Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Kampen om villaksen

Av Ronny Spaans
,  03.08.12


Ikkje på mange tiår har det vore så mykje laks i norske sjøar og elvar. Men der sportsfiskarane får hauste av rikdomen heile sumaren, får yrkesfiskarane berre lov å fiske i knappe ni dagar.

FISKE

– Det heiter at det er så lite laks at han må sparast til fiske i elv­ane. Men havet kokar av laks.

Dag og Tid er med på tjuvfiske i ein norsk fjord. Fiskaren er ikkje nådig i domen over dei statlege reguleringane.

– Dei er ikkje vi som stel frå staten, men dei som stel frå oss. Laksefiske har vore ei viktig attåtnæring for kystkulturen i mange generasjonar.

Observasjonane hans får eg stadfest frå andre hald. Det går mot rekordår for fleire av dei norske lakseelvane. Sportsfiskarane talar om den beste laksesumaren sidan tusenårsskiftet. Men i mellomtida blir yrkesfiskarane tillagde stendig fleire restriksjonar. I år har dei mange stader reelt berre ni dagar laksefiske til rådvelde.

Sylv i havet
Vatnet fossar kring påhengsmotoren, vi speidar etter politi og tilsynsbåtar. Det er ingen å sjå. Kysten er klar.

Vi nærmar oss nota, på av­­­stand ser vi alt at det blinkar i vasskorpa.

– Laksen sym ved overflata, så han er synleg for menneskeaugo, fortel fiskaren og held fram:

– Vi kan sitja oppå holmane, tett oppfor der den landfaste nota ligg, og sjå laksen gå seg fast.

Fangsten i nota er på to store laksar. Fiskaren tek fangsten med seg heim. Det blir matauk for familien.

– Hadde det vore lovleg, hadde vi gått til byen og selt fisken på torget så han hadde kome fellesskapen til gode. Folk må i dag nøye seg med feit og vanskapt oppdrettslaks. Sportsfiskarane stikk av med den gode og fine villaksen. Den som sit att som taparen, er den tradisjonelle kystkulturen.

Tjuveri som kultur
Tjuvfiske på laks går føre seg langs heile norskekysten. Det finst ikkje noggranne tal over ulovleg fiske, men om lag fem hundre garn blir tekne årleg. Troms er verst: Midt- og Nord-Troms er innsigsområde for atlantisk laks. Nyleg kom Statens naturoppsyn over ei ulovleg garnlekkje med nitten laks – på til saman 130 kilo – i Senja. Det kverrsette garnet blir brent og fisken gjeven til institusjonar, som gamleheimar og sjukehus, seier politiet til lokalavisa.

Ikkje alle tromsværingane fordømer tjuvfiskarane. Fiskar Roy Isaksen har eit uvant syn på dei kriminelle handlingane:

– Tjuvfiskarane er kulturberarar, for det er slik kystfolket har levd i tusen år. Laksefiske i sjøen kjem ikkje til å ende. Det er ein del av næringsgrunnlaget for dei som driv med næringskombinasjon.

Den stutte fiskeperioden står dessutan ikkje i stil med arbeidsmengda:

– Det er tungt å setja nøter med alle fortøyingane sine. Vi id­est ikkje lenger når vi berre får fiske etter laks i ni dagar.

Oppjaga fisk
– Sjøfiske etter laks er del av identiteten vår. Det gjeld ikkje for laksebaronane i elvane, for dei er det rein leik og moro. Dei slepper fisken ut att, så han blir stressa og oppjaga og ikkje kan gyte. Eg ser mykje øydelagd fisk koma attende i havet, held Isaksen fram.

– Spør du lakseforskarar, vil du oppdaga at dei er splitta i synet på tilhøvet mellom laks i sjø og elv. Mange meiner fiske i havet ikkje har effekt på bestandane i elvane. Andre forskarar har derimot for nære band til interesse­organisasjonane åt sportsfiskarane og elveeigarane.

Kongen i sjokk
Sinnet til Isaksen er symptomatisk for striden mellom elve- og fjordfiskarane. No har kampen nådd rojalistiske høgder. I juli stod kong Harald under midsumarlys og fiska i Altaelva. Men Hans Majestet gjekk baklengs i fjøresteinane då han fekk ei underleg krokut storrugge på ongulen. Den seks kilo tunge fisken bar tydeleg merke av tidlegare basketak med menneskeleg fangstreiskap. Han hadde hol i skolten, og finnane var opprivne.

I Altaposten var det full krig om kven som var syndaren. Han må ha vore gjennom «ei lang og smertefull tid i et krokgarn», seier styreleiar i Alta laksefiskeri og interessentskap, Hans Kristian Kjeldsberg. No må det bli slutt på «pinefiske» i havet, lyder konklusjonen.

Fjordfiskarar reagerer og meiner Kjeldstad set ut falske rykte.

– Dette er ikkje merke etter garn bruka av profesjonelle fiskarar, men nylongarn.

Skeiv fordeling
Reguleringane av sjølaksefiske frå 2008 fram til 2010 har ført til at fangsten av laks i sjø har vorte redusert med 40 prosent. I same periode har uttak av villaks i elvane auka med 30 prosent, kan ein lesa i ein rapport frå Noregs Grunneigar- og Sjølaksefiskarlag.

Leiaren for laget, Tomas Sandnes, er sjøfiskar ved eit av dei mest kjende laksefiskeområda i landet, Namsenfjorden.

– Styremaktene forvaltar ikkje, men fordeler ressursane i havet. Dei tek frå oss yrkesfiskarar og gjev til sportsfiskarane i elvane.

Sandnes viser så til grunngjevinga for denne fordelinga:

– Sjøfiske må avgrensast for å skåne truga laksebestandar i elvane, heiter det. Det gjeld mellom anna bestanden i elvar som er definerte som truga. Men samtidig som vi kystfiskarar får fiskeforbod, opnar dei for sportsfiske gjennom heile sumaren i elvar med dårleg bestand. Forstå det den som kan!

Lobbyverksemd
Sjølaksefiske har aldri vore eit trugsmål mot villaksen, ikkje eingong då ein bruka over tusen nøter i hava, fordi sjølaksefiske går føre seg på eit vidstrekt om­­råde, vektlegg Sandnes.

Men kva kan sjøfiskarane gjera, sukkar Sandnes til slutt. Han kjenner seg maktlaus i møte med styremaktene.

– Interesseorgana til elveeigarar og sportsfiskarar har større ressursar til å drive lobbyverksemd enn oss. Det førde til dei altfor strenge reguleringane i 2008, som vi enno lid under.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake