Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


«Grøne sertifikat»: eit dyrt bedrag

Av Jon Hustad
,  19.10.12


Jens Stoltenberg visste kva han gjorde då han i si tid sa nei til grøne sertifikat. No er det for seint å snu. Forbrukarane betaler, industrien går fri, og miljøet vert ikkje betre.

Noreg er på mange måtar eit nokså miljøvenleg land. Kvart år sender vi gass svarande til ni gonger samla norsk vasskraftproduksjon til Europa. Gass er den mest miljøvenlege fossile brenslekjelda. Gjennom gassen gjev vi eit enormt tilskot til lægre utslepp av CO2 i Europa. Alternativet til gass er nemleg kol, som slepper ut dobbelt så mykje CO2.

I tillegg er Noreg verdsmeister i produksjon av fornyeleg energi. 60 prosent av det vi forbrukar, kjem frå kjelder som ikkje slepper ut CO2, seier regjeringa. Jamvel om vi ikkje byggjer ut nokon fornyeleg straum i framtida, viser utrekningane, vil vi kvart år framover vera nettoeksportør av vasskraft. Noreg har altså ikkje trong til ny kraft. Kommunane og staten kunne ha lent seg attende og gjeve billeg kraft til forbrukarane og samstundes teke ut store utbyte frå dei offentlege kraftverka, utbyte som kunne nyttast til å byggja landet.

Dit skal vi ikkje
Men det skal vi ikkje, vi skal gjera noko heilt anna. Noreg som produserer fire gonger så mykje rein energi som den gjennomsnittlege EU-staten, har gått inn ein avtale med EU om at vi skal gå frå 60 til 67,5 prosent i bruk av fornyeleg energi, i hovudsak vass- og vindkraft. Men det er ikkje EU som skal betala for denne utbyggjinga, det er heller ikkje den norske kraftkrevjande industrien, som er unnateken stort sett alle avgiftsordningar og i tillegg vert kompensert for kostnadene ved EUs kvotesystem. Det er vanlege norske forbrukarar som skal betala.

Ordninga som skal få til all denne nye energien, heiter grøne sertifikat eller el-sertifikatordninga. Noreg og Sverige er ein felles kraftmarknad, og det var Sverige som i 2003 førde inn ordninga. Ho går ut på at forbrukarane får eit påslag på kraftrekninga. Via ein litt komplisert marknadsmekanisme går dette påslaget til produsentar av ny fornyeleg straum. Ordninga er laga slik at di lægre prisen er på straum, di større vert påslaget forbrukarane må betala per kWh. Og dette påslaget får produsentane i femten år. På det viset veit investorar som vil byggja ut ny fornye­leg straum at dei langt på veg er garanterte å få att kostnaden ved å byggja ut. Grøne sertifikat er altså ein rein subsidie av ny kraft.

Jens var mot
I Soria Moria I lova dei raudgrøne å knyta seg til den svenske ordninga, men i 2006 stranda ting­ingane med Sverige. Både Jens Stoltenberg og olje- og energiminister Odd Roger Enoksen gjekk imot ordninga av di ho ville føra til dyrare straum, og av di dei meinte dette var ein uheldig subsidieringsmodell. Nei-et førde til ramaskrik: Eit samla Avis-Noreg gjekk på leiarplass ut mot regjeringa, alle opposisjonspartia rasa, «molbopolitikk», sa Frp, og miljørørsla truga med å setja landet i brann. Stoltenberg gav etter for presset. I januar 2012 vart vi knytte til den svenske ordninga. Avtalen med Sverige er over­nasjonal og kan ikkje brytast. Vi har bunde oss til masta.

Men no er brått dei store norske avisene med unnatak av Natio­nen mot ordninga, SSB protesterer kraftig, sjølvaste NRKs Brennpunkt har laga ein dokumentar om kor fælt grøne sertifikat er, og frå kraftkommunane kjem stadige panikkrop. Kva har skjett? Det som burde ha hendt på førehand: at ordninga vart skikkeleg utgreidd. Og dei nye utgreiingane syner at Stoltenberg og Enoksen hadde rett.

Det kan henda største spørsmålet er kven som skal bruka og kjøpa all denne nye krafta som kjem inn i den norsk-svenske marknaden. Det freistar ein del kloke menneske å svara på i «NOU 2012:9. Energiutredningen – verdiskapning, forsyningssikkerhet og miljø». Meldinga vart lagd fram 5. mars i år, to månader etter at ordninga tok til å gjelda, og mellom medlemene var Olav Akselsen frå Ap og Marit Arnstad frå Sp, som båe har ei fortid som olje- og energiministrar, attåt energiforskaren Torstein Arne Bye frå SSB.

Grundig arbeid
Dei gjorde eit grundig arbeid. Kor mykje auka til dømes energiforbruket i Noreg og Sverige mellom 2002 og 2010? Auken var på 1 terawatt-time (tWh). Kor mykje kraft skal byggjast ut mellom 2012 og 2020? 26,4 tWh, som svarar til halve det årlege forbruket i alle norske husstandar. Noreg skal åleine byggja ut halvparten, vel 13 tWh, og ikkje ein tredjedel, drygt 8 TWH, som hadde svara til folketalet.

Regjeringa har òg som mål at forbruket til norske husstandar skal sterkt ned i den same perio­den. Alle nye norske hus skal verta såkalla passivhus og praksis ha ned mot null forbruk av elektrisk kraft. Rekninga for dei dyre og ikkje rekningsvarande passivhusa må husbyggjarane bera. Samstundes som regjeringa vil ha eit dramatisk lægre forbruk i Noreg, skal vi altså byggja ut dramatisk meir kraft.

Som Bye skriv i meldinga: «For eksempel vil den grønne sertifikatordningen gi et betydelig press ned på kraftprisene. Dette (...) gir lav avkastning i kraftsektoren og vil dermed medføre tap på mange milliarder kroner for både stat, kommuner og fylkeskommuner som de viktigste eierne av kraftproduksjon.» Bye har rekna seg fram til at dei offentlege eigarane vil tapa mellom 13 og 20 milliardar årleg i redusert utbyte grunna grøne sertifikat sidan desse pressar prisen ned på straum. Når det kjem massivt meir straum inn i marknaden utan at forbruket går sterkt opp, må prisen ned. Ørsta, Ulvik, Voss og alle andre kraftkommunar går harde tider i møte. Paradoksalt nok: Samstundes som forbrukaren på ulike vis skal betala meir for all kraft han brukar, skal staten, fylka og kraftkommunane som produserer gamal kraft, få mindre, som igjen tyder høgre skattar om velferda skal haldast oppe.

«Utilsiktede og til dels svært uheldige samspillseffekter»
Kva vert så den framtidige prisen på 1 kWh? Det veit ingen, men marknaden har likevel sett ein pris, ein pris verksemdene i dag kan nytta når dei går inn i lange kontraktar. Då utvalet la fram energimeldinga si i mars, var dei såkalla forwardprisane for kraft i Norden 35 øre per kWh i 2018. Utbyggjingskostnadene på kraft av ein viss storleik ligg på 65 øre per kWh. Dei 30 øra imellom må forbrukarane betala i tillegg til andre avgifter, eit mellomlegg som berre kjem til å auka om kraftprisen går ned.

Men kan vi ikkje eksportera all denne ekstrakrafta til EU? Nei, skriv Bye i NOU-en, ikkje enno: «Sertifikatordningen vil skape et betydelig press ned på prisene i kraftmarkedet, siden kablene til utlandet (både eksisterende og nye planlagte) umulig kan ta seg av denne økte kraftmengden.» Bye får med seg eit samla utval på å kritisera alle dei ulike verkemidla som no vert blanda saman i klimapolitikken, til dømes kvotehandel, grøne og kvite sertifikat:

«Studier av samspillseffekter mellom ulike virkemidler (kvotemarked og grønne sertifikater, grønne og hvite sertifikater, hvite sertifikater og kvotemarked) viser utilsiktede og til dels svært uheldige samspillseffekter.»

Må nå målet
Det kanskje største problemet er at den norske og svenske regjeringa har sett seg eit konkret mål, som er vorte gjeve lovs form. Målet skal altså verta nått same kva. Det opnar for det økonomar kalla perverse incentiv. Effektane av desse kan vi berre spekulera over: Kva skjer til dømes om vi opp mot 2020 ser at vi trass i dei grøne sertifikata ikkje har bygt ut nok kraft? Då vil truleg prisen på grøne sertifikat slik avtaleverket er no, måtta gå opp for slik å skapa meir ny kraft. Det veit produsentane; nokre vil dimed kanskje spekulera i at om dei har litt is i magen, så kan dei på sikt få høgre prisar på grøne sertifikat sidan regjeringane må levera alle 26 tWh-ane, og dei veit at dei vil få den same høge prisen i femten år framover. I alle høve vil få om nokon byggja ut om prisane på sertifikata ikkje vert høge raskt, og di nærmare 2020 vi kjem utan å vera nær målet, di høgre må prisen då verta.

Slik kan det verta av di det er regjeringane som skal nå målet om 26 tWh innan 2020, ikkje produsentane, som di lengre tid det går utan store utbyggjingar, får stadig større makt og kan seia at det er mykje dyrare å byggja enn tidlegare tal viste. I ein perfekt marknad skal rett nok ikkje noko slikt kunna henda, for om ein produsent ikkje vil byggja ut, skal ein annan sitja klar til å taka over. Men det er neppe så mange ulike kjelder å byggja ut i Noreg. Dette opnar for det merkelege perspektivet at med mykje ny kraft går prisen på grøne sertifikat opp samstundes som lite ny kraft også må føra til at prisen på kraft må gå opp om regjeringa skal nå målet sitt. Både marknaden og reine politiske mål må her gå i hop. Dimed er det duka for mange økonomiske og politiske krumspring i åra som kjem, og få om nokon kan seia sikkert kvar haren landar.

Eit anna svært fordyrande og kompliserande element er det norske regional- og sentralnettet. Det har per dags dato ikkje kapasitet til å taka imot all den nye krafta som regjeringa har lova å sleppa inn. Dimed må vi byggja nye leidningar. Desse vert òg finansierte av forbrukarane, som vil få ei auka nettleige, ei nettleige som vil gå stadig opp per kWh om ein freistar å spara på straumen. Logisk nok fører mindre forbruk automatisk til høgre nettleige sidan det vert færre forbrukte kWh å dela nettleiga på. Oppsummert: Medan vi har ordninga med grøne sertifikat, som tek slutt i 2020, men varer til 2035 for den siste utbygde kraftkjelda, vil norske forbrukarar i ein eller annan kombinasjon få ei langt høgre kraft-, nett eller skatterekning enn det vi elles ville fått.

Neppe meir industri
Men sidan den kraftkrevjande industrien er unnateken dette regimet, vil ikkje denne ordninga kunne føra til at dei byggjer ut ny industri i Noreg sidan dei no får billegare straum? Kanskje og kanskje ikkje. Hydro og Elkem og andre aktørar reknar med ei avbetalingstid på tretti år på ny produksjon. Skal dei byggja ut nytt, må dei altså vera garanterte ein låg kraftpris i tretti år.

Men når dei store norske kraftprodusentane i 2020 og åra etterpå slit med ein låg kraftpris, vil dei måtta sjå seg om etter alternative salskanalar. Dei vil då i tillegg til den naudsynte oppgraderinga av det nordiske regional­nettet, ha incentiv til å byggja ut nye kablar til kontinentet. Og sidan det er norske forbrukarar som gjennom nettleiga betaler store delar av slike utbyggjing­ar, hamnar sluttrekninga også her hjå vanlege folk. Den kraftkrevjande industrien veit at det no ligg til rette for nye kablar til kontinentet.

Noreg er ein del av EØS-området, dimed er det politisk umogeleg for noka regjering å hindra utbyggjing av internasjonale liner. Når så desse kablane eventuelt er på plass, vil den norske kraftprisen stiga til europeisk nivå, og den kraftkrevjande industrien vil då ha grunn til å investera i område med lægre prisar på kraft enn i EØS, til dømes USA eller Canada.

Ja, det finst vinnarar i denne saka: Bønder får bygt ut små­fossar, vindmølleprodusentar på land kan òg kanskje finna nokre prosjekt som løner seg. Utstyrs­leverandørar og entreprenørar vil tena seg rike. Men i mellomtida vil dei offentleg åtte kraftprodusentane ha tapt mykje pengar i utbyte og norske forbrukarar betalt svært mykje for noko dei ikkje treng. Dei største taparane er i alle høve dei bøndene som bygde ut småkraftverk før nyordninga. Dei får i åra framover knapt betalt for investeringa.

Men sett frå ei anna side: At regjeringa no har skapt eit regime som gjev oss meir kraft og kablar på kjøpet, kan visa seg å vera lønsamt for Noreg i ei eller anna ukjend framtid. Kven veit kva kraftprisen vert om femti år? Kven hugsar då den dyre utbyggjinga av nettet eller at kontinentet fekk billeg straum som i kombinasjon med EUs kvotesystem ikkje kunne føra til lægre CO2-utslepp?

Konklusjon:
Norske hushald vil med dette regimet via direkte og indirekte mekanismar i fleire tiår frametter måtta betala meir for straumen enn før. Om ein politikar seier noko anna, er han anten ukunnig eller syner sparsemd med sanninga.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake