Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Vedunderleg bra
Margunn Vikingstad ,  26.10.12

Kjersti Annesdatter Skomsvold skildrar vegen frå ME-monster til bok og menneske på ein så skarp, trist, varm og humoristisk måte at eg blir heilt lykkeleg.

ROMAN
Kjersti Annesdatter Skomsvold:
Monstermenneske
Oktober 2012

Monstermenneske rommar alt det eg ønskte at Karl Ove Knausgårds Min kamp. Femte bok skulle gi meg: ei intellektuell skildring av korleis ein blir forfattar – og gode lesingar av litteratur som har vore viktig på forfattarvegen. Det geniale grepet hos Skomsvold er at det ikkje er forfattar eg-forteljaren Kjersti med kronisk utmattingssyndrom (ME) desperat vil bli. Ho vil bli eit menneske igjen. Men «Hvis jeg blir en bok, blir jeg også et menneske», for «en roman kan ikke skrives av et ingenting, en roman må være skrevet av et menneske». Slik blir Monstermenneske ikkje berre ein intellektuell, men òg ein djupt eksistensiell roman. I tillegg er han svært vittig. Herregud, kor herleg!

Språksterk, rar og klok
Romanen startar då eg-forteljar Kjersti, som har vore sjuk i sju år, begynner å skrive på det som skal bli romanen om Mathea, Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg. Den fekk Skomsvold Tarjei Vesaas’ debutantpris for i 2009 (saman med Eivind Hoftstad Evjemo som òg er aktuell med ein usedvanleg god roman nummer to i haust).

Endringa frå monster til menneske viser seg ikkje berre i skildringar av ein nedstyrta kropp, men òg gjennom ei endring i språket. Kjersti ligg på ein sjukeheim, høyrer på dama som døyr i naborommet, men kjenner mest medlidenheit med seg sjølv. Blikket er heile vegen nært, varmt og sjølvironisk, med fine, verksame frampeik. Utover i romanen blir språket meir reflekterande og analyserande. Då Kjersti kjem til Skrivekunstakademiet i Bergen, avslører òg språket eit eg som er i ferd med å bli forfattar, mellom anna i stilistisk sterke vekslingar mellom eit «jeg» og ei «hun/Kjersti».

Scener blir skildra empatisk og morosamt, som ei hending heime på kjøkkenet der mora til eg-forteljaren illustrerer skilsmisse frå faren ved å teikne tre sirklar på eit ark, eller ein situa­sjon på Litteraturhuset med Hanne Ørstavik: «Hun gråt mens hun og Vigdis Hjorth snakket om hvordan det er å være kvinnelig forfatter, nå er det min tur.» Den intellektuelle, misantropiske og mystiske Hilde W. er den som ser Kjersti, ser henne som språk, som forfattar og som menneske. Men forholdet blir for tett, for styrande. På sitt fine, rare og kloke vis balanserer Skomsvold mellom å utlevere og skjerme og viser slik, som det står til slutt i romanen: «Av alt det farlige som finnes i oss selv, eller i himmelen, eller på jorda, så behøver vi kanskje ikke å være redde for annet enn det som aldri blir sagt.»

Vår tids Sandel
Kva om det å skrive om seg sjølv er den mest ekstreme forma for verkelegheitsflukt? spør eg-forteljaren ein stad og diskuterer òg korleis Thomas Bernhard og Céline skriv sjølvbiografisk på motsette måtar. Mens Céline rasar av garde og fortel mest muleg på minst muleg plass, seier Bernhard lite og repeterer seg sjølv. Skomsvold porsjonerer òg ut sanninga, som Bernhard, og til liks med Céline, Bernhard og Knausgård gjer ho det til litteratur.

Det finaste i Monstermenneske er korleis sjukdomen blir eit utgangspunkt for å seie noko allmennmenneskeleg om einsemd. Slik ser Skomsvold tematisk ut til å krysse ein annan god roman i haust, Vigdis Hjorths Leve posthornet! Om Hjorths hovudperson skreiv kritikar Kaja Schjerven Mollerin i Klassekampen at ho erkjenner, og at ho erkjenner det for oss alle, «at ensomheten blir mindre farlig når vi tenker på den som en del av det å være menneske, og ikke som en plage som bare gjelder en selv».

Når Mathea i debutromanen endeleg prøver å gå ut av einsemda og inn i verda, går ho veldig fort. Kjersti spring og spring når ho først er på beina igjen. Nettopp dette fysiske kopla med ein intellektualitet får meg til å tenkje på Cora Sandels Alberte, som går og går og går, i Tromsø og Paris, for å riste av seg angsten og einsemda. Som ei slags vår tids Sandel har Skomsvold skrive eit uvanleg godt psykologisk portrett, skildra med varme, innsikt og tørrvittig humor. Monstermenneske er ein av bokårets aller beste romanar, spør du meg!

Margunn Vikingstad er litteraturvitar og fast bokmeldar for Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake