Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Nasjonalromantiske klisjéar

Av Klaus Johan Myrvoll
,  24.08.12


Terje Nordbys skodepel har lite med den historiske Knut Alvsson å gjera.

SKODESPEL
Akershus festning:
Kongeblod. Mordet på Knut Alvsson
av Terje Nordby
Premiere på Akershus festning 18. august 2012. Regi: Lasse Kolsrud. Musikk: Henning Sommerro. Scenografi: Torkel Skjærven.
Manuset utgjeve på Dreyers forlag 2012

Nordmenn elskar historiske utespel. No har Akershus festning òg fått sitt, lausleg tufta på soga om riddaren Knut Alvsson som vart drepen på eit skip utanfor festninga i 1502. Og det er ingen tvil om at det fungerer som utespel: Her er flotte tablå, mektig musikk (som ein kunne venta av Henning Sommerro), tidstypiske kostyme, levande hestar, innslag av gjøglarhumor og dessutan gode skodespelarprestasjonar.

Manuset er derimot ikkje so godt. Det vert serleg tydeleg når ein les det som bok, utgjeven på Dreyers forlag. Det er fylt opp til randa av klisjéar og anakronismar. Tonen er høgstemt nasjonalromantisk, som når kona til Knut, Mette, seier til mannen sin: «Jeg drømmer om at vår eldste sønn skal kunne arve, ikke bare jord og gods, men også en tittel og en høyverdig livsoppgave.» Andre gonger vert det heller platt, som når Knut skal forklåra meininga med livet: «[Jeg] er takknemlig over å være menneske på jorden når jeg rir over vollene om våren og ser isen smelte, omtrent slik hesten min er glad for å være hest.»

Ikkje truverdig
Verre er det at manusforfattar Terje Nordby ikkje maktar å gjera Knut Alvssons oppreist mot kong­­en truverdig. Hjå Nordby vert det til ei soge om nasjonal vakning, tre hundre år før tida. Handlinga er som fylgjer: Som hovudsmann på Akershus vert Knut vitne til at fem tilfellelege bønder vert dømde til dauden for drapet på ein valdeleg fut på Romerike. Han vil setja ut fullføringa av domen, men arvefienden og kong Hans’ trugne tenar – skurken i stykket – Henrik Krummedike tek styringa og får eksekvert domen, samstundes som Knut vert avsett som hovudsmann. Etter dette innser Knut brått at han er etla til å verta konge i eit sjølvstendig Noreg. I ein lang monolog går han gjennom konge­­rekkja frå Harald Hårfagre – med stor patos og mange feil på vegen – ned til honom sjølv, som er den «eneste mann i live som er Håkon den femtes etterkommer i syvende ledd».

So aukar tempoet: Knut allierer seg med den svenske adelsmannen Sten Sture, utan at han får spela nokor rolle i dramaet leng­er fram, og mobiliserer folk frå ymse hald av landet til ei reising mot danske kong Hans. Det heile endar med at Knut inntek Akershus, men vert lurd i ei felle: Han vert hoggen ned av Henrik Krummedike då han trudde dei skulle tinga om forlik, men får ein siste minutt oppleva å ha den raude kongekappa på.

Lite sant
Utanom den bråe endelykta er det lite eller inkje av dette som er sant. I røynda måtte drapet på futen på Romerike verta oppfatta som eit åtak på Knut sjølv – det var hans fut –, og Knut ville at bøndene skulle dømast hardt. Han bad Henrik Krummedike om hjelp til å tukta bøndene, men vart overraska då Krummedike synte seg å vera skånsam; ingen vart avretta, bøndene fekk pengebøter i staden. Her synte Krummedike seg som ein større realpolitikar enn Knut Alvsson: Han såg ikkje nokon grunn til å tirra opp bøndene uturvande. Det større politiske bakteppet var at det på denne tida var ei rad oppreistar mot danskestyret i Sverige, og kongen og hans mann i Noreg hadde alt å vinna på å dempa motsetnadene. Venteleg har òg Krummedike visst å nytta drapet til å svekkja Knut Alvssons posisjon – ein hovudsmann som ikkje kunne halda ro og orden i eige len, var lite verd. Det kan forklåra avsetjinga, som i røynda hende fyrst nokre månader etter rettssaka.

At Knut Alvsson søkte alliansar med svenske adelsmenn, er ikkje uventa med tanke på at han hadde godsinteresser i Sverige; farfaren var svensk, og han hadde vore gift svensk. Denne svenske tilknytinga kan ha vore med på å gjera Knut suspekt i utgangspunktet; kor lojal var han? Rivaliseringa med Henrik Krummedike, som på si side hadde jorde­gods i Danmark, har so drive Knut lenger i denne leia. Han kan ha sett for seg ein svensk-norsk union, men at han personleg skal ha hevda krav på den norske trona, er teke or lause lufta.

Knut var nok ein ovmodig adelsmann, men han såg ikkje på seg sjølv som «konge». Den indirekte påpeikinga av ned­ættinga frå Håkon 5. i gåvebrevet til Maria­kyrkja (1500) må helst lesast i det ljoset: Det var ein sosio-kulturell kapital som det kunne vera opportunt å minna om, men heller ikkje meir. I Nordbys skodespel er dette uttøygt til sjølve motivasjonen for oppreisten. Og nei, Knut Alvsson var ikkje den einaste etterkomaren av Håkon 5. på denne tida; det same var til dømes kong Hans, og då gjennom den legitime dottera Ingebjørg, ikkje frilledottera Agnes, som var ættemor åt Knut Alvsson (og ei rad andre norske adelege).

Nasjonal tråd
Ingen av desse kompliserande faktorane vert tematiserte i stykket; det ville ha skjepla den nasjonale tråden, der Knut Alvsson vert den som kunne lyst opp i den myrke «firehundreårsnatta». Det er den nasjonalromantiske lesinga av Knut Alvsson frå 1800-talet som her vert presentert på nytt for publikum; Knut Alvsson var ein nasjonal førar og martyr. Tydelegast vart denne oppfatninga utmeisla av den unge Henrik Ibsen: «Hugget i Knud Alfsøns pande var et hugg i Norges hjerte.» Om denne oppfatninga skriv Halvard Bjørkvik i den seinaste store noregshistoria (1996): «Det vil være like misvisende å si at Knut Alvsson hadde et nasjonalt siktepunkt for sin politikk som å si det motsatte om hans motmann, Henrik Krummedike. Ønsket om personlig makt var fremtredende hos dem begge.»

Det det heile kokar ned til, er at Krummedike var ein betre politikar og strateg enn Knut Alvs­­son. Han var pragmatisk og vart verande lojal mot kong­en, noko som lønte seg. Knut Alvsson, derimot, gjekk på nederlag etter neder­lag, fyrst ved bondeoppstanden og domen over bøndene, so ved tapet av Akershus, og endeleg ved utfallet av oppreisten. Alliansane og strategiane hans førde rett og slett ikkje fram.

Utdatert
Kvifor byggjer Nordby spelet sitt på utdatert historieskriving? Dei tolkingane eg har peika på ovanfor, er det brei semje om mellom norske historikarar, og dei er lett tilgjenge­lege i oversynsverk for perioden av Lars Hamre, Ole Jørgen Benedictow og Halvard Bjørkvik. Éin ting er i alle fall sikkert: Den faktiske soga om rivaliseringa mellom Knut Alvsson og Henrik Krumme­dike er meir fascinerande enn dei nasjonalromantiske fantasiane til Terje Nordby.

Klaus Johan Myrvoll er stipendiat i norrøn filologi og fast bokmeldar for Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake