Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Moderne ulvetider

Av Per Anders Todal
,  21.09.12


«Ulven og lammet skal beita saman», heiter det hos profeten Jesaja. Men det er vanskeleg å lage rovdyrpolitikk av dette prinsippet.

Fredag 7. september var ein dyster dag på garden til Nini og Borge Lauten i Åsnes i Hedmark. På natta hadde ulven herja vilt i saueflokken som var inngjerda rett utom tunet. Sju dyr var rivne i hel, sju var skambitne og måtte avlivast, tre lam var borte. Det eine lammet låg daudt rett innom gjerdet, under tjue meter frå inngangsdøra.

– Først trur du ikkje det du ser. Så blir du sint og fortvila, og så blir du heilt apatisk. Det er utruleg at noko slikt kan skje så tett på husa, seier Nini Lauten.

– Merkeleg nok hadde vi ikkje høyrt noko om natta, men soverommet ligg på andre sida av huset. Hunden hadde ikkje reagert heller.

Det vart fort klart kva dyr som hadde herja på garden. Ulven har ein attkjenneleg måte å drepe sau på.

– Først høgg han dei i låret for å stogge dei, så bit han dei i nakken. Det eine lammet var det berre beingrinda att av. Ein skalle vart funnen att ein kilometer borte.

Spora tyda på at det var minst to ulvar som hadde gått til åtak. Garden til Lauten-familien ligg på Sønsterud, som verkar som ein usannsynleg stad for eit ulveåtak. Dette er slett ikkje i villmarka: Det er andre gardar, vegar og opne jorde på alle kantar. Spora synte at ulvane truleg hadde kome nordfrå, kryssa fylkesveg 455 og gått gjennom ein potetåker like ved ein nabogard før dei gjekk til åtak. Det er òg straumgjerde kring sauene, men det stogga ikkje ulven. Gjerdet er under meteren høgt.

– Vi trudde ikkje vi trong noko rovdysikkert gjerde her tett ved husa. Noko slikt som dette har vi aldri opplevd før, seier Nini

Lauten. Ho har vakse opp på garden og tok over drifta med ektemannen på 1980-talet. Dei har kring 170 vinterfôra sauer. Tidlegare har sauebøndene i området hatt ein del tap på grunn av gaupe, men i dei siste åra har ulve­bestanden i Åsnes auka monaleg.

– Da vi byrja med sau, visste vi det kunne vere problem med rovdyr, men vi tenkte det var rom for båe delar, seier Lauten. Ho kjenner seg motlaus og har liten tillit til rovdyrpolitikken.

– Den heng ikkje på greip. Stortinget seier at ein skal kunne ha både beitedrift og rovdyr, men det går ikkje. Det kjennest som om bodskapen er at vi eigentleg burde slutte med denne gardsdrifta.


Les resten av reportasjen i papiravisa, eller som PDF
her.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake