Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Planlagt drap på USAs ambassadør

Av Walid al-Kubaisi
,  14.09.12


Den provoserande filmen om muslimar var ikkje grunnen til åtaket på USAs ambassade i Libya 11. september.

Grunnen til åtaket på USAs ambassade i Libya er ikkje at folk er opphissa over den to månader gamle filmen Inno­cence of Muslims. Filmen er unyansert og meint å provosera.

Men å tru at filmen var årsak til drapa og opprøra, er likevel villeiande for dei som prøver å følgja utviklinga i Midtausten. For hendinga skjedde på same tid som salafistar òg gjekk til åtak på USAs ambassade i Egypt. Begge hendingane skjedde 11. september og etter at Al-Qaidas leiar Ayman al-Zawahiri stadfeste at Abu Yahya frå Libya, ein av leiarane i Al-Qaida, vart drepen av amerikanarane.

Ansar al-Sharia i Libya, som var ansvarleg for åtaket i Libya og Egypt, er nær knytt ideologisk og sekterisk til Al-Qaida. Ansar al-Sharia har stor makt mellom folk i Libya.

Den siste tida har mange leiarar i Ansar al-Sharia gjort reiser til Egypt der dei har vitja salafistar for å utveksla meiningar, råd og samarbeid med brør som støttar jihad og heilag krig.

Alt tyder difor på at åtaket på ambassaden i Libya var planlagt og ikkje spontant. Åtaket starta frå ein av statens bygningar som ligg få kilometer frå konsulatet. Tretti bilar og om lag femti personar som var velorganiserte og væpna, skaut rakettar og trefte måla presist.

Det første åtaket tok til klokka 22.00. Alle rømde frå konsulatet unnateke ambassadøren og to medarbeidarar. Etter eit kvarter, då røyk fylte byg­ning­en, starta det andre åtaket: Dei kom inn i konsulatet og tende fyr på det og tok ambassadøren med seg ut av bygningen. Dei prøvde kanskje å kidnappa han, men den døde lekamen hans vart sidan levert ved flyplassen. Då Alnsar al-Sharia vart ferdig med åtaket, kom pøbelen for å herja og plyndra.

Det som skjer i Libya no, er urovekkjande. Valdelege, ekstreme islamistar som tidlegare fekk hjelp av USA mot Gaddafi, syner no sitt sanne andlet.

Walid al-Kubaisi er forfattar, statsstipendiat og fast skribent i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake