Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Spektakulært barokkspel
Sjur Haga Bringeland ,  18.05.12

Lurer du på korleis opningskonserten under Festspillene blir neste veke? Dag og Tid har vitja premieren på Händels Xerxes i Berlin.

OPERA
Georg Friedrich Händel:
Xerxes
Komische Oper Berlins orkester og kor, Stefan Herheim, regi, Konrad Junghänel, musikalsk leiing. Komische Oper Berlin, sundag 13. mai 2012

Kva særmerkjer operaen Xerxes? Sjangermessig er han like androgyn som kastratane som song han. Høgstemt alvor vekslar med lågpanna skjemt, kongelege uttrykkjer seg i éi scene med raffinement og finslege ariar, i den neste lèt dei seg lura med grove balladar frå snusfornuftige tenestefolk. Det som gjorde operaen til ein flopp i samtida, er det som begeistrar oss mest i dag.

Den norske regissøren Stefan Herheim fører verdsteatret inn i teaterverda. Eit spektakulært barokkspel i eit biletspråk frå fjern fortid, med fargerike kulissar i sentralperspektiv, prang­ande kjolar og patetiske parykkar, pudder og påklistra venleiksplettar. For mykje av det gode kan som kjent bli fantastisk.

Orkestral eksplosjon
Men ikkje berre iscenesetjinga ber preg av denne kjærleiken til kontrast og stordom. Xerxes tek til med ein drusteleg overture i fransk stil, ein orkestral eksplosjon som under dirigenten Konrad Junghänel set ein teknisk standard som varer kvelden ut. I den rolege delen målar han ut den barokke orkesterklangen av unisone fiolinar og oboar, ein klang som berre er mogeleg i skjeringspunktet mellom perfekt intonasjon og samstemd artikulasjon. Evna hans til å differensiera orkestersatsen gjennom finstemd dynamikk kjem av eit enkelt og verknadsfulle prinsipp: Viktige stemmer skal spelast sterkare enn uviktige. Denne orkestrale arbeidsdelinga får i stand ein tredimensjonal orkesterklang og er ein fryd for øyra.

Händels mest håplause
Librettoen byggjer laust på den greske historikaren Herodot og handlar om persarkongen Xerxes som i 480 f.Kr. freistar å hærta Hellas. Ikkje utan grunn kåra Charles Burney, Händels fyrste biograf, librettoen til komponistens mest håplause, for handlinga er umogeleg å framstilla logisk på scena. Men så dreiar det seg ikkje om å forstå logikken i Xerxes; me må konsentrera oss om augneblinkane, nyta dei absurde episodane, reaksjonane mellom personane i situasjons­komikken. Å nyta er ikkje vanskeleg når solistane er så dugande som dette.

På tysk
To viktige kunstnarlege val må nemnast: I tråd med Komische Oper Berlins credo om å spela alt på tysk, er den italienske operaen omsett til tysk. Dette fungerer berre måteleg; den snerrande italiensken med sine kvasse konsonantar høver betre til musikken. Sidan kastratar ikkje lenger er å oppdriva, har dirigent Junghänel valt å nytta ein kvinneleg solist i hovudrolla, ikkje ein mannleg kontratenor. Det er eit godt val. For det kraftfulle toppregistret som kastratane var så vyrde for, får kvinner betre til enn menn.

Hovmod for fall
Mezzosopranen Stella Doufexis gjer Xerxes som ein byrg hovmeister; kongens hybris som til slutt tvingar han i kne, framstiller ho med prektig og eksotisk gestikk. Denne byrgskapen tener òg det absurde, som når herskaren med heilhjarta patos og svell på røysta syng kjærleikssongen til yndlingstreet sitt, «Ombra mai fu», populært kjend under namnet «Händels largo». Ho har ein rund og varm klang, og jamvel om intonasjonen somme tider vippar oppover, er uttrykket overveldande.

Mezzosopranen Karolina Gumos i rolla som Xerxes’ bror Arsamenes imponerer fyrst og fremst med drivande koloratur­ariar, flammande framførde utan slark, noko publikum prisa med buldrande bravorop.

Xerxes = Sexrex
Syntesen Herheim/Junghänel gjer denne oppsetjinga til ein fest. Junghänel strekar under sjangervekslinga mellom tragikk og komikk utan å overdriva musikalsk. Litt smårusk lyt me tola frå orkestret, utan at det svekkjer heilskapen, og alle solistane er gode.

Herheims regi sprudlar over av seksuelle undertonar, og jamvel om somme av stunta verkar litt umotiverte, er det morosamt. På fleire plan får han fram det transcenderande. Gjennom opplagde anakronismar blir handlinga henta til vår tid; ved å la songarane stiga ned til orkestret og flørta med dirigenten, bryt han barrieren som seinast sidan Wagner rår mellom scene og orkestergrav.

Oppsetjinga stadfester på herleg vis Molières ord om at «av alt bråk manneætta kjenner til, er opera det dyraste».

Sjur Haga Bringeland er musikar og fast musikkmeldar for Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake