Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Kina under prinsepartiet
Harald Bøckman,  25.05.12

Striden som enda med Bo Xilais fall i Chongqin, er den alvorlegaste krisa i kommunistpartiet i Kina sidan 1989, og det politiske forfallet har nådd toppen i partiet.

Nyleg kunne vi lese ein stor annonse frå Finnair på framsida av Dagens Næringsliv: «Vi feirer Chongqing, vår ellevte destinasjon i Asia. Den første forbindelsen fra Europa til Kinas største by er nå åpnet.»

Kva er det med denne såkalla «Kinas største by», som Guardians korrespondent Jonathan Watts i ein artikkel i 2006 kalla «Invisible City», og kvifor er Finnair så interessert i å opne direkterute til byen? Svaret er i stor grad knytt til éin person, Bo Xilai. Den same mannen står samstundes sentralt i den største politiske skandalen i Kina sidan 1989.

Den verkelege soga, som det vil vare lenge før vi får versjon 2.0 av, har vorte godt kjend i vestlege media. Bo Xilai er son til Bo Yiobo, ein av dei såkalla «åtte udøyelege», det vil seie ei gruppe på åtte åttiåringar som i praksis styrde Kina i 80-åra og litt ut i 90-åra. Gamle-Bo var mellom anna Folkerepublikkens første finansminister og seinare ein av visestatsministrane. Han døydde i 2007 og var såleis ikkje udøyeleg, men nådde trass i alt den respektable alderen 99 år.

Prinsepartiet
Sonen Bo Xilai høyrde altså til den flokken som i Kina i dag vert kalla «prinsepartiet», det er søner og døtrer av den gamle generasjonen som stod i spissen for revolusjonen i 1949. Det er den privilegerte eliten, samstundes som mange av foreldra og dei sjølve fekk ganske hard medfart under kulturrevolusjonen. Prinsepartiet er inga politisk homogen gruppe, men sit strategisk plassert i det kinesiske samfunnet, ofte i økonomisk lukrative stillingar. Men ein kan seie at det eksisterer eit slags nostalgisk samhald basert på – nettopp – ei kjensle av å ut­gjere eit privilegert sjikt basert på ein raud tradisjon. Bo Xilai er sjølv eit godt døme på ein som går inn for ein laussleppt økonomi, samstundes som han har fremja sosiale tiltak for folket i Chongqing og har pynta det med ein kulturnostalgi med maoistisk staffasje.

Bo bygde seg opp som leiar for hamnebyen Dalian i Nordaust-Kina. Denne delen av Kina som tidlegare vart kalla Mandsjuria på norsk, var den industrielt mest utvikla delen av Kina, takka vere Japans okkupasjon frå 1933 til 1945. Men Bo hadde større ambisjonar. Han ville inn i toppleiinga i Kommunistpartiet. For å kome dit brukte han to metodar: mobilisere nettverka sine i prinsepartiet og leggje an ei uhøgtidleg og populistisk personleg framferd, i sterk kontrast til dei fleste i toppleiinga i partiet. Rett nok nådde han å bli handelsminister, men dei fleste kommentatorane i dag meiner no at då Bo vart utnemnd til partileiar i Chongqing i 2007, var det for å få plassert denne overambisiøse mannen på eit sidespor. Chongqing ligg nemleg langt sørvest i Kina, bak fjella som i si tid hindra Japan i å erobre byen under den andre verdskrigen.

«Chongqing-modellen»
I dag er fjell inga hindring for politisk utfalding. Men dei kan likevel spele ei symbolsk rolle ved at ein kan bruke dei til å byggje sin eigen politiske base i ly av fjella. Det var nett det Bo gjorde, ved å fremje det som i ettertid har vorte kalla Chongqing-modellen. Den gjekk ut på ei interessant blanding og kommersielle gode, pluss den omtala Mao-nostalgien. Men viktigast var det at Bo viste handlekrafta si ved å gå hardt til verks mot dei mafialiknande tilstandane som rådde i det politiske og økonomiske livet i byen. «Slå til mot dei svarte», var slagordet som gjorde han vidgjeten over heile Kina og godt lika av undersåttane i Chongqing. Men i ettertid har det vist at metodane Bo og handlangarane hans nytta, ikkje var heilt etter lova, for å seie det mildt. Framgangsmåten tolde heller ikkje dagens lys og skaffa han mange fiendar. Dessutan har det nærmast alltid i ettertid vist seg at stader som vert utropa til «modellar» til etterfølging av partileiarar rundt i landet, har vist seg å ha ei bakside som har medført at byggverka snøgt har rasa saman, spesielt i samband med politiske stridar.

Opprydding og fall
Den som vart sett til å rydde opp i mafiakrinsane i byen, heitte Wang Lijun. Han var ein av Bos handgjengne menn frå tida i Dalian. Dei siste åra har han fungert som politimeister i Chongqing. I februar hende det utrulege at Wang køyrde den lange vegen til hovudstaden i naboprovinsen Sichuan, Chengdu, og tok seg inn på det amerikanske konsulatet der. Det var rett før han som er påtenkt som ny partileiar, Xi Jinping, skulle møte Barack Obama for første gong offisielt i Washington. Etter eit døgn forlét Wang konsulatet utan å ha fått asyl, «av eigen fri vilje», som det heiter offisielt.

Kvifor gjer ein mann som sit så sentralt og som har ei så stor makt, ei slik desperat handling? Det viste seg at Wang hadde noko å selje: Han fortalde amerikanarane at kona til Bo Xilai, Gui Kailal, var ansvarleg for å ha teke livet av ein tiltrudd familieven, engelskmannen Neil Heywood, i november i fjor. Grunnen skal ha vore alvorleg usemje mellom Heywood og Gui, som til overmål er jurist, om lyssky økonomiske transaksjonar med utlandet. Forfallet i den kinesiske politiske eliten ser ut til å ha kome langt: Ikkje berre saltar dei ned dei tvilsamt tileigna rikdomane sine i utlandet, dei skaffar seg også dokument som gjer det mogleg for dei å slå seg ned på stader som Hongkong og Singapore.

Partiets snubletrådar
Kven er då dei som står imot prinsepartiet? Det er dei såkalla ungkommunistane, det vil seie dei som lik ein god del av den noverande partileiinga har bakgrunn i det kommunistiske ungdomsforbundet. Dei har også lagt til seg ein meir sosial profil, for å reparere dei verste utskeiingane av den ville økonomiske utviklinga i Kina. Men i kinesisk politikk er det ikkje så enkelt som to klare fløyer. Til dømes høyrer han som til hausten skal bli krona til parti­leiar, Xi Jinping, også til prinsepartiet. Samstundes står han nær den førre partileiaren, Jiang Zemin, som etter at han gjekk av som partileiar i 2002, har lagt ut fleire snubletrådar for den noverande partileiinga.

Det alvorlegaste ved denne saka, sett frå partiet si side, er at ho i folks auge har svekt omdømet. Sidan det har vorte umogleg å dysse saka ned, har partiet heller gått ut og freista å bruke andre medium for å styrkje rykteflaumen, utan særleg hell.

Verdas største by?
I mellomtida er denne byen med den lange og turbulente historia si tilsynelatande på veg attende til «normaltilstanden» som rådde før Bo Xilai vart konge i byen. Den tradisjonelle kjernen ligg på eit stort og bratt nes der dei to elvane Jialing og Yangtse møtest, og har frå gammalt av vore ein viktig møteplass for handel. I moderne tid, i fase 1.1, i 1891, vart byen den første kinesiske innlandsbyen der kolonimaktene sikra seg ekstraterritoriale rettar. I fase 1.2, i åra etter 1937, då Japan innleidde felttoget for å erobre Kina, vart byen republikkens provisoriske hovudstad, og mange vil vel kjenne han under den tidlegare skrivemåten Chungqing.

Åra frå 1997 innebar eit betydeleg løft i statusen til byen på det nasjonale administrative kartet og kan seiast å innleie fase 1.4. I 1999 vart fase 1.4 trappa opp ved at den kinesiske regjeringa byrja ein stort anlagd kampanje for å utvikle dei vestlege regionane i landet. Frå då av tok byen verkeleg av. Byen under Bo Xilai var eit framhald av denne dynamiske utviklinga, men kan hende byen under kamerat Bo berre kan vise seg å bli fase 1.4.1. Alt tyder på at byen har falle attende til ein slags normaltilstand, som ein ung, vestleg utdanna entreprenør fortalde til Watts i 2006: «Ingen forretningsmenn kan få det til her utan å ha kontakt med Kommunistpartiet og underverda.»

Harald Bøckman er Kina-ekspert og forskar ved Senter for utvikling og miljø ved Universitetet i Oslo.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake