Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Den breiaste filmfestivalen

Av Roald Helgheim
,  12.10.12


Film frå Sør er ikkje for spesielt interesserte, men ein brei internasjonal festival som utvidar horisonten.

Kommentar

Den kvelden Lionel Messi og Christian Ronaldo avgjorde seg imellom at «El Clasico»-oppgjeret mellom Barcelona og Real Madrid enda uavgjort 2–2, såg eg den kinesiske filmen Wo 11, på engelsk 11 Flowers, signert den kinesiske filmskaparen Xiaoshuai Wang som særleg er kjend for å portrettere unge. Denne gongen i ei underleg soge i skuggen av kulturrevolusjonens siste år, då elleveåring­en Wan Hang får det ærefulle oppdraget å leie gymnastikkøvingane i skulen og treng ei ny kvit skjorte til vervet som den fattige familien knapt har råd til. Kulturrevolusjonen som på hell er mest eit bakteppe til soga fortald av guten som vaksen, og eg nyt filmen i to timar.

Filmen er ein av eit knapt dusin ein rekk mens halve festivalen framleis er att. Ein av dei nitti filmane frå 32 land som opna med den chilenske storfilmen No og som vert avslutta søndag med det japanske krimdramaet Outrage Beyond. Film frå Sør er den største filmfestivalen i hovudstaden, som også har Oslo Internasjonale Filmfestival og den kommersielle nyskapinga Filmfest Oslo som alt slit økonomisk. Sør-festivalen, som starta som ein studentklubb og vert arrangert for 22. gongen, samlar rundt 21.000 sjåarar etter ein sterk auke i fjor, driven av Stiftelsen Film fra Sør som også arrangerer Arabiske filmdagar med i alt 40.000 vitjande i året.

Likevel får Film frå Sør gjerne stempelet nisjefestival, endå han med si internasjonale breidd med filmar som er dei beste, ofte prisvinnarane der dei kjem frå, er den rake motsetninga til den kommersielle einsrettinga som trugar bransjen. Ikkje minst i hovudstaden gjennom salet av Oslo Kinematografer, som har vore ein garanti for eit minstemål av kvalitet.

Så der sit eg i kinomørkret på ein festival som i år er utvida temamessig til seksten seksjonar, og eg vil hugse både den japanske animasjonsfilmen Møte på valmueåsen i serien Mangapolis (japansk ord for teikneserie) som Andrés Woods film om Violeta Parra vist i ein fullsett storsal, og den fantastiske dokumentaren Ai Weiwei: Never Sorry om den kinesiske dissidentens uredde kamp. Ein flik av det store tilbodet der marokkanske Faouzi Bensaïdi, thailandske Pen-ek Ratanaruang og indonesiske Joko Anwar ved sida av Andrés Wood har vore fire spesielt lanserte filmskaparar, på ein festival der debattforumet Det kritiske rommet også høyrer med, og nostalgikarane får sitt gjennom ein retrospektiv serie. Røyster har sagt at talet på seksjonar ikkje alltid gjer det lettare for folk som vil sjå grenselaus film. Uansett er det ei spennande oppdagingsferd.            




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake