Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Den nye distriktspolitikken

Av Ronny Spaans
,  10.08.12


I 1970-åra gav politikarar arbeidsplassar til Utkant-Noreg. I dag deler politikarane ut kulturhus til norske bygder og byar. Men kultur skaper ikkje tilflytting, seier forskarane.

Oslo er ein av dei byane i Europa som veks hurtigast. Distrikts-Noreg opplever samtidig stor fråflytting. Kva skal gjerast for å likne ut det aukande gapet mellom bygd og by?

I 1960- og -70-åra stod politikarane framfor eit liknande scenario. Politikarane hadde tydelege løysingane på problemet. Distriktspolitikken vart lansert. I 1972 vart Universitetet i Tromsø offisielt opna. I same tidsperiode kom distriktshøgskulane, dei regionale sjukehusa og fylkeskommunane.

Norsk distriktspolitikk inn i det nye totusentalet ser slik ut: I 2009 opna Operahuset i Nordfjordeid, i 2011 konserthuset Kilden i Kristiansand. No står Fylkesscena i Fredrikstad, Kulturkvartalet i Bodø og Kunsthallen i Stavanger, saman med ei mengd andre kulturhus, for tur.

Kan staffeli, alpelue og teatermaske berge Bygde-Noreg?

«Survival of the fittest-bygda»
– Det blir ikkje drive mykje distriktspolitikk i dag. Det handlar meir og meir om å gjera bygda attraktiv, seier Oddveig Storstad, forskar ved Norsk senter for bygdeforsking.

– No er målet å plassere seg på det nasjonale kulturkartet. Ein slik politikk fungerer på stader som alt har tradisjonar for eit kulturområde, som jazzmiljøet i Molde. Der har ein nettopp fått jazz- og teaterhuset Plassen. Å gjera kultur til einaste motor på ein stad utan å knyte det opp til liknande kulturelement – om det går på historia, bygningar eller kulturpersonlegdomar på staden – er ein nærast umogeleg jobb.

Distriktspolitikken i dag sette ho på spissen i ein kronikk i Nationen i sumar. I ein framtidsvisjon – Noreg i 2030 – vil det vera eit «vell av kåringar av Årets mest attraktive kommune, men den største og mest prestisjetunge er Survival of the fittest-bygda».

– Politikarane har abdisert på vegner av distriktspolitikken. No rår imagekonsulentane grunnen.

Distriktspolitikk som myte
Tre av ti kommunar planlegg å byggje kulturhus, stod det å lesa i Kommunal Rapport i fjor. I tillegg har ei mengd andre kulturtiltak vortne fremja av «bulyst» – ei storsatsing frå Kommunal- og regionaldepartementet. Breitt kulturtilbod skal rett og slett gje oss «lyst» til å koma og bu i utkantane.

At kultur er viktig for å skapa attraktive bustader, blir nærast sett på som ei sanning. Men den nye regionale utviklingspolitikken møter stor motstand hos forskarane. Knut Vareide og Lars Ueland ved Telemarksforsking kom med ein tydeleg bodskap tidlegare i år: Det finst ingen som helst samanheng mellom kor mykje kultur ein kommune kan tilby, og om folk flyttar dit.

Har politikarane teke det inn-over seg? Konklusjonane har vorte diskuterte i Stjørdal. Der skaper planen om eit kulturhus i bygda usemje. «Bygger på myter» lyder ein tittel i Adresseavisen om kulturhuset i juli. Men kulturhuset vil kommunepolitikarane likevel ha: «At det har liten virkning aksepterer jeg at forskerne kan si, men det betyr ikke at det virker negativt», svarar tidlegare styreleiar ved Stjørdal Kulturutvikling AS, Inge Grøntvedt.

International Research Institute of Stavanger gjorde i 2007 ei undersøking av synet på kultur som distriktspolitikk. Ho inkluderte 250 lokalpolitikarar og kommunale leiarar i Rogaland og Agder. Over 90 prosent av kommunestyrerepresentantane og 93 prosent av rådmennene meinte at satsing på kulturliv var viktig for å trekkje til seg arbeidskraft og studentar. Har tala endra seg sidan 2007? Lite tyder på det.

Vinstpolitikk
– Spørsmålet er om resultata til Telemarksforsking har påverka fylkes- og kommunepolitikarar, seier Aase Marthe Horrigmo. Ho er analytikar ved Oxford Re-search og forskar på kultur som strategi for regional utvikling.

– Vi har fått Kilden i Kristiansand som «heile Sørlandets teater- og konserthus», men også andre sørlandsbyar har bygd seg kulturscener. Eg nemner i fleng: Arendal, Mandal, Lyngdal, Kvinesdal, Grimstad og, no sist, Vennesla. No står Flekkefjord for tur.

Horrigmo har ei djupare forklåring for interessa for kultur som eit middel for å utvikle kommunar og tettstader. Det handlar om kommunebudsjett på den eine sida og trendar i dei nasjonale retningslinene på hi sida. Det er rett og slett kommune-økonomisk lukrativt å søkje om midlar til kulturhusbygging og andre tiltak som brukar kultur for å skapa attraktive stader.

– For augneblinken gjev prosjektsøknader som spelar på attraktiviteten til ein norsk tettstad, stor utteljing i departementet. Det gjev økonomisk vinst for norske kommunar å satse på kultur.

Sernorsk trend
At dette er trendavhengig kjem fram i ein annan konklusjon i forskinga hennar:

– Eg har jamført synet på kultur som regional utviklingsstrategi hos politikarane i dei nordiske landa. Eg fann tydelege variasjonar. Norske kommunepolitikarar har større tru på kultur som tiltrekkingsmiddel enn politikarane i Sverige, Danmark og Finland.

Horrigmo er frå Vennesla, men har utdanninga si frå Oslo. Oxford Research ligg derimot ikkje langt frå heimstaden, i Kristiansand. Ho forskar ikkje berre på regional utvikling, ho er altså sjølv eit døme på eit samtidig politisk vellukka flyttemønster. Men forskaren vektlegg at det ikkje var Kilden som lokka henne attende.

– Nei, men at eg kom tilbake, har i høgste grad med den regionalpolitiske satsinga dei siste tiåra å gjera. Det er – om eg set det på spissen – berre tre arbeidsplassar i Kristiansand som passar med utdanninga mi: Universitetet, Agderforsking og den noverande arbeidsplassen min.

– Men om Kilden ikkje har utøva noka tiltrekkingskraft, formar det ein viktig trivselsfaktor for meg, vektlegg Horrigmo til slutt.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake