|
|
Nordkapp-ranet held fram Av John Gustavsen , 13.07.12 Over 200.000 menneske vitjar årleg Nordkapp-platået, 307 meter over havet. Det er Rica-kjeda som styrer turistføretaket og tener store pengar, medan kommunen mest er tilskodar. Nordkapp har hatt ei magisk tiltrekking på folk. Lenge var det knytt både frykt og forventning til det å sigla forbi denne knyttneven mot Nordishavet. Frykt for korleis vêret ville te seg. Då kong Kristian IV (1577–1648) i 1599 la ut på den dramatiske ekspedisjonen for å erobra Nord-Russland via Kvitsjøen, hadde han store forventningar. 12. mai dukkar Nordkapp opp, og dei kjem seg forbi. No er ekspedisjonen klar for det farlege Ishavet som hollendaren Willem Barentsz hadde erobra tre år tidlegare. I boka Kongens reise til det ytterste nord (Ravnetrykk, 2004) les vi: «Vi seila om Nordkapp. På toppen er det innhogget et kompass i fjellet. Dette berg regnes som det ytterste punkt mot nord.» Europa vert no medvite om det trugande Ultima Thule og «Daudens hav». Men den store interessa for Nordkapp kjem seinare: Den franske prinsen Louis Philippe kom seg opp på fjellpynten i 1795 og vart skikkeleg bergteken. Endå viktigare var ferda til kong Oscar II i 1873. No såg styresmaktene at Nordkapp strategisk hadde mykje å seia, men også kunne verta eit ikon for turistar. Hurtigrutedrifta som kaptein Richard With skipa til i 1893, kom etter kvart til å frakta måpande turistar mot nord. Reiselivet vart betre organisert, cruiseskip hadde Nordkapp som endemål, og her var store pengar i sikte. Fart på trafikken kom med bygginga av Nordkappvegen som opna 30. juni 1958. I 1962 vitja 15.000 menneske platået berre i bil, 40.000 i 1964 og 104.000 i 1980 (kjelde: Einar Richter Hanssen: Nordkapp – en fiskerikommune, Nordkapp kommune, 1990). Rekorden kom etter OL på Lillehammer i 1994 då 240.000 gåande, køyrande og siglande var her. Ei vending Firmaet Nordkaps Vel AS var skipa til i 1927 for å sikra tilreisande tak over hovudet. I 2000 bad selskapet styresmaktene om å gripa inn og setja ned prisen på inngangsbilletten. Dette vart avvist av Rica som hevda å ha investert over 300 millionar kroner. Men fleire har hevda at Rica ikkje har rett til å ta så høge inngangspengar. FRIFO (Friluftslivets Fellesorganisasjon), ein paraply for femten turistføretak, kalla dette eit «landevegsrøveri» i ei TV 2-sending 30. juni 2011. På Ikkje ei krone Til Dag og Tid fortel ordføraren no at Rica har gått med på å løyva 1 million årleg i komande femårsperiode til Destinasjon Nordkapp. Men dette kontoret gjer også tenester som kjem Rica til gode.
Om du går av vegen nokre kilometer før Nordkapp, peikar eit skilt mot Knivskjelodden på 71 grader 11’08” N og 25 grader 40’54” Ø. Men har nokon føreslått at dette burde verta det nye reisemålet på Magerøya? Det går nemleg ein oppmerkt turstig den knapt ni kilometer lange vegen ut. Med roleg turfart treng du tre timar på vegen. Arktiske plantar stikk fram hovudet, og er du heldig, kan du sjå måse, terne, lunde, skarv og øvst havørna på vengene. Den gode meldinga er at det ikkje kostar ei krone å gå ut på odden. Men kven veit om ikkje ein eller anna smarting kaprar ideen og set i gang med Knivskjelodd-safari?
« Tilbake |
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|