![]() |
|
|
Det schizofrene landet Av Ronny Spaans , 07.09.12 Amsterdam: Med Geert Wilders forsvann den nederlandske toleransen, heiter det. Men har Nederland nokon gong vore tolerant? Spørsmålet fører meg til ytterpunkt i det nederlandske samfunnet. VALET I NEDERLAND –Den økonomiske krisa i landet er liksom tørketida i det gamle Israel berre eit ytre teikn. Nederland er råka av ei åndeleg krise. Liksom israelittane i Det gamle testamentet har nederlendarane vendt ryggen til Gud. Eg er på gudsteneste og høyrer på den kalvinistiske pastoren J. N. Zuijderdijn. Ut frå talen, klesstilen og kyrkjeinventaret skulle ein tru vi var i år 1712, ikkje i 2012. Zuijderdijn ber ei svart kappe. Alt av inventar i kyrkja, bortsett frå benkene, er preikestolen og kyrkjeorgelet. Her finst inga altartavle, altar eller døypefont. Biletforbodet i kalvinismen krev ein sober og rein stil. «Heller muhammedansk enn papistisk», sa ein kalvinistisk teolog på 1600-talet. Det var før tidsalderen til masseinnvandringa. I dag er utsegna meir aktuell enn teologen den gongen kunne ha drøymt om. Eg er komen til landet åt liberalisme og fridom. Men midt i det vestlege Europas tolerante høgborg, Nederland, finst Europas eigne fundamentalistar: «Taliban på treskor» blir dei kalla.
« Tilbake |
![]() |
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|