Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Grunnkurs i økonomi for Unio

Av Jon Hustad
,  01.06.12


At eksportnæringane avgjer lønsnivået her til lands, kan vera over, men av andre grunnar enn streikande offentleg tilsette ynskjer.

Før dei særs dyre krava frå dei streikande i offentleg sektor, ein lang omveg: Det norske systemet for lønsdaning har mange namn: frontfagsmodellen, den nordiske modellen, den norske modellen ... Her kan vi kalla modellen det norske klassekompromisset, og modellen har meir eller mindre vore på plass sidan kriseforliket i 1935.

Kompromisset har fleire element: Eitt er at løna vert liggjande høgt ved at trygdeyting­ane ligg høgt, som igjen gjer at verksemdene må investera i mykje realkapital – nye maskiner og slikt – sidan dei ikkje får tak i billeg arbeidskraft som kan laga rimelege varer for låg løn. Dei som arbeider i industrien i Noreg, vert dimed svært produktive, og dei får god løn for strevet.  Arbeidsgjevarane på si side slepp å taka særleg omsyn til dei ressurssvake gjennom fordyrande forsikringsordningar. Staten syter altså for at dei som ikkje fungerer så godt eller har relativt låg produktivitet, ikkje vert ein del av arbeidsmarknaden eller vert støytte ut etter ei tid. Om eg skal tippa, har norske industriarbeidarar høgst IQ og best helse i heile verda.

Det er òg industrien som legg lønsnivået i Noreg. Dei tingar fyrst under lønsoppgjera, difor frontfagsnemninga, og det som NHO og LO vert samde om skal vera lønsveksten det og det året, vert òg normgjevande for store delar av resten av arbeidslivet. Tanken er at lønsveksten i Noreg må vera i samsvar med det konkurranseutsett sektor kan tola; han bør ikkje vera mykje høgre enn hjå handelspartnarane våre.

Men kvar einskild verksemd har ein bakveg: Går verksemda godt og treng fleire arbeidstakarar, har eigarane relativt vide råmer for lokal lønsfastsetjing. Det LO og NHO gjer, er å setja ei minstegrense for lønsvekst, men mange får altså meir. Dette har tilsette i offentleg sektor få høve til å gjera. I gode år vert dei dimed hangande litt etter lønsveksten i industrien.  

Ikkje lenger taparar
Taparane i det norske klassekompromisset er tradisjonelt dei godt utdana mellomlaga, sivilingeniørar og siviløkonomar til dømes. Dei har fått låg lønsvekst sidan ingen store organisasjonar frontar krava deira, og fordi industri­arbeidaren er normgjevande. Det igjen gjer at verksemdene har relativt billeg arbeidskraft å setja inn når realkapitalen skal installerast og gjerast betre. Men gjennom dei seinaste ti–femten åra har også denne arbeidskrafta vorte langt dyrare. Norske ingeniørar har vorte relativt færre, og di meir internasjonalt orientert industrien har vorte, di hardare kamp har det vorte om dei beste hovuda, særleg i olje­industrien. Funksjonær- og direktørsjiktet i norsk næringsliv har no fått eit lønsnivå som er heilt greitt i europeisk samanheng.

Men dette skal i grunnen ikkje kunna gå. Om ei verksemd gjev dei tilsette stadig høgre løn enn konkurrentane, skal ho tapa i den internasjonale konkurransen. Og det er faktisk det den norske gjennomsnittsverksemda i norsk industri har gjort. Men til gjengjeld har dei verksemdene som har overlevt, vorte eksepsjonelt produktive. Tak til dømes den kraftkrevjande smelteindustrien. Han stod i 1946 for 2,2 prosent av verdsmarknaden innanfor sitt segment. I 1969 var det same talet 6 prosent og representerte med det ein tredjedel av dei norske eksportinntektene.

Denne utviklinga kom trass i at dei tilsette i den kraftkrevjande industrien i 1970 berre stod for 5 prosent av sysselsetjinga i den samla industrien. Nedgangen i talet på tilsette har halde fram. I 1995 var det 26.000 tilsette i den kraftkrevjande industrien, no er det berre 20.000. Men i heile denne perioden har eksporten vorte halden oppe og ofte auka, og det trass i dyrare ingeniørar. Den kraftkrevjande industrien vert den dag i dag berre slegen av olje- og gassektoren når det kjem til eksportinntekter.

Ukunnige offentleg tilsette
Og det er her dei offentleg tilsette har mistydt eit eller anna. Dei har ikkje innsett at når stadig fleire skal dela på oljefatet, så vert det mindre olje til kvar. I 1970 var det under 300.000 i offentleg sektor, no er dei over 800.000, jamvel om folketalet har gått opp med berre 25 prosent. I 1970 var det langt fleire tilsette i industrien enn i offentleg sektor. I dag har vi 30 prosent av arbeidsstyrken tilsett i offentleg sektor, som er verdsrekord, medan under éin av ti arbeider i industrien. I Sverige går talet på tilsette i industrien opp og utgjer 30 prosent av arbeidsstyrken, klårt meir enn i offentleg sektor, som faktisk er på veg nedover i Sverige. Men så har ikkje svenskane oljefat å dela med kvarandre.

Årsaka til at tilsette i den konkurranseutsette sektoren har halde oppe løna og ofte auka henne i gode år, ligg altså i dette at dei har produsert stadig meir med stadig færre personar. Kvar tilsett i industrien produserer i dag meir enn dobbelt så mykje som i 1970 og det trass i at dei har fått langt kortare arbeidstid. Men på vegen har fagforeining­ane i industrien mått akseptera at verksemder har vorte lagde ned, arbeidsplassar flytte og at dei som har fått behalda arbeidet, har mått arbeida stadig smartare og truleg hardare på kortare tid.

Skilnaden på privat og offentleg sektor er svært enkel: I privat sektor kan ein gjerne streika og laga bråk når arbeidsplassar forsvinn, men det hjelper ikkje. I offentleg sektor derimot har det vist seg nær umogeleg å fjerna arbeidsplassar utan å gå vegen om delvis eller heil privatisering. Det som med andre ord er kravet frå fagforeiningane i offentleg sektor, er at dei skal verta stadig fleire samstundes som dei skal tena like godt som dei tilsette i eksportindustrien. Denne modellen er berre ikkje berekraftig. Om tilsette i offentleg sektor vil ha ei lønsutvikling som i eksportnæringane, må dei akseptera at arbeidsplassar forsvinn, og at offentleg tilsette kan verta sagde opp på lik line med folk i det private næringslivet.

Stadig meir til færre
Tak til dømes talet på tilsette i barnehagar: I 1970 var det knapt 3000, i 2010 var 87.400. Og heile vegen har det vorte fleire vaksne per barn. I 2004 var det knytt 4,6 born til kvart årsverk, i 2010 3,9. Det er for å seia det på industrispråket ein rå nedgang i produktivitet på svært kort tid. Ei liknande utvikling finn vi innanfor skule, høgre utdaning og særleg innanfor helse. I 1979 var det 8300 lækjarar i Noreg, i 2003 var det 18.500. I 1979 var det knapt 500 personar for kvar lækjar, i 2003 halvparten. I 2009 var vi komne opp i 22.500 lækjarar, teljaren var 1 over 213.

Så kvifor står frontfagsmodellen for fall? Av di han har skapt altfor høge forventningar til lønsnivået i offentleg sektor. «Vi treng ikkje ein stalinistisk frontfagsmodell», sa leiaren i Unio, Anders Folkestad, tidlegare i år. Han tek feil. Fagforeiningane i offentleg sektor burde omfamna frontfagsmodellen i staden for å kritisera han. Folkestad har skapt eit inntrykk av at medlemene hans kan samanliknast med dei verkeleg produktive i økonomien. Men kven er det som har gjort det best dei seinaste tretti åra, lærarane eller industriarbeidarane?

Neste 1. mai skal eg laga mitt eige banner. Der skal det stå. «Mykje høgre løn til langt færre.»

Jon Hustad er journalist i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake