Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Nervøsiteten i Kreml

Av Ottar Fyllingsnes
,  13.07.12


– Kreml er nervøs, men eg er ikkje sikker på at dei har grunn til å vera det, seier professor Pål Kolstø.

Den siste månaden har det russiske parlamentet stilt seg bak fleire kontroversielle lover. I juni vart det vedteke å auka bøtene til den som deltek i ein ulovleg demonstrasjon frå 60 til 60.000 kroner.

Sist veke vart det vedteke ei lov som skal gjera det enklare å slå ned på ulovleg innhald på internettet. Parlamentet gjekk også inn for å endra den russiske NGO-lova. Frå no av står russiske avdelingar av internasjonale organisasjonar og alle foreiningar og lag som mottek pengestøtte frå andre land, fram som «utanlandske agentar».

– Er dei nye lovframlegga eit resultat av dei store demonstrasjonane i Moskva?
– Ja, det trur eg dei fleste er samde om. Slik sett kan ein seia at det er uttrykk for nervøsitet og uvisse i Kreml. Den seinaste tida har det ikkje vore store demonstrasjonar, men uroa er der likevel. Meiningsmålingane viser stor misnøye og kynisme i folket.

– Mange av dei store demonstrasjonane har vore ulovlege?
– Ja, og det var gjerne av di det var mest umogleg å få løyve til å demonstrera. Fekk ein løyve, var det gjerne for berre nokre hundre personar eller i ein bortgøymd bydel.

– Kan den nye lova gjera slutt på demonstrasjonane?
– Eg trur det kjem til å verta vanskeleg å få til store, ulovlege demonstrasjonar i framtida. I Russland er det viktig å kunna seia at det ikkje er forbod mot demonstrasjonar, NGO-ar eller opposisjonelle parti. Mange av dei store demonstrasjonane var ulovlege i utgangspunktet, men etter ei tid fekk arrangørane løyve til fleire liknande demonstrasjonar. Det vil dei neppe få fleire gonger.

– Kva følgjer vil den nye NGO-lova få?
– Russland har hatt ei nokså restriktiv NGO-lov tidlegare, og Kreml har også brukt andre lover mot dei friviljuge organisasjonane. Dei har gripe fatt i mindre regelbrot, men berre gått etter dei som dei vil ta. Lova synest å vera skreddarsydd for å råka dei gruppene ho har som intensjon å råka, alt medan støttespelarane til regimet, som til dømes den ortodokse kyrkja, ikkje skal omfattast av lova.

– I den nye lova vert miljøaktivistar, demokratiforkjemparar og andre NGO-ar omtalte som «utanlandske agentar». Kvifor eit slikt stempel?
– Det gjev assosiasjonar både i retning av detektivromanar og Stalin-tida; alt medan Russland vil stå fram som eit demokratisk regime. Kanskje trur dei at folk vil godta det og oppfatta NGO-ane som statsundergravande. Kanskje trur dei at dei stalinistiske overtonane kan gje ein god klang i delar i folket, og at folk kan verta redde for å ha noko med desse «utanlandske agentane» å gjera. Viss framlegget vert endeleg vedteke, kan det tyda på at styresmaktene heilt har gjeve opp å verta akseptert som eit seriøst og ekte demokrati.

Det som skjer no, ville ikkje ha skjedd med Dmitrij Medvedev som president. Med han som president tok Russland fleire steg i motsett retning. Fleire gonger sa han heilt utvitydig at ein ikkje skal sensurera internettet, men no freistar Kreml å gjera nett det.No finst det ikkje lenger ymt om at det er to likeverdige leiarar. No er det ein som er sjef, medan den andre er løpegut.

– Er det frykta for ein oransje-revolusjon eller ein arabisk vår som ligg bak alle dei nye lovframlegga?
– Ja, i Kreml har dei lenge tala om fargerevolusjonane som eit trugsmål, men det er svært vanskeleg å seia kva styrke som ligg i dei store russiske demonstrasjonane i vinter. Opposisjonen er utan éin samlande leiar. Leiarane har svært ulik agenda, og dei er ifylgje enkelte kritikarar ikkje sinte nok. Når det kjem krav om at demonstrantane skal fjerna seg, gjer dei det. Dei er altfor siviliserte og set ikkje hardt mot hardt.

– Ser ein teikn til at opposisjonen freistar å koma fram til ei felles plattform?
– Eg har ikkje sett så mange teikn til det, men særleg Aleksej Navalnij skulle vera ein brubyggjar mellom liberalistane og nasjonalistane. Han har openbert svært store tankar om seg sjølv. Navalnij avviser ikkje at han vil stilla som presidentkandidat, men han har verken den støtta eller den styrken som skal til.

– Superkjendisen og sosietetsdama Ksenia Sobtsjak har vorte ein slags frontfigur?
– Ho er dotter av den tidlegare ordføraren i St. Petersburg, som var mentor for Putin. Og ho er openbert intelligent og svært talefør. Presidenten er nok svært vonbroten over at ho har vendt seg mot han. Han har sett seg ut henne som ein av dei som skal takast, og det kan vera av di han ser at ho kan ha potensial som frontfigur for opposisjonen, eller av di han er ute på eit personleg hemntokt.   



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake