Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Ein jobb, tre rekordar

Av Heidi Hattestein
,  14.09.12


Den yngste, den første kvinna og den første NHO-presidenten som blir direktør. Men vil det seie at Kristin Skogen Lund (46) er ein ny kost?

Kristin Skogen Lund blir den første kvinnelege direktøren i Næringslivets Hovedorganisasjon, i tillegg til å vere den yngste. Ho er også den første som går frå presidentvervet i organisasjonen til å bli administrerande direktør.

Per dags dato er ho ein av toppsjefane i Telenor, ho forlèt Telenor til fordel for NHO seinare i haust.

I fjor kåra Kapital henne til Noregs mektigaste kvinne, og CNN kåra henne til ei av ti kvinner på verdsbasis som er på veg opp og fram.

Ho er ei dyktig karrierekvinne, og «alle» gir uttrykk for at dei har tru på den komande NHO-sjefen.
Kudos!
Men korleis kjem ho til å feie golvet?

Ein liten elite
I Aftenposten denne veka skriv næringslivsleiar Trygve Tamburstuen kronikken «Den dumme staten» om det han kallar eit toppleiarproblem her i landet.

– Dei same personane sirkulerer i leiarposisjonane, dei premierer kvarandre, seier Tamburstuen.

– Svært mange leiarar i politikken, bedrifter, organisasjonar og forvalting har identisk bakgrunn; dei har gått på dei same skulane, bur i dei same områda og opererer i eit sams mentalt univers. Få leiarar tek ansvar for feila dei gjer. Ansvaret kjem i beste fall til uttrykk ved at dei går av, men med store fallskjermar og/eller nye jobbar, seier han.

– Er Kristin Skogen Lund ein slik leiar, eller er ho ein ny kost?
– Eg vil seie at ho er ein slik leiar, ja. Då tenkjer eg på utdanningsbakgrunnen, jobbskifta som ho har gjort så langt, og nettverka som ho tek del i. Ho passar inn i mønsteret, meiner Tamburstuen.

I rolla som president i NHO leidde Lund arbeidet med å finne ein arvtakar etter John G. Bernander og enda med å ta jobben sjølv. At ho er kompetent til å fylle Bernanders skor, er ikkje overraskande, men mange hadde venta at ho skulle dukke opp i ein annan toppleiarjobb om eitt års tid, nærare bestemt jobben som NRK-sjef.

Fleire gonger denne veka har ho blitt konfrontert med spørsmål om ho er kandidat for sjefsjobben i Rikskringkastinga. Og heile veka har ho samlebandsvara at ho ikkje greier å ha begge jobbane samstundes, altså at ho ikkje er aktuell akkurat no.

John G. Bernander gjekk opp løypa då han bytte NRK med NHO. Det er berre å følgje spora hans attende.

Gode skussmål
Det finst fleire døme på personar som har gått frå den eine toppleiarjobben til den andre: Helge Lund (Statoil), Jørgen Ole Haslestad (Yara), Rune Bjerke (DNB).

– Det interessante er at det begynner å bli nokre kvinner i dette mønsteret, seier Tamburstuen.

– Guteklubben grei slår sprekker?
– Eg har fleire gonger kritisert kvinnelege leiarar for at dei prøver å kopiere menn. Når det gjeld Kristin Skogen Lund, verkar det derimot som om ho tek med seg ein del kvinnelege eigenskapar inn i leiarrolla. Humanitet mellom anna. Eg kjenner ho ikkje, men på avstand er inntrykket mitt at ho er svært dyktig, ho står fram som sympatisk og fornuftig, seier han.

Tamburstuen har bakgrunn frå fagrørsla og er, som han sjølv seier, meir oppteken av kven som kjem til å ta over etter Roar Flåthen i LO. Berre for å nemne det, sånn at du som lesar veit kvar landet ligg.

Trass i godorda Tamburstuen har å seie om Lund, har han alt rokke å irritere seg litt over den komande NHO-sjefen.

– NHOs jobb er å ta hand om arbeidsgjevarsida, den er grei. Men eg må jo seie at eg reagerer når Lund denne veka uttalar at vi må akseptere at folk blir rike her i landet. Det er greitt dersom dei har blitt rike på å skape realverdiar i produktive verksemder, men faktum er at mykje av rikdomen dei seinaste åra kjem av rein og skir pengeflytting. Dette såg vi mellom anna i USA i 2007, før krakket og finanskrisa. Då stod finanssektoren for tjue prosent av BNP. Det er noko som er grunnleggjande feil når pengeflytting står for ein femtedel av ein nasjons økonomi.

– Likeins er det noko som er gale i retorikken når folk som Stein Erik Hagen og Robert Reitan blir styrtrike på å «gjere Noreg billegare». Det er jo opplagt at dei har skumma fløyten, bokstavleg tala.

Imponerande kapasitet
Kristin Skogen Lund har hatt ein respektabel karriere, og i tillegg har ho ektemann og to tvillingpar på heimefronten. Det er mildt sagt imponerande, men det er «ikkje» meir imponerande enn å vere firebarnsfar og toppleiar. Ektemannen hennar har sjølv ein krevjande jobb som advokat.

I eit intervju med Computerworld fortel ho om kvardagen:

«Det er nesten alltid ein av oss ved middagsbordet, men det er ikkje ofte at alle er til stades samstundes. Eg ønskjer at borna mine skal ha tryggleik. Eg følgjer dei opp, bryr meg om dei og stimulerer dei. Eg legg dei ofte om kvelden, då brukar vi god tid på å snakke saman. Eg opplever at vi er ein velfungerande familie. Vi har valt å gjere det på denne måten. Men viss ei kvinne ikkje får støtte frå mannen sin, er det nesten umogleg. Til det har kvinner for mykje samvit.»

Potensielle konfliktområde
Viss Fafo-leiar Jon M. Hippe skal gjette – noko han ugjerne gjer, han føretrekkjer fasiten – så trur han at NHO kjem til å halde nokolunde same kursen under Lund som under Bernander.

– Eg trur vi kjem til å sjå kontinuitet i form og innhald, seier Hippe.

– Ho har mykje å ta tak i. Sjølv om ein kan seie at Noreg og dei andre nordiske landa har greidd seg fint i ein svært krisefylt periode på grunn av styrken som ligg i koordinert lønsdanning, samarbeid mellom sterke organisasjonar i arbeidslivet og mellom partane og styresmaktene, så er det teikn på aukande usemje rundt den nordiske modellen. Det blir spennande å sjå om Lund vil vere ein pådrivar for å styrkje han, eller om vi kjem til å sjå eit meir kritisk og konfliktviljug NHO.

– Korleis vi handterer ei rekordstor arbeidsinnvandring og kva løn- og arbeidsvilkår som skal gjelde, er døme på nyare konfliktområde, altså debatten om sosial dumping.

– Når det gjeld NHOs breiare, politiske innretning, har dei siste NHO-konferansane vist ein spissare kritikk mot velferdsstaten og offentleg sektor. Det blir difor spennande å sjå korleis NHO posisjonerer seg både til fagrørsla og dei politiske miljøa under Lund.

Kjønn, ei symbolsak
Også Hippe gir den komande NHO-sjefen gode skussmål.

– Ho både er, og har ord på seg for å vere, ryddig og tydeleg. Ho opptrer ordentleg. Ho har brei næringslivserfaring, noko som vil kome godt med når ho skal handtere medlemene. Dessutan har ho røynsle frå begge sidene av bordet, altså både arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida, og det kan vise seg å vere ein styrke når ho skal mobilisere eigne medlemer, men også forhandle med fagrørsla og styresmaktene.

– Er det noko poeng at ho er kvinne?
– Det er eit gjengs ønske om fleire kvinnelege leiarar, men bortsett frå det reint symbolske så trur eg ikkje det er avgjerande.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake