Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Entra-lønsfesten har pågått i årevis

Av Vidar Ystad
,  26.10.12


Regjering og storting har sove i timen. Med næringslivsleiar Grace Reksten Skaugen som styreleiar vart direktørløna i Entra skrudd til himmels.

Det var styreleiar i Entra Grace Reksten Skaugen som fekk opp direktørløna. Ho innførde også ei bonusordning som kunne gje direktøren inntil 50 prosent av årsløna i tillegg.
Ingen har reagert på desse ordningane før striden om tilsetjinga av Ap-politikaren og Trond Giske-venen Rune Olsø vart kjend. Ingen reagerte heller på at Olsø som viseadministrerande direktør i Entra i fjor hadde ei samla godtgjersle på 3.362.000 kroner, av dette 540.000 i bonus.

I dag reagerer både storting og regjering på det dei kallar eit meiningslaust høgt lønsnivå i Entra Eiendom. Men faktum er at dei har hatt all turvande informasjon for å kunne reagere tidlegare.
Rett skal vere rett: Riksrevisjonen har fleire gonger pirka i tilsetjingsvilkåra for toppsjefen i Entra. Alt i 2006 påpeika revisjonen at toppsjefen året før hadde ein bonus som utgjorde 25 prosent av ordinær løn. Sidan har det halde fram utan at det har fått konsekvensar for styreleiaren eller styret.

Ingen reagerte
Ein gjennomgang av årsrapportane frå selskapet viser at all relevant informasjon har vore tilgjengeleg både for Stortinget og regjeringa utan at nokon har reagert. Nærast til å reagere har Nærings- og handelsdepartementet vore som generalforsamling og eigar av Entra Eiendom.
Men korkje Odd Eriksen, Dag Terje Andersen eller Sylvia Brustad, som var næringsministrar dei første åra av den raudgrøne regjeringa frå 2005, eller Trond Giske, som tok over i 2009, har gjort noko med dei rause vilkåra. Departementet hadde all mogeleg oppfordring til å reagere då bonustaket for ny administrerande direktør vart fastsett i 2008. Då var dagens stortingspresident, Dag Terje Andersen, næringsminister.

Styreleiaren
Grace Reksten Skaugen vart sett inn som styreleiar i det heilstatlege selskapet Entra Eiendom i 2004 av Bondevik II-regjeringa med Ansgar Gabrielsen (H) som næringsminister. Valet var i seg sjølv underleg ettersom ho i mange år hadde obstruert dei økonomiske interessene til staten ved å motarbeide bustyrarane og staten i jakta på den løynde utanlandsformuen til Hilmar Reksten, far hennar. Ho hadde brukt og flytta pengar for å hindre at dei tilfall kreditorane. Av den grunn vekte det sterke reaksjonar då Grace Reksten Skaugen året før vart lansert som kandidat til styreleiarvervet i Statoil.

Dåverande olje- og energiminister Einar Steensnæs sa i 2003 at han ikkje kjende til desse tilhøva då han i 2002 godkjende at Grace Reksten Skaugen fekk plass i styret i Statoil.
Men Skaugen har «overlevd» som nestleiar i styret i Stat­oil fram til i dag, og ho er også leiar for «kompensasjonskomiteen» i Statoil som i praksis fastset tilsetjingsvilkåra for leiande personell.

«Årets styreleiar»
Med seg i styret i Entra fekk Grace Reksten Skaugen som nye styremedlemer Trond Reinertsen og Finn Berg Jacobsen. Reinertsen er tidlegare statssekretær for Høgre og tidlegare direktør i Den norske Bankforening. Jacobsen var i mange år frontfigur for revisjonsselskapet Arthur Andersen. Han leidde selskapet i 23 år. Sidan vart han hyrd inn som finansdirektør i Kværner. Arthur Andersen vart avvikla i 2002 etter Enron-skandalen i USA då det kom fram at revisjonsselskapet i USA hadde godkjent dei oppblåsne rekneskapstala i dette og andre selskap.

Det høyrer med til historia at Grace Reksten Skaugen vart kåra til årets styreleiar i 2007 for ombodet i Entra. Prisen vart utdelt av Lisbeth Berg-Hansen, som då var visepresident i NHO. Ho har vore fiskeriminister sidan 2009. I samband med pristildelinga vart det opplyst at Entra-styret hadde sju møte på til saman tretti timar i året. I 2011 mottok styret 1.640.000 kroner i honorar. 405.000 av dette gjekk til styreleiaren.

Grace Reksten Skaugen tok over styreleiarvervet i Entra etter Steinar Stokke, tidlegare superbyråkrat i regjeringskontora, med bakgrunn som ekspedisjonssjef og departementsråd. Då han gjekk frå borde som styreleiar på nyåret i 2004, hadde direktøren i Entra Eiendom, Erik Løfsnes, ei løn på 1.468.000 kroner. Inkludert pensjonsutgifter og anna godtgjersle var dei årlege yting­ane til administrerande direktør 1.888.000 kroner.

Lønsgaloppen
Alt i 2004 innførde det nye styret i Entra ein «kompensasjonskomite», leidd av styreleiar Skaugen, som skulle vurdere løn og andre vilkår for leiande tilsette.
I 2004 vart årsløna til direktøren auka med over 200.000 kroner, pensjonsutgiftene meir enn dobla, og den samla ytinga kom opp i 2.595.000 kroner. Det vart dessutan innført ei bonusordning. Samstundes vart styrehonoraret auka frå 370.000 til 657.000 kroner.

Året etter innførde selskapet ei bonusordning som omfatta alle tilsette i selskapet. Den fastsette ei maksgrense for utdeling av bonus på 12 prosent av årsløna.
Inkludert bonus for 2004 gav dette direktøren samla ytingar på 3.200.000 kroner. Og styrehonoraret kom opp i 707.000 kroner. Administrerande direktør fekk dessutan rett til etterløn i inntil to år.

Ordningane stod ved lag inntil Erik Løfsnes måtte gå som direktør i 2007 på grunn av at han hadde halde tilbake sentrale opplysningar overfor Riksrevisjonen som granska disposisjonar i Entra Eiendom. Løfsnes fekk full løn i 18 månader etter at han måtte slutte ved utgangen av juni 2007.
Bonusordninga vart no justert opp til maksimalt 12,3 prosent av årsløna, likt for alle. Samstundes vart etterlønsavtalen for administrerande direktør justert ned til full løn i maksimum eitt år. Veksten i styrehonorar heldt fram.

Bonusfest
Så, i 2008 skjedde det ei markant endring i bonusvilkåra for administrerande direktør. Han vart lausriven frå den generelle bonusordninga og fekk ein avtale om bonus på inntil 50 prosent av årsløna. Administrerande direktør fekk dess­utan rett til å gje utvalde tilsette bonus på inntil 25 prosent av årsløna for den einskilde. Han måtte rett nok rådføre seg med «kompensasjonsutvalet», leidd av Grace Reksten Skaugen, først.

Den nye direktøren, Kyrre Olaf Johansen, vart henta inn frå jobben som konsernsjef i statsselskapet Mesta. Der hadde han i 2007 ei årsløn inkludert pensjonsutgifter og anna godtgjersle på 2.990.658 kroner. Han hadde ingen bonusavtale.

Passerte 6 millionar
Ein kan så spørje kvifor styreleiar Skaugen og resten av styret skulle gje den nye direktøren ein så raus avtale?
Då var både Ottar Brage Guttelvik og Martin Mæland medlemer av styret. Guttelvik er tidlegare statssekretær for Ap jamvel i Finansdepartementet med Sigbjørn Johnsen som sjef. Mæland er direktør for bustadkooperasjonen, OBOS, i Oslo. Ansvarleg statsråd var Dag Terje Andersen.

Den nytilsette administrerande direktøren, Kyrre Olaf Johansen, mottok i 2008 ei samla godtgjersle på 1.828.000 kroner etter å ha arbeidd fire månader i selskapet. Av dette utgjorde løna 950.000 og pensjonskostnadane 834.000. Naturalytingar utgjorde 43.000.

Full effekt av den nye tilsetjingsavtalen kom til syne i 2009-rekneskapen. Då fekk direktøren ei løn på 2.876.000, 285.000 i bonus og 2.485.000 kroner i pensjonskostnader. Samla kostnader var 5.907.000 kroner.
Året etter, i 2010, bikka utgiftene til administrerande direktør over seks millionar kroner. Grunnløna var 2.878.000, 570.000 i bonus og 2.315.000 i pensjonskostnader.
I 2011 var grunnløna 3.135.000, bonusen 885.000 og pensjonsutgiftene 1.017.000.

Liv og lære
År for år skriv styret i årsmeldingane at ein fylgjer dei statlege retningslinene for lønsfastsetjing for leiarløner. Har retningslinene verkeleg vore så tøyelege og rause?
Dag og Tid har stilt spørsmål til Næringsdepartementet om dette, utan å få svar.

Grace Reksten Skaugen har ikkje ynskt å svare på spørsmål om denne saka. Ho seier i ei tekstmelding at ho har gjeve Næringsdepartementet detaljerte orienteringar om alle viktige tilhøve i styret i Entra Eiendom. Ho legg til at ho har hatt god dialog med eigarskaps­avdelinga i departementet i dei åtte åra ho har sete som styre­leiar. Ho opplyser vidare at ho i desember i fjor orienterte departementet om at ho ville takke nei til eit eventuelt attval som styreleiar.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake