Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Steinen og fjellet

Av Jon Hustad
,  11.05.12


Hellas har valt eit parlament som ikkje lenger vil lova å lova. Kassa er i alle høve tom.

EUROKRISA

I helga kom ei diger rivekule dundrande gjennom det greske politiske systemet. Reine nazistar som hatar og vert hata av dei andre på høgresida, ekstreme kommunistar som ikkje vil taka i noko anna parti og rørsle på venstresida, og nær total mistillit til dei tidlegare så dominerande partia PASOK og Nytt Demokrati vart resultatet. Tett på 70 prosent av røystene gjekk til parti som sa at alle sparepakkar skulle taka slutt. Ei fleirtalsregjering er umogeleg, ingen konstellasjon lèt seg stabla på føtene, og alt flyt nær sagt som vanleg. No vert det etter alt å døma nyval i juni, men kvifor folk skal røysta annleis i juni enn i mai, er noko uklårt.

Det var ei av desse hendingane som det i ettertid er så lett å seia berre måtte koma. Dei som har arbeid, har mist 25 prosent av løna og fått auka skattane med ein fjerdedel. Dei som ikkje har arbeid, ein femtedel, får knapt trygd, og over 50 prosent av ungdomane som skal inn i arbeidslivet for fyrste gong, står utan noka von om lønsinntekt. Alt medan pasientar døyr i korridorane, skulane er stadig stengde og streikane nær daglege fenomen. Berre korrupsjonen ser ut til å fungera betre enn før krisa. I takt med at offentleg tilsette får stadig mindre løn, treng dei stadig meir pengar under bordet.

174 milliardar euro
Den andre og såkalla endelege bergingspakken for Hellas som vart vedteken i slutten av februar, er på heile 174 milliardar euro. Pengane kom, kjem og skal koma frå Den europeiske sentralbanken (ECB), EU og Det internasjonale pengefondet (IMF); Hellas har ikkje betalt ned på gjelda si sidan 2010. Summen er svimlande, særleg for grekarane som etter planen skal betala attende pengane dei neste tjue til tretti åra.

Men dei kjem ikkje til å betala attende, skal ein tru nettopp ECB, EU og IMF, som går under nemninga «troikaen». Dei same personane som har tinga fram det greske spare- og reformprogrammet, trur ikkje Hellas har sjanse til å gjennomføra det dei har lova troikaen å gjera. Grekarane visste dette då dei gjekk til valurnene i helga. EU, IMF og ECB visste at grekarane visste dette. Likevel seier Angela Merkel, EU-kommisjonen og IMF og ECB at Hellas skal og må halda fram med det som dei har lova.

Den samla summen det vart tinga om i februar, var 282 milliardar euro; grekarane får 174 av desse. Pakken har som mål at i staden for at Hellas skal ha ein gjeldsgrad på rundt 180 prosent av bruttonasjonalproduktet (BNP) i 2020, så skal gjeldsgraden liggja på 120 prosent av BNP om åtte år. Summen mellom 120 og 180 prosent er tap som dei private kreditorane skal taka eller har teke. Det er stor usemje om kor mykje finansnæringa har tapt og skal tapa på Hellas, men offisielt har Hellas fått avskrive rundt 100 milliardar euro av gamle lån.

Før den siste pakken var 36 prosent av gjelda som Hellas hadde, på hendene til troikaen. Etter pakken der endå meir peng­ar frå europeiske skatte­betalarar vart spytta inn, vil 85 prosent av den greske statsgjelda vera i bøkene til institusjonar som er garanterte av skattebetalarar i andre land enn Hellas.

Motytinga
Kva er så motytinga Hellas må gje for dei 174 milliardar euroane som dei skal få overført frå andre land? Dei skal betra den offentlege budsjettbalansen med 20 prosent innan 2013 er over. Ingen land har i moderne tid gått gjennom ei tilsvarande innstraming, og sidan Hellas ikkje kan devaluera – dei har ikkje eigen valuta å devaluera –, må trygdene og løningane vidare ned og skattane vidare opp. I tillegg kjem det at alle bankar i Hellas i praksis er konkurs og treng minst 50 milliardar euro i ny eigenkapital for å overleva.

Nyleg fekk Hellas ei overføring på 3,5 milliardar euro frå troikaen som ein del av pakken, overføringa er stor nok til at den greske regjeringa kan betala pensjonar og løn i vel ein månad til. Då er pengekassa tom, nett når nyvalet etter planen skal haldast den 17. juni. Men før og under valet skal parlamentet vedtaka 77 struktur- og innsparingsreformer som regjeringa har lova troikaen å gjennomføra.

Dei kjem ikkje til å verta vedtekne. Når over halvparten av dei som har vorte valde inn i det nye parlamentet, har sagt at dei ikkje går med på desse tiltaka, har dei ingen grunn til å endra meining før nyvalet. Troikaen på si side har sagt at dei ikkje vil utbetala ein einaste ny euro før det neste parlamentet lovar å gjera det den førre regjeringa i Hellas lova å gjera. Før sumaren er over, skal Hellas ha gjennomført djupe kutt både i helse- og lønsbudsjetta. Problemet er berre at kutta ikkje kjem til å hjelpa.

Den løynlege rapporten
Før den siste pakken vart underskriven, laga analytikarane til troikaen ein rapport stempla «strengt hemmeleg». Den var ferdig den 15. februar og leken til The Financial Times den 20. Rapporten var halden i eit byråkratisk språk. Men dette er det som forfattarane skreiv om målet om at Hellas i 2020 skal ha ein gjeldsgrad på 120 prosent av BNP:

«Dei to måla: å auka den greske konkurransekrafta og å redusera gjeldsgraden er fundamentalt ulike. Ei intern devaluering (redusert lønsnivå, red.merk.) for å betra den greske konkurransekrafta vil uunngåe­leg føra til ein høgre gjeldsgrad dei næraste åra. I den samanheng­en er det særleg urovekkjande at ei intern devaluering vil føra til ein endå djupare økonomisk nedgang. Dette igjen vil føra til ein mykje høgre gjeldsbane og resultera i ein gjeldsgrad på 160 prosent av BNP i 2020.»
Hellas må altså springa stadig fortare for å stå på staden kvil. Når løningane går ned, går skatteevna ned, går etterspurnaden ned, går økonomien ned.

Det er dette grekarane no har sagt nei til. Og det var det analytikarane til troikaen spådde alt den 15. februar: Analytikarane opererer med noko dei kallar referansebanen. Det er den banen som den greske regjeringa lova å fylgja og som troikaen offisielt sa at var mogeleg å få til. Men dette skreiv den same troikaen uoffisielt:

«Dei greske styremaktene kan nok ikkje levera dei strukturelle reformene og dei politiske justeringane i det tempoet som referansebanen legg opp til. Større lønsfleksibilitet kan i praksis verta blokkert av dei økonomiske aktørane. Liberalisering av vare- og tenestemarknaden kan møta sterk motstand frå særinteressene, og marknadsreformer kan verta stogga av byråkratiske forseinkingar.»

Ikkje innstramingar heller
Troikaen trur altså ikkje at Hellas kan gjennomføra dei strukturelle reformene. Kva med den økonomiske innstraminga? Primærbalanse er når ei regjering har overskot på statsbudsjettet før dei skal betala renter og avdrag:

«På den politiske sida kan det taka Hellas mykje lengre tid enn ein har gått ut ifrå å gjennomføra naudsynte strukturelle, finans­politiske reformer, for slik å betra primærbalansen frå minus 1 prosent i 2012 til pluss 4,5 prosent av BNP (i 2014, red.merk.). Forseinkingar kan òg oppstå grunna den generelle marknadssituasjonen, vanskar med å få tak i midlar (manglande skatteinngang og manglande vilje til privatisering, red.merk.) eller politiske hind­ring­­ar. Og sjølvsagt kan mang­lande draghjelp få makroøkonomien i seg sjølv til å hindra iverksetjing av det som er planlagt.»

No er det fyrste hinderet alt reist, grekarane har valt å seia nei til den siste pakken. Realistane i troikaen fekk rett. Den meir realistiske versjonen ser slik ut, seier analytikarane i rapporten: Gjeldsgraden til Hellas stig til 178 prosent av BNP alt i 2015, og om reformene gradvis kjem i gang att, kan gjeldsgraden siga ned til 160 prosent i 2020. Dette igjen tyder at Hellas må få nye 70 milliardar euro frå EU og IMF.

Men også dette er kanskje for optimistisk, om vi skal tru analytikarane: «Ein så høg gjeldsgrad det neste tiåret vil føra til at til og med mindre økonomiske nedgangstider kan leia til ein ikkje-berekraftig dynamikk og føra til at hjelpeprogrammet går på stadig nye smellar.»

300 milliardar i tap
Sanninga er at troikaen og det internasjonale samfunnet står i fare for å missa minst 300 milliardar euro om dei held fram med å sponsa Hellas. Dreg dei seg ut no, kan det direkte tapet reduserast til under 200 milliardar. Svært lite tyder på at det greske samfunnet har midlane eller for den del betalingsviljen som skal til.

Isolert sett er ikkje Hellas leng­er eit problem for den internasjonale finansnæringa. Det meste av gjelda er på offentlege hender, og bankane har i røynda avskrive den gjelda dei hadde uteståande til den greske regjeringa og gresk næringsliv. Problemet ligg ein annan stad, problemet er no som før smittefaren. Om troikaen offisielt innser det deira eigne analytikarar og uavhengige observatørar innser, og gjev opp Hellas, står Irland og Portugal for tur. Båe desse landa er no under administrasjon av den same troikaen, båe desse landa gjennomfører innstraming­ar og strukturelle reformer. Om Hellas slepp unna, kvifor skal då irske og portugisiske veljarar akseptera at dei må gå gjennom ei beinhard krise?

ECB mot konkursen?
I tillegg kjem det at ECB har særs låg eigenkapital. ECB har no ein gjeldsgrad som er langt høgre enn den den amerikanske investeringsbanken Lehman Brothers hadde då han gjekk konkurs og starta den amerikanske og europeiske finanskrisa. Om Hellas, Portugal og Irland ikkje betaler, er ECB konkurs og må be eigarane sine om ny eigenkapital. Det vil på si side underminera tiltrua til både euroen og ECB. Difor må troikaen halda fram med å låst som om Hellas ein eller annan stad der framme kjem til å betala. Men så lenge Hellas ikkje betaler, må resten av EU gje Hellas pengar til å betala ECB med. Dette visste dei etablerte greske politiske partia, PASOK og Nytt Demokrati.

Konklusjonen ser ut til å vera at Hellas har få grunnar til å gjennomføra det dei har lova. Men så lenge dei held fram med å lova, slepp dei nok unna. Problemet er berre at grekarane no har valt eit parlament som er fylt opp med folk som ikkje lenger vil seia at dei er med på stolleiken. Og vedtek parlamentet at dei ikkje leng­­er vil vedtaka å lova, ja, då veit få om nokon kva som kjem til å henda utover at det truleg vert stygt. Utan at EU har nokon å laga avtaler med, stoggar overføringane. Å gå attende til drakmen vil på si side syta for at Hellas ikkje har råd til å kjøpa varer på den internasjonale marknaden. Men då er det i det minste slutt på gjeldskarusellen. For drakmen vil vera så lite verd på den internasjonale marknaden at han ikkje kan nyttast som betalingsmiddel.

Her er det berre å halda fram med å rulla steinen oppetter fjellsida.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake