Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Pilleparadokset

Av Per Anders Todal
,  05.10.12


Effekten av anti-depressiv er langt mindre enn ein før trudde, likevel aukar bruken framleis. Over 300.000 nordmenn vart behandla med slik medisin i fjor.

I 2011 fekk 303.715 nordmenn antidepressive medisinar på resept, syner tal frå Folkehelseinstituttet. Det er over seks prosent av befolkninga. Aldri før har så mange nordmenn blitt behandla med anti-depressiv. I fjor vart det delt ut nærare 97 millionar døgndosar med slik medisin her i landet, også det er norsk rekord.

Tendensen er ikkje ny, bruken av slike medisinar har auka nesten kvart år sidan tidleg på 1990-talet. Men det merkelege er at auken held fram sjølv om legevitskapen så radikalt har endra syn på effektiviteten til antidepressive medisinar dei siste åra.

På 1990-talet var både helsevesenet og forskarane svært entusiastiske over kor effektive dei nye anti-depressiva var. Mange kjende psykiatrar tok del i jubelen over dei vitskaplege framsteget som skulle gje så mange menneske betre liv. Men i dag er det ei langt meir nøktern erkjenning som dominerer: Midla er framleis nyttige for ein del pasientar, men dei heldt slett ikkje det dei lova.
For folk med lettare depresjonar – som er majoriteten av dei deprimerte – har anti-depressiv liten verknad ut over placeboeffekten, syner fleire store studiar dei siste åra. Dette er i dag å rekne som etablert kunnskap. Likevel aukar altså bruken av desse medikamenta i det norske helsevesenet framleis.

Nye retningsliner
Utviklinga blir enda vanskelegare å forstå når ein ser på endringane i retningslinene for det norske helsevesenet. Der er den store dreiinga i synet på effekten av antidepressive medisinar svært tydeleg. I 2000 skreiv Helsetilsynet dette i retningslinene sine for behandling av depresjon i primærhelsetenesta: «Det synes rimelig med to vel gjennomførte forsøk med antidepressiver før pasienten henvises til andrelinjetjenesten for videre behandling.» Med andre ord: Om tablettane ikkje verkar ved første forsøk, prøv tablettar ein gong til. Om dei ikkje verkar da heller, kan du eventuelt prøve noko anna.

Men da Helsedirektoratet kom med nye retningsliner for behandling av depresjon i 2009, var tonen ein heilt annan: «Førstevalg av tiltak ved milde former for depresjon skal normalt være rådgivning og psykologisk intervensjon. Antidepressiver anbefales ikke her som initial behandlingsform», heitte det.

Ein hard dom
I retningslinene viste Helsedirektoratet til dei nyare kliniske studiane på feltet, og kom med ein hard dom over effekten av dei legemidla som før var førstevalet: For pasientar med mild og moderat depresjon «er det få klinisk viktige forskjeller mellom antidepressiver og placebo», heitte det – og «ulempene ved slik behandling er større enn fordelene».

Med andre ord: Antidepressive medikament er i slike tilfelle berre litt meir effektive enn sukkerpiller, og har langt fleire biverknader. Likevel held altså bruken i Noreg fram med å auke. På dei to åra etter at dei nye retningslinene kom, auka forbruket med over fem prosent.
Folkehelseinstituttet har ikkje tal som syner kor stor del av forbruket som går til folk med alvorlege depresjonar, der medisinering framleis er tilrådd. Men når over 300.000 nordmenn årleg får antidepressive medikament, tyder det på at svært mange får desse legemidla også for mildare plager. Så mange alvorleg deprimerte er det neppe i landet i løpet av eit år.

Førte bak lyset
Kanskje er årsaka til auken rett og slett tregleik i helsevesenet, som er ei stor og tung skute å snu. Trua på effekten til anti-depressiva var sterk i mange år. Tidleg på 1990-talet, da farmasiindustrien kom med ei rekkje nye anti-depressiv med mindre biverknader og tilsynelatande betre effekt enn dei gamle, vart det av mange forskarar, psykiatrar og legar sett på som ein revolusjon.

«Det føltes som et enormt løft for hele psykiatrien. Vi var begeistret, og vår begeistring smittet over på pasientene», sa Trond Aarre til Morgenbladet i fjor.
Aarre er fagsjef ved psykiatrisk divisjon i Helse Bergen. Han er av dei mange som har fått eit langt meir nøkternt syn på effekten av og bruksområdet til anti-depressiva.
– Vi kan nok seie at det har skjedd eit paradigmeskifte i synet på desse medikamenta. Vi ser no at effekten er mindre enn vi trudde på 1990-talet, og det er det ganske brei semje om, seier Aarre til Dag og Tid.

– Når trua var så sterk den gongen, handla det dels om at legemiddelprodusentane hadde høve til å gøyme unna resultata av studiar dei ikkje likte – dei studiane som tyda på at effekten var liten. Som norsk klinikar, utan tilgang til alle data, var det vanskeleg å vurdere effekten. Vi handla i god tru, men vi var til dels førte bak lyset av legemiddelindustrien. Dei resultata vi fekk tilgang til, tydde på at medisinane hadde overtydande effektar.

Kan mangle kunnskap
– Men når vi veit at effekten av anti-depressiv er såpass liten, kvifor held da forbruket fram med å auke?

– Det er nok lett for legane å gripe til dei verkemidla dei har for handa. Og det er ikkje sikkert at alle legar er klar over at andre, enkle grep kan ha minst like god effekt, som å rettleie folk til fysisk aktivitet eller å løyse opp i konfliktar, seier Aarre.
– Dagens kunnskap om anti-depressiv tyder på at veldig mange menneske har fått medisin dei neppe hadde nytte av?
– Mange har nok fått middel som det var liten grunn til å vente effekt av, ja.

Trond Aarre understrekar at vi veit lite om dei 300 000 som fekk antidepressive legemiddel i fjor.
– Vi veit ikkje kor mange som får dette for depresjon. Mange av desse midla har vel så god effekt mot angstlidingar. Og anti-depressiv kan ha stor verdi når dei blir gjevne til pasientar som faktisk treng dei.

For sterk tru
Det er paradoksalt at bruken av anti-depressiv aukar sjølv om effekten er langt mindre enn ein før har trudd, meiner Marianne Klemp. Ho er forskingsleiar ved Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta, og har sjølv studert effekten av nokre mykje brukte anti-depressiv.
– Frå byrjinga av 2000-talet av kom det fleire kritiske røyster som sette spørjeteikn ved effekten av desse midla. Etter kvart kom det fleire studiar som viste at verknaden deira var ganske liten, seier Klemp til Dag og Tid.

– Når forbruket av desse midla framleis er så høgt, tyder det på at allmennlegane ikkje følgjer opp retningslinene, eller at kunnskapen ikkje har nådd ut. Vi veit frå før at det kan ta lang tid før ein får gjennomslag for endringar av praksis i helsevesenet, seier Klemp.

Utan forklaring
– Eg har ikkje noka god forklaring på kvifor forbruket av desse medisinane aukar, seier Torkil Berge. Han er sjefpsykolog ved Voksenpsykiatrisk avdeling Vindern, og leia arbeidet med dei nye retningslinene til Helsedirektoratet.
– Kanskje føler ikkje legane at dei har god nok tid til å jobbe med rettleiing og alternativ til medisinering. Men det blir spekulasjon frå mi side.

Berge opplever ikkje at spørsmålet om effekten av antidepressive legemiddel er noko det er stor fagleg strid om.
– Vi tilrår framleis bruk av slike middel ved moderat og alvorleg depresjon, men forskinga tyder ikkje på at anti-depressiv har betre effekt enn placebo for milde depresjonar.
– Når over 300.000 nordmenn får anti-depressiv i året, er det neppe berre for alvorlege depresjonar?
– Nei, det er eit godt poeng. Det ser ikkje ut til at praksisen er endra i tråd med tilrådingane våre.

Ingen fasit
Trond Egil Hansen, leiar i Allmennlegeforeningen, er ikkje overtydd om at det blir delt ut for mykje anti-depressiv i Noreg.
– Det er ingen fasit her. Vi høyrer omtrent like ofte at det er for få som får behandling med anti-depressiv, som det motsette. Men anti-depressiv skal aldri vere einaste behandling. Samtale skal vere basis i all depresjonsbehandling.

– Er det verkeleg slik i praksis?
– Eg trur det. Fastlegane utfører jo mykje samtalebehandling sjølve. Men det er eit problem at det er lange ventelister om ein ønskjer å tilvise nokon vidare til psykolog eller psykiater. Da blir ein kanskje meir tilbøyeleg til å prøve med anti-depressiv i ventetida.

– Har den nye kunnskapen om den avgrensa effekten av anti-depressiv medisin nådd ut blant legane?
– Ja, det trur eg er allment kjent. Men det er mogleg at ein del pasientar blir gåande på anti-depressiv sjølv om behandlinga ikkje lenger har den ønskte effekten. Der er det potensial for betring, seier Hansen.
– Det er elles stor skilnad på pasientar med depresjonar. Sjølv om anti-depressiv ved lettare depresjonar ikkje har særleg større effekt enn placebo på gruppenivå, kan nytten for somme pasientar vere svært stor.

– Bra at fleire får
Kva meiner så Helsedirektoratet om at forbruket av anti-depressiv aukar, sjølv om retningslinene skulle tilseie meir atterhald? Ikkje så mykje. Avdelingsdirektør Gitte Huus i Helsedirektoratet trur auken i forbruket like gjerne kan kome av at fleire enn før får behandling for psykiske lidingar.
– Vi veit at mange slit med depressive lidingar, og det er bra at fleire får behandling. Hjelpetilbodet har blitt større, og det fangar opp fleire personar.

– Men Helsedirektoratet tilrår ikkje lenger anti-depressiv som førstelinebehandling. Burde ikkje det slå ut i forbruket?
– At fleire får anti-depressiv treng ikkje tyde at retningslinene ikkje blir følgde. Det er rett at vi tilrår andre typar behandling for mild depresjon, som rådgjeving, psykologisk intervensjon, angstmeistring og oppfordring til fysisk aktivitet. Men anti-depressiv er ei god behandling for pasientar som oppfyller kriteria og ikkje responderer på anna behandling. Vi har ikkje informasjon som tilseier at retningslinene våre blir brotne, seier Gitte Huus.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake