Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


– Meir vald mot minoritets­homofile

Av Tina Åmodt
,  14.09.12


Å få juling av far, bli utpressa eller måtte høyre at når oldemor ligg for døden, kjem det av at ein lever i synd: For nokon er dette straffa for å vere homofil.

Kvar dag skjer det. Lesbiske, homofile, bifile og transpersonar med minoritetsbakgrunn opplever grov fridomsinnskrenking. Sjølvsagt finst det unnatak, happy endings. Men homofobi er i delar av befolkninga eit stort problem og i nokre innvandrargrupper frå Midtausten, Afrika og sørvest-Asia så stort at konsekvensane kan bli svært alvorlege:

Med slektningar og nær familie bak taumane blir mange ut­­sette for systematiske valdshandlingar, psykisk terror, tvangs­ekteskap og utfrysing. Fleire får drapstrugsmål på grunn av legninga si.

Av samansette årsaker vel ein del å leve dobbeltliv i heterofile ekteskap og anten «kapitulere» eller aldri fortelje familien om at dei eigentleg blir dregne mot sitt eige kjøn.

Andre får til å leve i openheit – men sjeldan utan langvarig kamp.

Dette gjeld folk som bur i Noreg, i norske byar og kommunar. I eit samfunn der homofiles rettar står sterkare enn nokon gong, fell desse menneska utanfor lovverket. Korleis kan det bli slik? Kvifor følgjer ikkje fleire i fotspora til Amal Aden og Kaltham Lie, kvifor er historiene så bortgøymde?

– Eg forstår kva du er på jakt etter, og at det er viktig at vi fortel. Men eg vil ikkje, ikkje no.

Den unge dama lukkar munnen, ser bestemt, nærmast strengt på meg. Er du sikker, spør eg, du kan jo vere heilt anonym?

Ho ristar på hovudet.

– Plutseleg er det nokon i familien som les artikkelen og kjenner meg att, det kan berre vere på ein ørliten detalj. Og då veit eg ikkje kva som kan kome til å skje, ikkje sant?

Les resten av reportasjen i papiravisa, eller som PDF
her.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake