Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Flinke ferskingar

Av Margunn Vikingstad
,  10.08.12


I Signaler 2012 finst det heilt klart spennande og gode historier, men har redaktør Kristin Berget rett i at antologien òg rommar tekstar som utforskar grensene i litteraturen?

DEBUTANTANTOLOGI
Kristin Berget (red.)
Signaler 2012
Cappelen Damm 2012

Spørsmålet bør kanskje heller stillast slik: Kva er eigentleg grensene i samtidslitteratur, om det framleis finst grenser der? Den finske forfattaren Minttu Vettenterä skapte i sommar debatt i heimlandet då det viste seg at historia om 15-årige Elisa som tek sjølvmord etter mange år med mobbing, truleg ikkje var sann likevel. Å utfordre grensa mellom fiksjon og fakta, som i Vettenteräs En dag vil angeren komme, er ikkje nytt, men det skaper same kva debatt. Slik ser visse etiske grenser ut til å vere stabile i litteraturen. Som Ingunn Økland skriv om saka i Aftenposten 4. august 2012: «Plutselig er det klassiske regler som gjelder også i vår moderne mediekultur: Er det sant?»

Gode grep
Maria Sands tekst «Happy birthday mister president» er kanskje det som mest kan likne på ei utforsking i Signaler 2012. Då snakkar vi ikkje om utforsking av sanning, men av sjanger. Med undertittel «Et dukketeater for to mennesker» formar Sand ein leikande og alvorleg tekst og skaper etter kvart òg eit stort ubehag. Maria Kjos Fonn har òg skrive ein god tekst, om jenterelasjonar, om å vere annleis, om Emily Dickinson og om boksing. Ho viser ei tydeleg litterær finkjensle og skriv setningar som set avtrykk, tematisk og stilistisk. Eit eksempel: «Jeg lærer deg å bokse. Du lærer meg å glemme. Fair play.»

Hos Ingrid Melfald Hafredal handlar det om mor som græt i andre etasje, mens far prøver å dekke over. Ho skriv fram vare, triste og vakre minne, der ein farfar og eg-forteljarens opplevingar med å male saman, er særleg fint skildra. Til liks med Fonn, skaper Hafredal korte, treffande setningar som viser eit godt litterært grep, sensitivitet, ein vilje til tematisk alvor og til å reflektere rundt vilkåra for skriving.

Tida det tar
Felles for debutantane i Signaler 2012, om dei skriv prosa, dramatikk eller lyrikk, er at dei er stødige skribentar. Friksjon i relasjonar, nære eller meir tilfeldige, er eit gjennomgåande tema. Utforskinga er relativt forsiktig, og ingen av debutantane ser ut til å prøve å rokke ved grenser i samtidslitteraturen. Slik blir Kolons skjønnlitterære antologi av året, Gruppe 12, hakket meir interessant nettopp fordi skribentane der i større grad utfordrar litterære konvensjonar.

Det tar tid å utvikle seg både som kritikar, som forfattar, og som lesar. Det tar tid å utvikle sin eigen smak og kjenne seg trygg i det, som kritikar Kaja Schjerven Mollerin sa i eit intervju i Klassekampen i sommar. Mellom anna derfor er det ein fin tradisjon i Cappelen Damms debutantantologi å la debutantar stå side om side med etablerte forfattarar, sjølv om det kanskje òg kan kjennast litt urettferdig for ein fersking.

Ikkje overraskande er det tekstane til to av dei fire etablerte forfattarane i Signaler 2012, Cathrine Knudsens «Tiden og svulsten (Bildene)» og Thure Erik Lunds romanutdrag «Om skrift og død», som er sterkast. Så har forfattarspirene noko, om ikkje å sjå langt etter, så i det minste å orientere seg mot: Til dømes mot Lunds erkjenning av at det ikkje er oppgåva hans som forfattar å bli forstått, men å forstå.

Margunn Vikingstad er litteraturvitar og fast bokmeldar for Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake