Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Kina som komedie og tragedie

Av Roald Helgheim
,  05.10.12


– Ei meir demokratisk utvikling vil tvinge seg fram i Kina, meiner forfattaren av romanen Brødre.

LITTERATUR

Det er ei sju hundre sider tjukk kinesiske krønike som i Har­­ald Bøckman og Baisha Lis blomstrande omsetjing skildrar utviklinga i Kina frå før kulturrevolusjonen til byrjinga av 2000-talet, gjennom lagnaden til halvbrørne Skalle-Li og Gong Sheng, i ein småby i Søraust-Kina. Med eit brokete persongalleri tek forfattaren lesaren med på eit halvt hundre års reise der kulturrevolusjonens rå brutalitet formar utviklinga i første del, med tragediar på slagmarka også etter den andre.

– Det er ein roman der ikkje noko blir stukke under ein stol, også spekka med humor. Nokon har kalla det politisk såpe. Kva seier du til det?
– Det tek eg med stor ro. Eg har sjølv levd med slike hending­­ar i Kina i denne perioden, seier forfattaren, som opnar romanen med at den eine av brørne som liten gut smugkikkar på damerumpene på fellesdassen og tek seg betalt med ei skål trestjerners nudlar for å fortelje nyfikne menn om kva han såg.

– Ei forteljing om Kina som startar som komedie og endar som tragedie?
– Det kan du seie. Utgangspunktet var at eg ville skrive om ein tragedie med kulturrevolusjonen som den mest ekstreme, og så vart dei ei opning som på eit vis er ekstremt komisk. Til slutt endar det i nye tragediar.

Kina i ti ord
Brødre er den fjerde romanen til Yu Hua. Den første i 1992 var To Live som vart storfilmen av same namn av den kinesiske regissøren Zhang Yimou. Filmen skildra utviklinga i Kina på ein måte som gjer at han framleis er offisielt bannlyst i landet. Det er også den siste boka til Yu Hua, Kina i ti ord.

– Romanen min kan dei gje ut, for det er fiksjon, sjølv om skildringa av kulturrevolusjonen er ei realistisk forteljing om korleis den revolusjonære mobben tok livet av folk, slik det skjer med fleire personar i romanen. Den siste boka er ei artikkelsamling der den første handlar om Tienanmen-opprøret i 1989, der eg var. Det er framleis hundre prosent tabu i Kina, så eg leverte ikkje eingong boka til den kinesiske forleggjaren.

Sviket
– Kvifor skildrar du utviklinga gjennom to brør?
– I vår kultur er svik søsken imellom det verste, og det er også ein grunn til at eg nyttar to halvbrør. For kinesiske lesarar er det faktisk lettare å akseptere. Uansett er det ei bok som vekkjer debatt, men når eg skildrar jappetida som no rår etter den økonomiske reformpolitikken, er ikkje det å sidestille det med hendingane under kulturrevolusjonen. Men ein tragedie er det.

I romanen er det den driftige Skalle-Li som i staden for å gjere karriere i det lokale byråkratiet satsar på den nye tida, i ei soge der rivaliseringa halvbrørne imellom om den vakre jenta Hin Long også driv utviklinga.

I tillegg til romanane har forfattaren skrive fleire novellesam­lingar, essaysamlingar og artik­lar om både musikk og litteratur. Han var den første kinesiske for­fattaren som vart heidra med Jane Joyce Founda­tion Award.

Å oppdage folket
– Du interesserte deg tidleg også for modernistisk avantgarde­litteratur. Kva fekk 4. juni-hendinga i 1989 å seie for retninga på forfattarskapen?
– Mykje, fordi eg etter den store demonstrasjonen endeleg forstod meininga med ordet folk. Store opptog hadde eg sett før, ikkje minst under kulturrevolusjonen. Men dette var verkelege folk, og det gav meg ei ny forståing.

– Korleis var samarbeidet med filmregissøren Zhang Yimou?
– Eg var ein stor beundrar, og han var den som oftast sa at «denne setninga må vi endre litt på» for at det skulle passere sensuren. Han var ein politisk balansekunstnar, samstundes som eg beundra han for kor godt han kjende til tankegangen i kommunistpartiet. Formelt er Å leve framleis forboden i Kina, men piratkopiane florerer.

Kafka kom forbi
– Eg har lese at du tidleg vart oppteken av Franz Kafka og særleg dei to forteljingane «Landsbylegen» og «Forvandlingen». Var det så?
– Det var i ein periode då eg var fascinert av den japanske forfattaren og nobelprisvinnaren Yasunari Kawabata, fortapt på grunn av måten hans å skildra detaljar på. Eg var stor fan før eg etter tre år kjende meg mest slavebunden. Eg hadde gått til botnar i Kawabatafella då Kafka gjennom forteljingane sine kom forbi og fekk meg ut. Eg forstod at det ikkje handla om skriveteknikk, men å skrive fritt, å finne den forma som høver ein best, anten ein skriv med brei penn eller med stor detaljrikdom.

– I det mangslungne persongalleriet i romanen finn vi også tanntrekkjaren Fu. Du har sjølv same etternamn og var tannlege i fem år. Kvifor slutta du?
– Det er tjue år sidan, og den rolla kjem eg aldri til å spele meir. Far min var lege, og eg fekk eit innsyn i helsestellet som er nyttig kunnskap også for ein forfattar, men eg vart lei av å sjå inn i munnen på folk.

Kina etter Bo Xilai
– Korleis ville ein kinesisk småby som i boka stå fram i dag?
– Lagd til Søraust-Kina ville han vere midt i smørauget.

– Kva viser tilfellet Bo Xilai?
– Både han sjølv og faren Bo Yibo, som sat i politbyrået i KKP, vart råka av kulturrevolusjonen saman med fleire andre i familien. Han var eit offer for den maoismen han sjølv byrja slå retorisk om seg med, for å samle seg politisk kapital. Han er verken skurk eller helt, men det som hende, viser at Kina ikkje har vendt attende til gammal tid, og ingen vert lenger dyrka slik Mao vart det.

– Dei største problema i Kina er den enorme skilnaden mellom rik og fattig, miljøpolitikken og korrupsjonen, og dei berre aukar. Kan den nye leiinga til Xi Jinping kome nokon veg med problema?
– Ikkje utan ei avgjerande drivkraft som folket, og eg meiner samfunnskritikarane og røysta til folket no vert berre sterkare og sterkare, seier Yu Hua.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake