Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Demon­strativt

Av Tina Åmodt
,  21.09.12


– Vi må på fredeleg vis markere avsky mot mobbing av profeten, seier Mehtab Afsar i Islamsk Råd. Moskèforstandar Basim Ghozlan meiner at neddyssing av filmen er best.

Det kan ulme lenge, på botnen av dei store internettskogane av bloggar, heimesider og YouTube-klipp. Men om flammane fyrst blussar opp, kan det bli svært utfordrande å hindre at dei spreier seg.

Eit fragmentert utdrag av den islamspottande B-filmen Innocence of Muslims har i ei dryg veke rasa med eskalerande fart frå datamaskin til datamaskin og ut i menneskemengder på fleire kontinent. Tilbake ligg ramponerte ambassadar, hundrevis av skadde, fleire døde – for ikkje å snakke om uvisse mengder raseri og såra kjensler.

I dag samlast norske muslimar til markering mot Innocence of Muslims. Islamsk Råd har teke initiativ til markeringa, under parolen «I solidaritet mot krenkelse». Kva er i vente?

– Ei fredeleg markering, der bodskapen kjem tydeleg fram, nemleg at vi ikkje kan akseptere at profeten vår blir krenkt på denne måten, samstundes som vi vil fordøme valden som har herja i kjølvatnet av filmen, svarar generalsekretær i Islamsk Råd Norge, Mehtab Afsar.

I sitt eige møte med Innocence of Muslims lukka han nettlesaren etter ti minutt.

– Eg orka ikkje å sjå meir. Det er ikkje noko i han som eg assosierer profetar med, verken Jesus, Muhammed eller Moses. Filmen er respektlaus og skaper ikkje noko anna enn harme og uro.

– Nettet er jo fullt av antiislamsk propaganda, det verkar nærmast tilfeldig at det blei denne amatørmessige filmen som fekk vekkje så sterke reaksjonar … Kva er det med han?

– Det handlar om måten han angrip og latterleggjer og hånar profeten på. Filmen er eit ledd i islamfiendtleg propaganda, forsøpling som vil gje næring til islamofobiske haldningar som dessverre finst i samfunnet, seier Afsar.

– Ikkje mogleg å oversjå
Islamsk Råd har blitt kontakta av ei rekkje muslimar som kjenner seg krenkte av filmen. Ifølgje generalsekretæren meiner fleire å vere utsette for gjentakande hets.

– Folk forstår ikkje kvifor ein med jamne mellomrom prøver å latterleggjere profeten og islam, at behovet for å gjere det er så stort, seier Afsar.

– Men de ser det ikkje som noko alternativ å berre heve seg over slik spotting? Filmen er jo eit einmannsprosjekt, det er ytst få som tek dette på alvor?
– Nokre har grunnleggjande mangel på forståing for kva gjensidig respekt handlar om. Filmen dreiar seg ikkje om å opplyse folk, men å forsøple samfunnet med denne typen håning. Enkelte miljø meiner at muslimar berre må finne seg i dette, men ein må forstå at ikkje alle vil finne seg i at trua og identiteten ein har, blir håna og krenkt på denne måten. Den respekten må ein ha i eit velfungerande multikulturelt samfunn, svarar Afsar.

Derfor kjem muslimar neppe til å slutte å reagere på liknande episodar i framtida, trur generalsekretæren. Han har i fleire intervju denne veka kalla filmen for eit resultat av ein «sandkassementalitet» som ikkje kan aksepterast.

– Sjå berre på Frankrike og denne vekas karikaturpublisering. Ein gøymer seg bak store og flotte omgrep som demokrati og ytringsfridom, mens ein eigentleg er ute etter å spytte på islam.

Han illustrerer:

– Om du synest eg er mindre pen, hjelper det lite å fortelje meg at eg er stygg. Sjølv om du meiner at du har rett til å seie det, betyr det ikkje at du må, når det berre kjem til å såre meg.

– Fryktar ikkje vald
Mens Islamsk Råd mobiliserer til markering på Youngstorget, har den radikale gruppa Profetens Ummah varsla at dei vil demonstrere utanfor den amerikanske ambassaden.

Mehtab Afsar seier at det aldri var aktuelt å leggje markeringa til rådet dit.

– Vi stiller ikkje myndigheitene i land ansvarlege, og den amerikanske ambassaden har ikkje noko med dette å gjere.

– Er du redd for at nokon skal dukke opp med til dømes valdsherleggjerande plakatar eller bli valdelege?
– Vi oppfordrar alle til å ty til middel som skaper forsoning og bidreg til eit betre samfunn å leve i, vise kjærleik, ha eit ope sinn. Samtidig kan ein aldri utelukke at nokon kjem for å øydeleggje, seier generalsekretæren.

– Vi må ignorere filmen
Basim Ghozlan er forstandar i Det Islamske Forbundet, som driftar Rabita-moskeen, Noregs største muslimske forsamling. Han har ikkje bestemt seg for om han vil delta i markeringa i dag. Gjer han det, blir det for å markere avsky mot det han kallar mobbing. Sjølv har han valt å ikkje sjå klippa.

– Ja, filmen er heilt klart mobbing. Samstundes veit vi at mobbing av all slags religionar alltid har eksistert og kjem til å gjere det. Derfor tykkjer eg markeringa høyrest grei ut, ei felleserklæring mot mobbing og trakassering kan eg støtte, seier Ghozlan.

Ghozlam er irritert over at filmen i det heile teke får merksemd, og tykkjer valdshandling­ane er triste.

– Ekstra frustrerande er det at er muslimar sjølve som genererer så mykje merksemd rundt denne svadafilmen. Eg har snakka med mange muslimar i Oslo og har inntrykk av at dei fleste er frustrerte over det same. Filmar som dette bør ein berre ignorere, seier han.

Dei som hissar opp stemninga, er grupper som har heilt andre motiv enn å forsvare Muhammed, trur Ghozlam.

– Sjå berre på det som skjedde i Libya og Kairo. Dei som demonstrerte der, er alt anna enn praktiserande muslimar.

– Kven er dei då?
– Nokre er tilhengarar av gamle regime i arabiske land, som Al-Qathafi. Andre er ekstremistar som søkjer konfliktar og trur at grupperingar i samfunnet tener saka deira. Vi har faktisk viktige saker å ta oss av. Dei som bryr seg om profetens ære, legg merke til det som til dømes skjer i Syria, mykje verre ting. Det er slikt vi må demonstrere mot.

Ingen veit kor mange som kjem til å dukke opp på Youngstorget etter fredagsbøna i dag.

– Trur du muslimar i Noreg kjenner plikt til å markere motstand mot filmen?
– Sjølv tykkjer eg det er ei viktig oppgåve å ta avstand frå desse aksjonane som skjer, som er så øydeleggjande for alle. Eg er ikkje åleine, heldigvis. Alle kjende talsmenn, bortsett frå Al-Qaida, har sagt at her er det ekstreme krefter som brukar saka. Det er greitt å bli sint når profeten blir håna, men ein må gjere det på hans eigen måte, det vil seie å forklare og bruke informasjonskanalar, ikkje angripe ambassadar. Det er heilt uakseptabelt og stikk i strid med læra til profeten, seier Ghozlan.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake