Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Glitrande om DDR

Av Pål H. Bakka
,  05.10.12


Astrid Sverresdotter Dypvik skriv medrivande og grundig om kampen om DDRs ettermæle.

HISTORIE

Astrid Sverresdotter Dypvik:
Det var DDR. Forteljing­ar om eit nedlagt land
Samlaget 2012

Før nokon dreg fram dagens økonomiske krise, vil meldaren minna om at 1. november 1989 la styresmaktene i Den tyske demokratiske republikken fram sin første nasjonalrekneskap, der det vart slege fast at landet var konkurs. Inntektene dekte berre ein tredjedel av statsutgiftene. Resten måtte landet låna i utlandet. Altså i Forbundsrepublikken, som DDR hadde vore i ein de facto økonomisk union med sidan 1974. Enkelt sagt levde austtyskarane på vesttyske pengar. Og dei levde over evne. Forbruksveksten hadde sidan 1971 vore større enn den økonomiske veksten fordi kommunistane var nøydde til å innfri i alle fall nokre av dei fagre lovnadene sine om den materielle overfloda som kjem av seg sjølv når økonomi og samfunn er organisert etter dei rette, sosialistiske, vitskaplege prinsippa.

Difor gjorde DDR, som einaste land i verda, auke i privatbilismen til eit sentralt mål i den økonomiske politikken sin.

Medrivande bok
Astrid Sverresdotter Dypviks Det var DDR er ei glitrande bok. Undertittelen, Forteljingar om eit nedlagt land, er genial. Den tyske demokratiske republikkens «faktisk eksisterande sosialisme» spela fallitt på alle plan, økonomisk, politisk og menneskeleg. Forfattaren er journalist, men har som historikar meir ballast enn vanleg er i den standen. Dessutan har ho opplevt både det nye og det gamle Aust-Tyskland på nært hald som utvekslingsstudent i Leipzig. Ho skriv betre enn dei fleste. Og det ho skriv, er ikkje berre interessant. Det er med­rivande. Boka bør inn i alle norske folke- og skuleboksamlingar og må verta pensum i all etter- og vidareutdanning av norske samfunnsfaglærarar. Både med tanke på forma og innhaldet.

Kva «var» DDR?
Boka er ein freistnad på finna ut kva DDR «var» frå pennen til ein observatør som, sidan ho er fødd i 1978, vel har Murens fall som sitt første klåre minne frå verdspolitikken. Det er, skriv ho i føre­ordet, ei bok om kampen om DDRs ettermæle, det som tyskarane kallar Geschichtsverwaltigung. For det finst, også her, minst tre versjonar av denne historia: vår vestlege kaldkrigssoge, kommunistregimets eiga, målboren av dei som miste makt og privilegia i 1990, og sist, men ikkje minst, vanlege folks opplevingar av kvardagen i dei 42 åra regimet varde. Det finst ikkje éi historie så mykje som eit knippe historier.

Desse sogene skildrar Dypvik i fjorten kommenterte intervju. Det kan innvendast at dei fleste ho har snakka med, var dissidentar, offer for undertrykkjinga til regimet. Som mobbe­offeret «Kerstin»s møte med marxist-leninistisk ungdomspsykiatri eller den tvangsadopterte Katrin Behrs kamp for å finna att mor si, som ikkje fekk ta henne med då ho vart utvist i 1974. Eller folk med dårleg samvit, som Stasi-mannen Jochen Gierke, som ikkje ville teia om det han hadde vore med på. Men det er berre det at sogene dei regimetru, som den pensjonerte Stasi-mannen Wolfgang Schmid, fortel, minner stygt om dei politiske utleggjing­ane til frontkjemparonkelen til meldaren når han ikkje var heilt edru. Det er taparen som krev rettferd og sjelefred. At han også høyrest ut som ein norsk SV-ar i argumentasjonen, gjer kapitlet «Ingenting å angre på» til eit komisk innslag i dei djupt tragiske sogene om medviten og politiske vilja menneskeleg fornedring.

Manisk overvaking
Det er ei kjensgjerning at Stasi i 1980-åra, for å kontrollera dei to tusen regimemotstandarane dei sjølve hadde identifisert, trong 90.000 fast tilsette, 190.000 informantar og eit budsjett på 4,5 milliardar mark. DDR brukte meir pengar på overvaking enn på utdanning. Ingen andre kommunistland investerte så mykje krefter i å kontrollera folket som DDR. Det er difor ikkje til å koma utanom at det er «Stasi», manisk overvaking av alt og alle, som best karakteriserer DDR – den «faktisk eksisterande sosialismen» – som system.

Tysk Realsozialismus levde på ein myte og vart sjølv eit offer for han. For han innfridde aldri lovnaden om materiell overflod. Men, som sosialistar har for vane, trudde dei på sine eigne mytar. Som den at DDR var «vaksen fram av ruinane». Kjensgjerninga er at dei delane av Tyskland som i 1945 vart okkuperte av Sovjet, låg for langt aust til å verta ut­­sette for effektiv strategisk bombing. Det som vart bomba frå hausten 1944 av, var den kjemiske industrien som produserte olje. Sachsen og Thüringen, kjernelanda i DDR, var fram til 1945 mellom Europas mest industrialiserte land, prega av småindustri, og Tysklands rikaste. Sachsen-Anhalt hadde, fordi det låg midt i landet, fått brorparten av investeringane til Weimar-republikken og Det tredje riket i strategisk industri som olje og flyproduksjon. (Flyfabrikken Junkers hadde hovudkvarteret sitt i Dessau. Russarane flytte heile fabrikken, medrekna dei tilsette, til Sibir i 1946. Resultatet var bombeflyet Tu-16, som var arbeidshesten til sovjetarane i lufta fram til 1989.)

Ved «Stunde Null» var faktisk Austsona i monaleg betre stand enn Vestsona. Og sidan Sachsen og Thüringen var høgborger for tysk kommunisme, mangla det heller ikkje på rettruande eldsjeler som ville byggja sosialismen.

Sviket mot alle dei er kanskje det største brotsverket til DDR-regimet. Men raseringa av industrien i landet er ein god nummer to. Ei forteljing frå det nedlagde landet er at sosialisme ikkje er ein god idé.

Det kan vel vera, som dei gamle Stasi-folka og medlauparane deira her heime hevdar, at det var sosial rettferd i DDR. Men dersom prisen for denne rettferda er eit økonomisk ineffektivt overvakingssamfunn, er ikkje meldaren sikker på om sosial rettferd er noko å trakta etter.

Les boka.

Pål H. Bakka er statsvitar og fyrstebibliotekar ved Universitetet i Bergen og fast bokmeldar for Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake