Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Dylan på sitt beste og mørkaste

Av Øyvind Pharo
,  07.09.12


Tempest er ein amerikansk undergangssaga med den definitive balladen om «Titanic» som sjølve høgdepunktet.

BOB DYLAN
Tempest
Columbia/Sony

Så er han her, LP nummer trettifem frå Bob Dylan. Vi kunne ha kalla det jubileumsalbumet, no som det er femti år sidan debutplata med det ikoniske cover­fotografiet av trubaduren som ung mann med Woody Guthrie-lue symbolsk planta høgt på hovudet. Når den same aldrande trubaduren har lanseringsdato 11. september for plata med den lagnadstunge tittelen Tempest («Storm»), er det klart at dette ikkje blir eit lystig jubileum.

Kraftig kost
Nokre av låtane er rett nok like mjuke og forførande med smeikjande steelgitar som dei mest kurrande kjærleikssongane på Nashville Skyline (1969), men følgjer du med på tekstene, viser dei seg som uhyggjelege mordballadar og nattsvarte undergangsvisjonar, slik som det over tretten minuttar lange tittelsporet med ei draumliknande skildring av «Titanic»-forliset i sakte kino. Albumet er kort sagt kraftig kost, med songar om vanvit, hat, brutalitet, begjær, sjalusi, misunning, hemn, menneskeleg dårskap og, mest av alt, mannen med ljåen, døden. Her er inga forkynning om frelse utover den overskridinga som musikken, songen og kunsten sjølv gjev ved å løfte oss utover det timelege. Det er lenge sidan Dylan var erklært kristen.

Tempest er det beste albumet han har laga i den seine blømingsfasen som starta med comeback-albumet Time Out of Mind (1997) som avløyste femten–tjue år med ujamne plater. Samstundes er det det mørkaste albumet sidan milepælen Blood on the Tracks (1975). Tempest aspirerer med andre ord til ein topp-ti-plass for Dylans beste album.

Klokkereint
Som produsent har Bob Dylan under dekknamnet Jack Frost endå ein gong fått fram eit klokkereint, varmt og organisk sound med dei same fem musikarane som har vore meir eller mindre det faste road-bandet på hans Never Ending Tour gjennom heile 2000-talet. Dei er telepatisk samspelte som den musikalske eksternaliseringa av det indre Dylan-universet.

Gitarist Charlie Sexton er kapellmeister, og veteran Tony Garnier forankrar det heile med pulsslag frå følsam bass. Gjestemusikar David Hidalgo frå Los Lobos spelar zydeco-blues på trekkspel som om han skulle vere den avdøde kjempa Clifton Chenier, og doblar med multi­instrumentalisten Donnie Herron på fiolin.

Kler å bli eldre
Tekstene til 71 år gamle Dylan er forbausande lette å oppfatte denne gongen. Paradoksalt nok har røysta hans blitt meir ut­­trykksfull med åra. Dylan kler å bli eldre. Diksjonen er klar, det er som om han ønskjer at vi skal høyre etter. Tekstene er meir tilgjengelege enn vanleg og mindre prega av biletstraumane han lærde av T. S. Eliot og dei franske symbolistane.

Han er meir ein songpoet som boltrar seg i enderim og innrim og kryssrim. Tekstene er likevel fulle av innlån og allusjonar, frå Shakespeare (skodespelet Stormen / The Tempest) og William Blake til Beatles, bluestradisjonen, gospeltekster og afroamerikanske skryterim, legitimt fletta inn i eigne strofer, gjennom det som Pete Seeger kalla «the folk process».

På eit par songar er han rusten i målet, som i den aggressive Rolling Stones/Flying Burrito Brothers-aktige «Pay in Blood», der han syng så raspande at det surklar trugande i lungene: «I pay in blood, but not my own – my head’s so hard / it’s made of stone I pay in blood, but not my own / man can’t live by bread alone / arms and legs, body & bone, I pay in blood but not my own.»

Mørk togreise
Albumet opnar rett nok med ein lett og munter «Duquesne Train» (der Duquesne rimar på Train). Ein uramerikansk song om å lytte til togfløyta som skjer gjennom lufta i eit vill-vest-soundtrack, der rytmen til det pumpande damplokomotivet er i slekt med lyden av dei galopperande hestane til cowboyane. Fart og fridom forvandla til det musikalske uttrykket til togbluesen og ein western-swing-shuffle. Song­en er som ein oppstemd ouverture som oppfordrar til å bryte opp. Det skal snart bli mørkare på togreisa.

I «Soon after Midnight» er vi i ei velprodusert blanding av klassisk Nashville-sound og melankolsk uskuldsrein New Orleans-pop frå tidleg 60-tal. Ein kan formeleg sjå Elvis-pianisten Floyd Cramer glise medan han trillar ut dei gråtande tonane til «Last Date» før Dylan sjølv syng som ein smektande og tilsynelatande uskuldsrein Fats Domino: «It’s soon after midnight and my day is just begun / Met a gal named honey, she took and spent my money / as she was passing by / but it is soon after midnight and the moon is in my eye.» «Narrow Way» er tung og hylande elektrifisert outlaw-deltablues, med same monsterriffet på gitar heile låten til ende. Mørkt og beiskt om kjærleikssorg, tap av sjølvrespekt, hemn og gjengjelding; «... your father left you, your mother too, even death has washed his hands of you ... this is a hard country to stay alive in / bleeds everywhere / I’m armed to the hilt».

«Long And Wasted Years» er endå ein song som læt som vakker countrysoul, men denne handlar også berre om hemn, svik og bedrag i eit samliv.

Appalachia-tradisjon
«Scarlet Town» er den første av dei tre store balladane som utgjer hjørnesteinane på albumet. Desse balladane er tekne rett ut av den levande tradisjonen i dei isolerte Appalachia-fjella som Dylan og folkevise­generasjonen hans lærde av. Musikken kom frå etterkomarane av dei anglo-skotske innvandrarane som tok med seg balladar som gjekk fleire hundre år tilbake i tid. Den mest populære balladen var «Barbara Allen», ho var frå Scarlet Town. Han som døydde av kjærleik til henne, var Sweet William. William dukkar opp i «Scarlet Town», som skildrar byen som ein slags amoralsk draumetilstand, der dei vonde og dei gode lever side om side: Ikkje akkurat noen gladlåt, men med ein svevande og grasiøs melodi, fløyelsmjukt spela. Den mest gåtefulle songen på plata.

«Early Roman Kings» er ein praktfull rip-off av Bo Diddley­s macho-skryteblues «I’m a Man», frå 1955 med karibisk rytme voodoo-pulver. Pass opp for alle gangsterar, mafiabossar og røvarkaptalistar, seier Dylan. Dei er som «Early Roman Kings»: «I’ve had my fun I’ve had my fling I’ll shake ’em on down like the early Roman kings – they’re peddlers and they’re meddlers ...»

Trekantdrama
«Tin Angel» startar med mandolin og kontrabass. Ein valdsfylt kjærleiksballade om ein trekant der alle døyr til slutt. Kvinna tek livet av seg sjølv etter at ho har drepe den sjalu ektemannen som har skote elskaren. Det som skjer, kan vi lese om i avisa kvar måndag, men Dylan set handlinga i eit univers som dels er riddarborger i Skotland, dels ein meksikansk hacienda sør for Rio Grande på 1800-talet, dels eit æresdrap kvar som helst i verda i dag. Det er tidlause drama i balladane, og sjølve den dramatiske forma får fram forteljaren i Bob Dylan, slik at mellomalderballaden møter Cormac McCarthy og gangsta rap.

Det toppar seg i katastrofeballaden «Tempest», inspirert av melodien i The Carter Family-songen «The Titanic». Her får vi ein shanty i sakte valsetakt, med doble feler, voggande på havet:

«The pale moon rose in its glory out over the western town / she told a sad, sad story of the great ship that went down / cause the 14th day of April over the wave she rode / sailing into tomorrow to a gilded age foretold / the night was bright with starlight, the seas were sharp and clear / lights moving through the shadows / we’re steady gliding over the foam / all the lords and ladies heading / for the eternal home». Vaktmannen fall i svevn og drøymde at skipet sokk: «– the ship was going under, the universe was opened wide ...»

Mørkt menneskesyn
Dette er opptakta. I folketradisjonen blei forliset ofte framstilt som Guds straffedom; der er ikkje Dylan, i så fall måtte skildring­ane hans av mørkret vere apokalypsen og dommedag. Eg trur Dylan har eit mørkt menneskesyn, og han brukar dei bibelske førestellingane reint litterært. Det er vanskeleg å høyre katastrofeskildringa hans utan å tenkje på tvillingtårna. Når heile denne dødsdansen ned mot havbotnen er over, avsluttar han med ein nedstrippa, enkel minnesong om John Lennon, som måtte døy for mordarhanda til ein galning. Dylan flettar versliner frå «A Day In the Life» inn i William Blakes «Tiger, tiger, burning bright in the forests of the night», i eit av dei mest siterte dikta i den engelskspråklege poesien, der Dylan har sin rettelege plass.

Så er sirkelen er slutta, for i 1962 song han på radio ein bluessong bygd på tradisjonelle liner. Den heitte «Roll on John». Kva betre tittel kan han bruke til å heidre artistkollegaen som er på dei evige jaktmarker? Att sit den einsame Bob Dylan. Ingenting tyder på at han legg ned penn eller gitar. Og enno ber røysta, hås og rusten, styggvakker og sterk. Tempest er eit stort album.


Øyvind Pharo er forlagsredaktør og fast musikkskribent i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake