![]() |
|
|
Slusar milliardar gjennom skatteparadis Av Per Anders Todal , 11.05.12 Oljefondet skal handle eigedom i stor skala via eit dotterselskap i skatteparadiset Luxembourg. Uetisk, meiner Sigrid Klæboe Jacobsen i Tax Justice Network. Den norske regjeringa er mot skatteparadis – i prinsippet. «Regjeringen skal jobbe for bedre kontroll med finansstrømmene, bekjempelse av skatteparadis og ulovlige internasjonale pengetransaksjoner», heitte det i den siste Soria Moria-erklæringa. Men profilen på dette feltet er ikkje fullt så klår i Noregs Bank, som styrer det norske Oljefondet. Leiinga for fondet – med det noko språkforvirra namnet «Norges Bank Investment Management» – NBIM – etablerte i mai i fjor eit dotterselskap i Luxembourg, som ofte er omtalt som eit skatteparadis. Etter alt å døme var skattenivået eit motiv for denne avgjerda. I 2010 vedtok Finansdepartementet at Oljefondet kunne investere i eigedom, i tillegg til aksjar og obligasjonar. Opptil fem prosent av investeringane til fondet kan bli plassert i eigedom. Det er ikkje småsummar det er snakk om. Ut frå storleiken til fondet i dag tilsvarar det 175 milliardar kroner, og på sikt kan det bli langt meir. Og i mai i fjor etablerte altså Noregs Bank eit dotterselskap i Luxembourg for å handtere eigedomshandelen sin. Det er dette dotterselskapet, som ber namnet NBIM S.á.r.l, det handlar om her. NBIM S.á.r.l skal i sin tur etablere nye dotterselskap for dei konkrete investeringane. Valet av land har fått somme til å rynke på nasen: Luxembourg er ikkje berre eit viktig internasjonalt finanssenter, landet er kjent for det låge skattenivået sitt og blir i mange samanhengar omtalt som eit skatteparadis. Det er først og fremst eigedom i Europa Oljefondet skal investere i, og å kjøpe hus på dette kriseråka kontinentet no kan saktens vise seg lurt på sikt. Oppdraget til Oljefondet er jo å få pengane til å yngle. Men er det etisk greitt at søkkrike Noreg først gjer røvarkjøp i eit Europa i krise, og deretter unngår å betale normale skattar og avgifter i landa der vi kjøper eigedom ved å sluse investeringane gjennom Luxembourg? «En god skatteposisjon» Ønsket om å halde skattekostnadene nede er òg sterkt vektlagt i den siste årsrapporten for Oljefondet, der det er ein eigen artikkel om eigedomsinvesteringane. Her blir det òg nemnt andre grunnar til å nytte dotterselskap, mellom anna at dette skal verne andre delar av fondet mot krav som kan oppstå i samband med eigedomsinvesteringane. Men ønsket om å avgrense skatteutgiftene blir trekt fram ei rekkje stader i artikkelen. «Det er viktig for Norges Bank (...) at fondet ikke belastes for større skattekostnader enn nødvendig», heiter det mellom anna. Og Norges Bank «kan ha behov for å opprette selskaper i land med lav skatt». Slik sett er Luxembourg, med si spesielle skattelovgjeving, midt i blinken. Det vesle landet med ein halv million innbyggjarar myldrar av små dotterselskap med store eigarar i andre land. Dotterselskapa har kanskje ikkje så mykje meir enn ein postkasse og ein kontorpult i Luxembourg, likevel kan det strøyme enorme pengesummar gjennom dei. Landet har dessutan ein lang tradisjon for lyssky finanstenester. Både OECD og G20 har retta skarp kritikk mot Luxembourg for hemmeleghald i banksektoren sin. EU-kommisjonen reiste i 2009 sak mot landet i EU-domstolen fordi lovverket i Luxembourg gjorde det for lett for borgarar og selskap frå andre land å kome unna skatten. – Ei alvorleg sak Ho er styreleiar i den norske avdelinga av Tax Justice Network. Dette er eit internasjonalt nettverk som arbeider for global skatterettferd og mot skatteparadis. Norske medlemer i nettverket er mellom andre Unio, Fagforbundet, Kirkens Nødhjelp og Attac. Internasjonalt har Tax Justice Network rangert Luxembourg som det tredje største skatteparadiset i verda, bak Sveits og Cayman-øyane. – Luxemborg er ein av dei største aktørane i den finansielle hemmeleghaldindustrien. Dette viser kor langt unna ein er ei etisk forvaltning av Oljefondet. Det er ganske alvorleg. – Men det er ikkje noko ulovleg med det Oljefondet gjer her, og NBIM-leiinga forsikrar at verksemda skal vere heilt open? – Det er typisk for slike holdingselskap at dei ikkje har reell verksemd i landet, dei har ikkje stort meir enn ei postkasse, og heile føremålet er å spare skatt. Luxembourg er ekspertar på holdingselskap. – Den norske regjeringa har kamp mot skatteparadis som eit erklært mål. Korleis går dette i hop? Jacobsen viser til ein NOU frå det såkalla Kapitalfluktutvalet i 2009. – Utvalet kom med ei rekkje forslag til tiltak mot skatteparadis, men få av desse har blitt følgde opp i praksis. Eit rikt land som Noreg bør ha eit spesielt ansvar for å opptre etisk også der vi sjølv har økonomiske interesser. Gråsoner – Men på generelt grunnlag kan eg seie at skatteparadis er svært skadelege strukturar for verdsøkonomien. Det handlar ikkje berre om skatt og finansiering av samfunnets infrastruktur, men òg om hemmeleghald som hindrar innsyn i økonomiske transaksjonar, seier Møen. – Noreg bør ha ein klar politikk på dette området og delta i internasjonalt samarbeid mot dei skadelege verknadene av skatteparadisa. Omsynet til avkastninga av Oljefondet må ikkje vere styrande for norsk politikk på området, derimot må norsk politikk vere bindande for framgangsmåten til Oljefondet. – Utanfor mandatet – Det er utanfor mandatet vårt å vurdere korleis NBIM vel å organisere verksemda si, seier jurist Gro Nystuen, som er medlem av Etikkrådet. – Mandatet vårt er å sjå på selskapa i porteføljen til Oljefondet, ikkje på NBIM og organiseringa av avdelingane der. Etikkrådet kan tilrå overfor Finansdepartementet at Oljefondet trekkjer ut investeringane sine i selskap som til dømes bryt menneskerettane, er skuldige i store miljøøydeleggingar eller grov korrupsjon. Men leiarane for Oljefondet kan i prinsippet vere så kreative dei vil i skatteplanlegginga si, utan at det blir ei sak for Etikkrådet. – Om vi skulle meint noko om slikt, måtte vi ha vore NBIMs etiske råd. Men slike spørsmål fell utanfor ansvarsområdet vårt, seier Nystuen. Det er ikkje opplagt at det må vere slik, meiner Guro Slettemark, generalsekretær i Transparency International Norge, ein organisasjon som arbeider mot korrupsjon. Ho skulle gjerne sett at rådet kunne vurdert NBIM-etableringa i Luxembourg. – Eg synest dette godt kunne vore ei sak for Etikkrådet. Vi bør diskutere om mandatet deira kanskje er for snevert. Ho kjenner ikkje detaljane kring Luxembourg-etableringa til NBIM og vil difor ikkje uttale seg for sterkt om saka. – Men om det dreiar seg om å redusere skatten, kan eg vel tenkje meg edlare føremål, seier Slettemark. – Vi skal ikkje ha større skattekostnader enn naudsynt Kommunikasjonsrådgjevar Øystein Sjølie i Norges Bank Investment Management trekkjer fram fleire fordelar med etablere seg i Luxembourg. – Landet har kompetanse på internasjonal kapitalforvaltning, og mange av partnarane våre er vande med å operere gjennom Luxembourg, og tilbyr investeringer i strukturar som alt er etablerte her, seier Sjølie. – Av årsrapporten til NBIM framgår det at omsynet til skattekostnader er ein av dei viktigaste grunnane for å organisere eigedomsinvesteringane på denne måten. Kva er dei skattemessige fordelane ved å etablere eit dotterselskap i Luxembourg? – Kva typar skatteutgifter reknar NBIM med å kunne redusere på denne måten? – Ser NBIM nokon etiske problem med denne typen organisering av verksemda si? – Sjølv om dotterselskapet dykkar ligg i Luxembourg, kan fondet investere i ei rekkje ulike land via dette selskapet. Er det ikkje rimeleg at eit fond eigd av den norske staten betaler skatt etter dei reglane som gjeld i dei landa der fondet reelt sett investerer? – Om NBIM sparer skatteutgifter på å operere via dotterselskap i Luxembourg, inneber det at dei landa der fondet investerer, vil tape skatteinntekter som dei kunne ha god bruk for? – «Regjeringen vil jobbe for bekjempelse av skatteparadis», heiter det i Soria Moria-erklæringa. Er det ikkje da paradoksalt at den norske statens pensjonsfond etablerer eit dotterselskap i Luxembourg, eit land mange omtaler som eit skatteparadis, for å spare skatt? « Tilbake |
![]() |
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|