Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Det terrorsaka eigenleg gjeld

Av Per Egil Hegge
,  22.06.12


Ei sårt tiltrengd påminning om det som saka gjeld, 77 dødsoffer, kom dagen før aktoratet la ned påstanden sin.

Onsdag fortalde ein enkjemann og ei mor korleis dei har det, elleve månader etter det meiningslause, systematisk planlagde brotsverket. Dei snakka på vegner av dei mange hundre som sit i botnlaus sorg og saknad.

Drapsmannen verka heilt uinteressert. For no snakka ikkje retten om han, som hadde fått vera hovudtema i vekevis.

Ein «rasjonell» påstand var reklameslagordet frå statsadvokat Svein Holden, som i januar opplyste Oslo tingrett om at det ikkje var lov å oppnemna to nye psykiatrar. Tingrett, lagmannsrett og Høgsterett fann dette synet så irrasjonelt at dei blankt avviste det.

Sidan har Holden og Inga Bejer Engh stilt spørsmål som klårt skulle polstra konklusjonen «utilrekneleg» i rapport nr. 1, levert av Torgeir Husby og Synne Sørheim.

15. juni svara dei to godt for seg. – Har de sett eller høyrt noko i desse vekene som kunne få dykk til å tenkja på ein alternativ diagnose?

– Nei!

Det small i veggene i rettssal 250. Dr. Husby viste ingen teikn på at han skjøna kor farlege dei stillferdige spørsmåla frå domar Wenche Elizabeth Arntzen var. Dr. Sørheim forstod det etter kvart; ho bleikna, røysta vart skarpare, senene på halsen meir tydelege. Men alternativ diagnose? – Nei!

Rom for tvil
Dei to andre, Agnar Aspaas og Terje Tørrissen, gav rom for tvil. Tørrissen spurde seg sjølv om han hadde teke feil; var det mogleg for ein «rasjonell» drapsmann å sitja og høyra på redselsskildringane frå Utøya, dag ut og dag inn, utan å la det gå inn på seg?

Så 8. mai fekk han ei ny samtale med drapsmannen, i tinghuset, i ein pause.

Heller ikkje dei fagfolka som først snakka med Behring Breivik like etter drapshandlingane, og som hadde hovudansvaret for at han ikkje drap seg sjølv, fann teikn til schizofreni og livsfare. Dei hadde tilsyn med han i 18 dagar før Husby og Sørheim møtte han første gongen. Dei to heldt fram med å møta han saman, i strid med reglane.

Men ingen ting var verre for psykiatrien og rettsvesenet enn den forvirrande hjelpeløysa som leiaren i Rettsmedisinsk kommisjon, professor dr.med. Tarjei Rygnestad, og sjefen for Psykiatrisk gruppe, Karl Heinrik Melle, la for dagen 13. juni.

Lite er positivt 
Kor alvorleg er så krisa i norsk psykiatri? Det alvorlege er at saka er synleg for oss alle. Berre få såg denne:

I april i år vart tannlegesekretær Tordis Stigen Klausen frå Gvarv tilkjend 58.000 kroner i erstatning for arbeidsskade frå Nav. Det tok tjue år. Ho fekk ei rad med psykiatriske diagnosar.

Denne kom i 1995, ut frå grunnlause påstandar om at skulda for plagene låg i ekteskapet og i arbeidstilhøvet til sjefen: «Jo mer forklarigene (sic) som gies er sanne (…), jo mere markert vil ‘kampen’ mot fagfolkene være. Slike overveielser fra legers side vil oppleves som maktmisbruk og overgrep og ikke som seriøse, klinisk og vitenskapelig vel begrunnede hypoteser. Vi ser regelmessig at slike personer bruker rettsvesenet for å forsøke å få rett når en second opinion, som i dette tilfelle ikke fører frem.»

Sakkunnig var Ulrik Fredrik Malt, som i retten gav to diagnosar til Behring Breivik. Klausen tapte saka. Nytt tap i 1998, i lagmannsretten. Der gav Einar Kringlen ein psykiatrisk grovdiagnose utan å ha møtt henne.

58.000 kroner no er ca. ein prosent av det ho burde ha fått. Men ho er glad for at ho blir trudd.

Lite er positivt ved saka mot Anders Behring Breivik. Men kanskje blir det færre av slike «seriøse, kliniske» diagnose-trollmenn i framtida.

Oppryddinga
Det er meir det bør ryddast i. Dr Husby tok kraftig i 14. juni og refsa «elleville fjerndiagnosar» av Behring Breivik. Han sa ingen ting om denne fjerndiagnosen i Dagbladet 18. mars 2009, om tilståinga frå austerrikaren Josef Fritzl:

Som psykiater definerer han ikke Fritzl som psykisk syk. Ifølge ham er kriminelle handlinger utført av psykisk syke preget av dårlig planlegging, impulshandlinger og vold. Fritzls handlinger beskriver han som det motsatte: strukturert, overveid og metodisk.

– Han er en rendyrket psykopat, intelligent nok til ikke å vise sine dårlige sider hele tida. Hans overgrep er planlagt og systematisert over mange år. Derfor kan han ikke skylde på psykisk sykdom, men må stå ansvarlig for sine handlinger som menneske. Hans advokat er nok den eneste som hevder Fritzl er syk.

Og kven sa dette? Dr. Torgeir Husby. Men den gongen fekk han ikkje 360.000 kroner.

Per Egil Hegge er tidlegare redaktør i Aftenposten og fast kommentator i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake