|
|
– Ein dag – ein som kan vere når som helst – skal eg stå for min Skapar 15.06.12 Arnfinn Harams siste preike Kjære kristne! Kva er kyrkja? Er det ein organisasjon som skal halde oppe den kristne arven – slik det er uttrykt i den nye grunnlovsteksten? Eller er ho summen av alle kristne aktivitetar og all velvilje for kristendomen? Eller ein gamal hierarkisk institusjon? Evangeliet i dag gjev eit betre svar: Kyrkja er forsamlinga som av Kristus er kalla saman rundt hans levande nærvere. Som eit embryon, eit foster, i «den øvre sal» ved Jesu siste nattverd – eller vi kunne seie: ved Jesu fyrste messe, fyrste feiring av evkaristien. På pinsedagen i Jerusalem blir fosteret født til verda; født gjennom Ordet og dåpen – og straks, frå dag éin, ser vi at det er ei forsamling med eit bestemt innhald, eit bestemt fokus: Dei heldt seg trufast til læra frå apostlane, til fellesskapen, brødsbrytinga og bønene, les vi (Apg 2,42). Her er det ikkje snakk om ei vag interesse for «kulturverdiar», ein kristendom utan lære, utan fellesskap, utan feiring av sakramenta. Mange ting har skifta og gått opp og ned i kyrkja si lange historie, men dette har alltid vore krumtappen, aksen, senteret: Guds folk, ekklesíaen, samla for å høre den apostoliske forkynninga, vedkjenne trua, bere fram sine bøner og feire eukaristien. Kort sagt: den heilage messa. Vil du sjå kor sterkt kyrkja og kristendomen står, skal du sjå korleis det står til med dette. Det er når dette lever, at kyrkja får ein verkeleg vekst, som det står vidare i det same avsnittet: Kvar dag la Herren til nye som lét seg frelsa (2, 47). Messa er senteret i kyrkja sitt liv, og senteret i senteret er Kristi nærvere i brødet og vinen, i hostien og kalken. Fordi Jesus sa: Ta dette. Det er min kropp og: Dette er mitt blod, paktblodet, som blir utrent for mange. Når kyrkja, på Kristi ord og etter hans eksempel, velsignar brødet og kalken, i den evkaristiske bøna, skjer forvandlinga. Han er der, han er HER – og vi bryt ut, som Thomas: – Min Herre og min Gud! Vi feirar «truas mysterium», vi feirar hans offerdød inntil han kjem i sin glans og skal halde den himmelske bryllaupsfesten, Lammets bryllaup, når vi drikk «ein ny vin i Guds rike» saman med han, slik han sa det. Alt her får vi feire Lammets bryllaup og seie: – «Sjå, Guds lam, som ber bort synda i verda. Salige er dei som er kalla til lammets bord! Å vere katolsk kristen er å delta i dette, tru dette; konkret, tydeleg, ufatteleg og sant på same tid. Det blir fortalt om pater Karl Schilling at han som ung kunststudent oppheldt seg i ein tysk by, og der opplevde han nettopp ein gong feiringa av Corpus Christi-festen – med heile byen på beina, fullt i gatene, fest og jubel. Der kjem prosesjonen med monstransen under baldakinen, Den Allmektige boren av svake menneske over torg og gjennom gater, og alle fell på kne og tilbed. Men Schilling blir ståande, han er endå protestant og forstår ikkje det han ser, så han beheld hatten på. Plutseleg sprett ein av dei knelande opp og slår hatten av Schilling så han flyg bortover gata og Schilling blir tvinga i kne. Då går det opp for han: Det er Herren! Deretter blir han straks katolikk. Han tok poenget, eller poenget tok han, nesten som då Saulus blei slått i bakken på veg til Damaskus og høyrde ei røyst som sa: – Eg er Jesus, han som du forfylgjer. Realpresensen. Kristi verkelege nærvære. Når Kristus er nær i evkaristien, er det heile hans frelsesverk som er nærverande, realpersent. Vi feirar Kristi offer, det offeret som sonar alle synder og er sjølve grunnlaget for den nye pakta. Offeret som oppfyller alle offera i den gamle pakta, som då Moses oppretta pakt mellom Gud og Israel; han «tok paktboka og las henne høgt for folket, og dei sa: ‘Vi vil vera lydige og gjera alt Herren har sagt.’ Då tok Moses blodet, stenka det på folket og sa: ‘Sjå, dette er paktblodet, den pakta Herren har gjort med dykk på grunnlag av alle desse orda’.» Det er dette vi høyrer ekkoet av når Jesus seier: Dette er mitt blod, paktsblodet ... Eller som vi også høyrde: Ikkje med blod av bukkar og kalvar, men med sitt eige blod gjekk han inn i heilagdomen éin gong for alle og kjøpte oss fri for evig. (Hebr. 9) Brør og systrer! I eit samfunn der Gud er blitt mindre enn menneske, har vi vanskeleg for å forstå at det trengst noko offer, at vi kan vere skyldige, ja, skyldige til døden, at nokon skulle måtte gå i døden og ofre seg for oss. Å argumentere for det i dag er som å så på asfalt. Eg vil berre seie for min eigen del: Ein dag – ein som kan vere når som helst, men som i alle fall rykkjer nærare for kvar dag som går – skal eg stå for min Skapar. Eg veit eg vil trenge alt som kan gjerast for at eg skal finne nåde og kunne stå oppreist då. Alle helgenars forbøn og forteneste og aller mest det Kristus har gjort då han gav seg sjølv for oss, for meg. Då treng eg å stole på «det blodet som ropar sterkare enn Abels blod»: Kristi blod, som ropar om kjærleik, nåde og oppgjer. Som seier: Det er fullført, det er plass for alle. Det er dette vi feirar i dag på festen for Kristi lekam og blod – og kvar gong vi feirar messa. Det er dette eg lever på som eit kristent menneske, det er dette eg er kalla til som prest, som skrive står: Frelsens kalk vil jeg løfte og påkalle Herrens navn! Denne preika frå sundag 10. juni i St. Dominikus kyrkje vart den siste Arnfinn Haram heldt. Like etter kyrkjekaffien sykla Haram gjennom Nordmarka i retning Ringkollen. På vegen døydde han av hjarteslag nord for Heggelivannet.
« Tilbake |
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|