 1500 eg timen.

– Timeprisen på tusen kroner er per person. Men når kursa er i grupper på opptil sju, blir timeløna langt høgare?
– Mange kurs er òg ein til ein, til same pris. Og deltakarane får individuell oppfølging i timevis i etterkant. Det er ikkje så mange som køyrer LP-kurs i grupper.

Motivasjonen
I eit intervju i Dagens Medisin i 2009 sa Landmark: «Min personlige oppfatning er at det ligger en sterk motivasjonsfaktor i å betale kursavgiften selv, og motivasjon er en vesentlig del av treningsopplegget.»

– Er det slik jo meir folk har betalt, jo meir motiverte blir dei?
– Eg tenkjer at eigenbetalinga seier noko om motivasjonen din. Har du kjøpt deg ein dyr mobil, er du meir oppteken av å passe på han, så det er nok ein normal mekanisme.

– Somme NAV-kontor skal ha stilt krav om at folk med ME-diagnose må prøve eit LP-kurs før dei eventuelt får uføretrygd. Kva tenkjer du om det?
– Blir det stilt krav til folk med andre diagnosar før dei får trygd? Kan ein til dømes krevje at nokon med diabetes følgjer dietten sin? Eg veit ikkje kva krav som blir stilte.

– Kva rolle kan LP spele for det offentlege helsevesenet i framtida?
– Det vil avhenge av forskinga. Personleg meiner eg det ville være fint om det vart ein del av det offentlege helsetilbodet, seier Live Landmark.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake