Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Nerdrum, svindel og statskunst

Av Ronny Spaans
,  06.07.12


Bak Odd Nerdrums skattejuks ligg ikkje vinningsmotiv, men vantande rettskjensle og tiltru til det norske statsapparatet.

Så er det avgjort. Noreg sender sin beste biletkunstnar i fengsel. Odd Nerdrum har fått ein dom på nesten tre år utan vilkår. Påtalemakta har gjort si plikt og prova at retts­apparatet fungerer som det skal, uavhengig av stillinga og rangen til den tiltala.

– Den evige angsten
Nerdrum var tiltala for å ha selt målarstykke for nærare 14 millionar i perioden 1998–2002 utan å ha gjeve opp inntektene til skattestyremaktene. Nerdrum hevdar at pengane var lagde til sides for å dekkje erstatningskrav dersom målinga byrja å renne på kunstverka han hadde selt.

Det som ikkje har kome fram i retten, er i kor stor grad denne saka vedkjem dei ålmenne økonomiske vilkåra til norske kunstnarar. Nerdrum, saman med elevane sine, har ikkje stade øvst på listene over mottakarar av stipend og stønader. Kunsten deira har såleis kome til i opposisjon til statlege stipend- og garanti­ordningar. At Nerdrums tillit til det norske statsapparatet har vore låg, kjem ikkje som ei overrasking.

For tre år sidan fremja Nerdrum-elev Jan-Ove Tuv, etter råd frå læremeisteren, nettopp skattefrådrag for kunstsal som eit alternativ til kunstnarstipend. Han nemnde i denne saman­hengen «den evige angsten for restskatt» hos kulturskaparar. Domarane har ikkje teke omsyn til dei kunstpolitiske momenta attom Nerdrums skattejuks. Skulle dei ikkje ha gjort det?

– Late kunstnarar
Saka mot Nerdrum fører tankane til ei undersøkjing som i vår vart offentleggjord i Nederland og som enno vekkjer kvast ordskifte i landet. Forskarane Aris Gaaff og Ernst Bos har granska effekten av statlege inngrep i kunstproduksjonen. Konklusjonen er ikkje positiv: Dei seinaste tiåra har subsidiar til biletkunstnarar stige kraftig, men talet på toppkunstnarar har i same tidsperiode nådd eit botnpunkt. Bos hevdar liketil at stønad er meir til stelp enn til hjelp: «Stønad kan føre til at kunstnarane blir late og presterer mindre.»

I undersøkjinga kom det fram at stønadsmidlane til nederlandske kunstnarar vart tredobla i 70-åra og dobla i fyrste tiåret av 2000-talet. Gaaff og Bos har vidare jamført talet på kunstnarar som opplevde eit gjennombrot før innføringa av stønad med talet på kunstnargjennombrot etter 1960. I 20-åra nådde kvart år gjennomsnittleg seksten kunstnarar opp til ein toppklasse. Tala for 50-åra låg på eit liknande nivå. Men gjennomsnittleg berre to kunstnarar per år oppnådde det same etter tusenårsskiftet. Som grunnlag har dei bruka data frå nederlandske rangeringslister, kunstmeldingar, gallerisal og internasjonale kunstprisar.

I tillegg har dei jamført talet på nederlandske toppkunstnarar med det tilsvarande talet i land med få stønadsordningar, som Belgia, der ein har hatt den same utviklinga. «Der ser vi dei same tala for den unge kunstnar­generasjonen. Ein kan konkludere med at statleg stønad ikkje har hjelpt til med å føre fram fleire toppkunstnarar», seier Bos.

Reaksjonane på undersøkjinga har ikkje vore få. Kunstøkonom Pim van Klink meiner undersøkjinga har hatt gale utgangspunkt, for målsetjinga til kunstpolitikken til staten er ikkje å skapa toppkunstnarar.

Statleg og ikkje-statleg kunst
Sjølvsagt må idealet vera at stor kunst blir skapt. Staten vil på langt sikt tena på det, mellom anna i form av pengar som turistar legg frå seg i kunstmuseum. Eit godt døme på det same finn vi hos Cornelis Vreeswijk. Endå om Vreeswijk snytte styremaktene for mange tusen skattekroner, har trubaduren gjeve den svenske staten summane mangedobla att i form av økonomisk og kulturell verdiskaping.

Nerdrum høyrer tvillaust til toppsjiktet i den nasjonale og internasjonale kunstverda. Like sant som han har gjort statlege subsidieordningar til skamme ved å lukkast med å gjera peng­ar på kunsten sin, like visst kjem den norske staten til å tene peng­­ar på kunsten hans når han post mortem blir tildelt den endelege anerkjenninga.

Nerdrum har i høgste grad prova at det er mogeleg for ein kunstnar å overleva utan statleg stønad. Men det er ikkje her kjernen i saka ligg. Meir enn i andre land set ein i Noreg likskapsteikn mellom statleg stønad og kunstnarleg kvalitet. Genialitet er ikkje genialitet før han har fått statleg stempel.

Problemstellinga til Nerdrum er difor uforståeleg for dei innforståtte på kunstfeltet: kunstnarar, kritikarar og kuratorar. For den «vanlege» norske kunstnaren er statleg garantiinntekt og innkjøp til offentlege institusjonar dei høgste karrieremåla. «Livsverda» kan han fint greia seg utan.

Svekt rettskjensle
Ser ein rettssaka mot Nerdrum i ljos av resultata i den nederlandske undersøkjinga, må ein dermed konkludere med at auka statssubsidiar i det norske kunstfeltet har hatt ein uheldig sideeffekt: Middelmåtig kunst skal applauderast, medan genial kunst skal straffast. Det seier seg sjølv at rettskjensla og statslojaliteten hos norske kulturskaparar som fell utanfor stønadsordningane, ikkje er høg.

Det er også openbert at forfylgjingsvanvitet åt Nerdrum er større no når han opplever at ikkje berre statleg lønte kunstkritikarar, men òg statleg lønte juristar motarbeider han. «Jeg, Odd Nerdrum, blir den første kulturpolitiske fange i Europa», proklamerte meisteren på slutten av rettssaka. Vi må diverre vente oss meir patetisk og sjølvforherlegande kunst frå Nerdrum i komande år.

Husarrest
Saka mot Nerdrum handlar på det djupare planet ikkje om eit lovbrot, men forvalting av ein stor kunstnarskap. Framferda åt norske lovmenn hadde neppe imponert fedrane åt den moderne rettsvitskapen, humanistiske juristar som Justus Lipsius og Hugo Grotius. I deira tid sende ein ikkje ein «dannemann» i fengsel. Viktige personar fekk hus­arrest, med rikeleg tilgang til materiale, så dei fekk høve til å dyrke kunsten sin. Grotius sat sjølv i statleg fangenskap. Han fekk ei bokkiste inn i cella si, fylt med dei verka han trong til dei filo­logiske og litterære arbeida sine.

Denne kista er elles vidgjeten, for han rømde frå cella ved å leggje seg i kista då ho vart boren ut.

Ronny Spaans er journalist i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake