Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


– Noreg bør rydde i eige hus

Av Per Anders Todal
,  29.06.12


Klimapolitikk er meir enn kostnadseffektivitet. Det spelar òg ei rolle at Noreg kuttar i eigne utslepp, meiner økonomiprofessor Gunnar S. Eskeland.

Eit kjent refreng i norsk klimadebatt går slik: «Det er ingen vits i å kutte utslepp i Noreg. Det er berre symbolpolitikk. Det monar så lite. Det kostar for mykje.»

Iblant høyrer vi denne visa frå politikarar, helst i Frp, men oftare kjem ho frå økonomar. Og tankegangen viser seg òg i norsk klimapolitikk, som i stor grad handlar om å betale for klimatiltak i andre land, medan styresmaktene vegrar seg for klimatiltak i Noreg. «Kostnadseffektivitet» er det store slagordet for den økonomiutdanna Jens Stoltenberg.

Men Gunnar S. Eskeland, professor i klimaøkonomi ved Noregs Handelshøgskule, nektar å syngje med i økonom­koret. I internavisa NHH Bulletin sa han nyleg at den norske klimapolitikken kan ha eit preg av avlat på grunn av den einsidige merksemda på kostnadseffektivitet. «Det er ikke greit at du driver hor fordi du er rik eller venner med paven», sa Eskeland. Han meiner verdien av å gå i front og vere gode døme for andre blir borte i økonomiske analysar.

Rydde i eige hus
– Skal ein vise leiarskap må ein sjå på seg sjølv og sine eigne handlingar, ikkje berre kompensere med lommeboka. Før reformasjonen var det greitt å synde om du berre betalte avlat til paven. Men om ikkje dei høge herrar endrar åtferd, kan dei truleg ikkje insipirere andre, seier Eskeland til Dag og Tid.

– Om dette handlar om normer, bør ein rydde i eige hus før ein formanar andre.

For mykje av klimadebatten har som premiss at utsleppskutta skal koste minst mogleg, meiner Eskeland.

– Klimatiltak i Noreg kan ha verdi sjølv om dei ikkje er verdas billegaste, og sjølv om ein kan kjøpe billegare ut­­sleppskutt i andre land.

Verdien av å vise leiarskap i klimapolitikken blir større av at ein global klimaavtale let vente på seg, meiner Eskeland. Det inneber at Noreg faktisk kuttar eigne utslepp, ikkje berre betaler for regnskogvern og utsleppsreduksjonar i andre land.

– Skal du vise leiarskap i klimaspørsmålet, har det meir å seie kva du gjer med eigne ut­­slepp enn med andre sine. Det kan vere vel og bra i seg sjølv at vi reduserer utsleppa andre stader, men har ikkje same verknad som at vi gjer det sjølve. Om rike Noreg betaler for klimakutt med sjekkheftet, er dømets makt avgrensa.

Gode døme
– Økonomane seier gjerne at det er dumt å prøve å vise leiarskap. Men eg trur ikkje det er så dumt, seier Eskeland. Han snur på det ofte brukte argumentet om at Noreg er så lite at det ikkje spelar noka rolle kva vi gjer med utsleppa våre.

– Det er sant at Noreg er lite. Men det inneber at det er lite vi kan gjere om vi ikkje klarer å påverke andre land. Vi veit òg at menneske kan late seg påverke av gode føredøme. Og om vi skal påverke andre land, har det noko å seie kva vi gjer med våre eigne utslepp.

I økonomkrinsar er dette ein ny debatt, meiner Eskeland. Leiarskap har ikkje vore med i analysen.

– Desse tankane er meir provoserande for økonomar enn dei er for folk flest. Økonomane har hengt seg opp i kor utslepps­reduksjonane er billegast.

Klimapolitikk handlar ikkje berre om kostnadseffektivitet, understrekar Eskeland.

– Det er sikkert billegare å lage sykkelstigar i Calcutta enn å redusere utsleppa frå norsk transportsektor. Men om vi ikkje lagar sykkelstigar i Oslo, er det mindre truleg at vi kan påverke Calcutta.

Eskeland påpeikar at slik leiarskap kan gje andre fordelar enn berre moralsk autoritet og politisk inspirasjon.

– Arbeidet vårt med å kutte utsleppa kan gje andre land idear til tiltak dei sjølve kan nytte, eller til teknologiske framsteg. Om vi finn ein måte å lage aluminium eller kunstgjødsel utan klimagassutslepp, spelar det faktisk ei rolle for verda – og ei større rolle enn om vi berre kutta produksjonen.

Sårbar satsing
Eskeland har lang fartstid i Verdsbanken og er ikkje imot at Noreg betaler for klimatiltak i fattige land. Men han meiner det krev meir aktiv involvering enn å berre kjøpe klimakvotar eller løyve pengar til skogvern. I systemet med dei såkalla CDM-kvotane, «den grøne utviklingsmekanismen», har det vore mange problem. Også regnskogsatsinga til Noreg er sårbar, påpeikar Eskeland.

– Skogsatsinga er djerv, og eg stør ho. Men ho er risikabel. Slike prosjekt er sårbare for korrupsjon, og vi kan snuble på andre måtar òg.

Ein kan hevde at klimapolitikken til den store oljeeksportøren Noreg har skinheilage trekk, meiner Eskeland.

– Det har vore veldig komfortabelt i norsk politikk å halde diskusjonen om klimapolitikken åtskilt frå debatten om utvinningstakten i Nordsjøen. Men kan hende er det slik det skal vere.

– Norske olje- og energiministrar seier gjerne at vi må pumpe opp meir olje og gass for å hjelpe dei fattige i u-landa, og fordi det erstattar enda meir ureinande kol?
– Det der er det ingen grunn til å leggje vekt på. Noreg har eit selskap som heiter Statoil, og vi har eit olje- og energi­departement med eit klart mandat, å tene mest mogleg pengar for Noreg. Ein kan hevde at energisektoren alltid har vore nær maktsentrumet i Noreg. Eg er ikkje så uroleg over det. Om klimapolitikken skal få påverke oljeutvinninga er det det norske folket som skal avgjere, seier Gunnar S. Eskeland.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake