Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Ein pinsam sommarskandale

Av Ingrid Hjertaker
,  24.08.12


Sommaren har gjeve oss ein finans­skandale like spanande som ein spen­ningsroman, med konspirasjonar, astronomiske summar og moglege arrestasjonar.

Historikaren Harold James skriv at europeisk historie er prega av ei rekkje sommarkriser. Denne sommaren har den mest omtala finanskrisa vore rentemanipulasjonsskandalen knytt til Londonbaserte LIBOR. Barclays var fyrste bank ut blant tjue bankar som no er under etterforsking. Den britiske storbanken måtte ut med heile 2,7 milliardar kroner i bøter til amerikanske og britiske finanstilsyn. Summar som dette, i tillegg til dei pinsame e-breva som har vorte offentleggjorde, har gjeve journalistar ein enkel jobb med å skaffe framsidestoff i sommar. Trass i at pressedekninga har vore omfattande, har ho vore lite presis, og LIBOR-skandalen har samstundes vorte underdriven og overdriven.
«Kompis, eg skuldar deg ei kjempeteneste! Kom innom ein dag etter jobben, og eg opnar ei flaske champagne.» I Barclays-saka har det kome fram ein brote e-brev av dette slaget som viser omfattande juks attende til 2005. Meklarar i banken som sat på derivatinvesteringar, kom med reine bestillingar på kva rentenivå dei ynskte til dei som hadde ansvaret for å rapportere inn til LIBOR.
«Om renta kjem inn uendra, er eg ein daud mann.»

Kva er LIBOR?
LIBOR står for London Interbank Offered Rate og er ein dagleg bench­mark for banklån. LIBOR-renta gjev ein målestokk for kva det kostar bankar å låne av kvarandre. Dagleg vert det publisert hundre og femti ulike LIBOR-renter, som gjev eit bilete av lånekostnad for bankar i ti ulike valutaer og for femten løpetider. Fordi LIBOR skal gje eit bilete av lånekostnad til kvar ei tid, vert LIBOR nytta som basisrenter for ei rekkje lån og verdipapir over heile verda, inkludert bustadlån, studielån og kredittkortgjeld. Det er ikkje lett å rekne seg fram til nøyaktig kor mange verdipapir som er kopla til LIBOR, men eit forsiktig anslag gjev oss ein sum på om lag 2000 billionar kroner, der mesteparten er derivatkontraktar. Tidlegare trader og forfattar Satyajit Das meiner det er snakk om ein dobbelt så stor sum. Uansett er dette astronomiske summar som gjer det mogleg for bankar å tene stort på sjølv ørsmå renteendringar. Bankar har difor særs freistande insentiv til å manipulere LIBOR, men korleis fekk dei det til?

Konspirasjonen
LIBOR vert rekna ut og publisert av ein privat, britisk bankorganisasjon som nyttar fleire panel av bankar i utrekninga av rentene. Panela består av mellom åtte og tjue bankar som dagleg melder inn kva dei meiner dei kan låne for i den internasjonale pengemarknaden. For å unngå manipulasjon og få eit mest mogleg korrekt gjennomsnitt vert den høgaste og lågaste fjerdedelen av innrapporteringane i kvart panel ekskludert når gjennomsnittet skal reknast. I eit panel med tjue bankar vil dei fem som melde inn lågast, og dei fem som melde høgast rente, verte ekskludert, og den publiserte renta for denne kategorien er gjennomsnittet for dei resterande ti bankane.
Denne strenge metodologien har fått mange til å påstå at ein rentemanipulasjonen er nøydd til å vere eit resultat av ein storkonspirasjon, som inkluderer minst ein fjerdedel av bankane i panelet. Dette stemmer ikkje heilt, og i så måte har LIBOR-skandalen vorte overdriven. Ein einskild bank kan manipulere renta åleine berre med ei god gjetting om kva dei andre bankane skal melde inn. Om juksarbanken melder inn ei kunstig låg rente som han veit vil vere så låg at ho ikkje vert inkludert i grunnlaget for utrekning, har banken lukkast i å påverke gjennomsnittet i ynskt retning. Sjølv små desimalendringar kan resultere i store vinstar og tap for bankar som har derivatkontraktar knytte til LIBOR.

Kriminelle handlingar?
Sjølv om ikkje ein storkonspirasjon er naudsynt for å kunne påverke LIBOR, syner e-breva som finanstilsyna har samla inn, at det har vore samarbeid mellom traderer i ulike bankar ved fleire høve. E-breva har også avslørt at dei involverte var godt klåre over at det dei gjorde, var gale: «Ikkje snakk for mykje om det», «Dette kan kome tilbake til oss».
Til skilnad frå mykje av den andre suspekte åtferda som har kome fram i lyset i finanskrisa, er desse handlingane klårt ulovlege. Å rapportere inn informasjon du veit er feil, er straffbart etter finans- og verdipapirlovene i dei fleste land. Finanstilsyna på begge sider av Atlanteren vonar difor at dei no kan føre vellukka straffesaker mot delar av sektoren. LIBOR-skandalen har i sommar vekt eit sterkt folkeleg sinne mot banknæringa både i USA og i Storbritannia som landa ikkje har sett sidan hausten 2008, og ei straffesak kan vere gunstig for styresmaktene.
Trass i både juridisk heimel og folkeleg støtte for straffesak kan det vise seg vanskeleg å få dømt nokon i LIBOR-saka. Førebels har bankane nytta eit forsvar som går ut på å vise til at andre bankar har juksa endå meir enn dei sjølve. Det ryktast at somme bankar har fått immunitet mot straffeforfylgjing i byte mot å levere inn dokument som kan vere prov mot andre bankar, men her vil ikkje finanstilsyna kommentere. I fleire veker har den internasjonale finanspressa meldt om nært føreståande arrestasjonar, men førebels har lite hendt.
Eit mogleg utfall av saka kan vere at bankane under etterforsking går saman om eit gruppeforlik. Eit slikt forlik vil resultere i ei bot per bank som er langt mindre enn den Barclays fekk, og difor betre for bankane. Den samla summen vil derimot vere stor nok til å skaffe overskrifter og gje ein tilsynelatande siger til styresmaktene.

Ingen offer?
LIBOR-skandalen har også vorte underdriven. Om rentene var kunstig låge ei stund, tente vel dei fleste på det, er det mange som hevdar. Det faktum at berre ein brøkdel av låna til vanlege folk er direkte knytt til LIBOR, fekk den kjende amerikanske økonomijournalisten Larry Kudlow til å hevde at dette var eit brot utan offer («a victimless crime») og ikkje noko å bry seg om. Dette er heller ikkje sant. Mange partar har lide store tap som fylgje av rentesikringsinstrument knytte til LIBOR («interest-rate swaps»), blant desse er investorar i Collateralized Debt Obligations, gjeldsinstrumenta som stod i sentrum då finanskrisa braut ut i 2007/08. Om rentene var lågare enn dei skulle ha vore for ein del lån, er det ein kreditor/investor på den andre sida av gjelda som har tapt. Uansett om ein finn eit verdig offer eller ikkje, er det eit alvorleg brot å manipulere ei av dei viktigaste rentene i den globale finansmarknaden.
Skandalen kring LIBOR har fått styresmakter, finanspressa og delar av finanssektoren sjølv til å krevje ein alternativ benchmark som kan fylle same funksjon, men ikkje er like utsett for juks. Det britiske finanstilsynet set denne veka i gang med eit stort utgreiingsarbeid med dette føremålet, men førebels er det få eksisterande tenester som kan ta over den sentrale rolla LIBOR i dag spelar. Førebels ser det ut til at verda må leve med det som no på folkemunne vert kalla LIE-BOR.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake