Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Neil Young seier det som det er

Av David Carr
,  28.09.12


Kulturjournalisten David Carr har vore på køyretur i ein Willys Jeepster convertible med Neil Young bak rattet. På ranchen hans i California har musikaren både studio, gamle bilar og to modelltog mellom gigantiske redwood-tre.

Eg kan framleis hugse korleis det lukta første gongen eg svinga inn her – «eg køyrde denne bilen», sa han og kom i hug turen i 1970 då han kjøpte staden og kalla han Broken Arrow, etter Buffalo Springfield-songen.

Skaparen av nokre av dei dystraste og mørkaste songane i amerikansk folksong-kanon verka glad denne dagen seint i august. Trass i at han var saman med ein journalist, til vanleg ikkje hans favorittmenneske, men rørslene til bilen roa han.

– Eg har alltid hatt det betre i rørsle enn når eg har stått still, sa han.

Young, som no er 66, fekk auge på dette området då han gløtta ut av vindauget på eit fly på veg ut frå San Francisco for fire tiår sidan, og no eig han 1000 acres av det. Songen «Old Man» er ei hylling av vaktmeisteren som først synte han plassen.

– Eg vart blakk, så eg selde ein del av det. Det var OK, for eigentleg var det for stort. Det er ei årsak til alt som hender. Han heldt blikket fast på den smale vegen mellom dei gigantiske redwood-trea.

Det var vanskeleg å sameine denne omgjengelege karen som dura av garde på ein solrik dag, med dei tidlegare inkarnasjonane hans: den illevarslande folkien i «Ohio», den rabiate antikommersialisten som gav MTV den musikalske fingeren med «This Note’s For You», den sinte rockaren som truga med å klabbe til kameramannen i Woodstock med gitaren sin. Han var glad for å vere her.

– Geografien har helvetes mykje å seie for kva du enn driv med, for dei kreative saftene i deg. Du må vere på ein bra stad, og då er du anten på veg dit eller på veg derifrå.

Vi skulle putle omkring nokre timar – han køyrde langsamt, men frydefullt, om lag som om bilen var ei rykande fersk oppfinning – på veg dit eller derifrå, det vil seie ranchen der Young bur med kona Pegi og son deira, Ben. David Briggs, som i mange år var Youngs produsent og ven, men som døydde i 1995, hata å lage plater her og gjorde narr av denne hermetiske tilfluktsstaden med å kalle ranchen eit «fløyelsbur».

I tillegg til studioet, der over tjue plater har vorte til, er det ein bygning som inneheld to modelltog, og ein annan der det er lagra vintage cars, og endå eit hus til som er fylt med master-opptaka hans. Lamaer og kyr streifar om under usannsynleg digre tre. Det verkar som ein konstruert stad, ei friluftsfestning som er meint å verne artisten som bur her. Men det staden har mest av, er ikkje mange menneske.

– Eg likar folk, eg treng berre ikkje sjå dei heile tida, sa han med ein flir.


Les resten av reportasjen i papiravisa, eller som PDF
her.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake