Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Klimamelding utan bakkekontakt

Av Trygve Refsdal
,  04.05.12


Politikk og næringsinteresser overstyrer fagleg innsikt. Meldinga er useriøs når det gjeld norsk natur, som har ei viktig rolle i klimasammenheng.

«Det er rett og slett en fantastisk tid vi lever i», seier olje- og energiminister Ola Borten Moe til NTB om oljeutvinninga i nord. Skal me sjå på kvart nye oljefunn som ei gåve? Eller skal me òg tenkja litt langsiktig?

Eg synest at klimapolitikken bør stå for langsiktigheit. I klimameldinga som regjeringa la fram siste veke, er her nokre signal som eg synest er positive. Ho kunne vore langt verre. Men meldinga er prega ei enkel tru på tekniske tiltak. På den biologiske sida synest politikk og næringsinteresser å ha overstyrt fagleg innsikt. Spesielt gjeld dette den viktige rolla naturen spelar i klimasamanheng. Her er meldinga useriøs.

Karbonlageret
Fotosyntesen og karbonlageret på landjorda har sentrale roller i klimautviklinga, både globalt og i Noreg. Netto binding i skog får me berre når karbonlageret aukar. I Noreg utgjer denne netto auken 25 millionar tonn CO2 per år og er i særklasse størst (sjå boks).

Trass i dette står det i meldinga at målet er å «opprettholde eller øke karbonlageret», og at her er rom for tiltak «uten at karbonlageret reduseres». Om målet er å «opprettholde karbonlageret», taper me dagens netto binding på 25 millionar tonn CO2 per år. Det er dramatisk! Det er meir enn eitt fullskala reinseverk på Mongstad kan fanga på femten år, og som vil kosta milliard på milliard på milliard.

Naivitet
Senterpartiet og Landbruksdepartementet synest å ha vunne fram med sitt syn om at auka hogst er viktigare enn lagring. Ynskjer dei at maskinentreprenørar og teknikk skal styra ein viktig ressurs, eller bør me satsa meir på det biologiske, med god skogskjøtsel av yngre og mellomaldra skog, både naturleg og planta?

Under tiltak i meldinga er all vekt lagd på auka areal og planting, medan det viktigaste, det å forlengja omløpstida for å auka karbonlageret, ikkje er nemnt. Lengre omløpstid kan gje kvalitetstilvekst, høgare skurdutbytte og meir virkesrike skogar.

I meldinga er det lagd einsidig vekt på CO2 og svært lite på endringar i refleksjonsevna til jorda, albedoeffekten. Den kan gje viktige klimapådriv, ikkje minst i Noreg (sjå boks).

Her er ei naiv tru på at me kan produsera oss ut av problema. Kvifor ikkje analysera det som skjer i Brasil, det fremste landet i verda når det gjeld produksjon av biodrivstoff? Få nasjonar i verda aukar dei fossile utsleppa sine meir enn Brasil! Tala for både utslepp frå avskoging i tropisk skog og tala for fangst på landjorda synest å vera inflaterte. I sum går dette ikkje i hop (sjå boks).

Naturen er viktig
Naturen har i seksti år fanga og bunde halvdelen av utsleppa våre av klimagassar. Sjølv i dag, med dramatisk auke i dei fossile utsleppa våre, fangar naturen opp om lag femti prosent.

Verdshava er viktige karbonsluk og har fanga opp to tredjedelar av dette, medan bio­sfæren på landjorda har teke opp resten, om lag ein tredjedel, med netto fotosyntese.

Med auka innhald av CO2 i lufta aukar også fotosyntesen, kanskje med 15–30 prosent. Det kan gje oss plantar som er meir tørkesterke. Skogareala veks, og trea veks raskare enn før. Og havet har ein stor kapasitet. For å auka lageret på landjorda er eit sentralt tiltak å auka omløpstida og tettleiken i skog. I dag har me, sett i ein karbonsamanheng, mykje relativt ung og dynamisk skog, som kan gje ei stor netto lagring framover.

Dette kan halda fram i nokre tiår på landjorda. Truleg lenger i havet. Men gradvis buttar det imot.

Motbakkar framover
Det finst grenser. Når skogen vert eldre, minskar gradvis evna til stor netto lagring. Ved auka alder aukar risikoen for stormfelling, ròte og insektskadar. Det set grenser for opptaket. Eit alternativ er då auka hogst, men det frigjer ein del av lageret til atmosfæren.

Torvmose på myr fangar òg opp og lagrar karbon. I myr finn me store mengder karbon. Men med auka temperatur vil nedbrytinga auka og kan verta større enn fangsten. I bronsealderen minska mange myrar monaleg, og det frigav store mengder CO2.

Potensialet for lagring av karbon i havet er stort, men minskar når temperaturen i verdshava stig, og når dei vert surare. Og det vert dei, slik me steller oss.

Såleis lever me i dag i ei tid med uvanleg gode vilkår for lagring av karbon i naturen, men går mot ei tid med meir motbakkar (sjå boks).

Jokeren
I dag er ein viktig faktor i oppvarminga, albedo, lite påakta. All vår fokus er på CO2. Albedo har med refleksjonsevna til jorda å gjera. Med ein lågare albedo, eller mørkare klote, aukar temperaturen.

Mørke landskap kan gje eit betydeleg pådriv for oppvarming, og det kjem i tillegg til drivhuseffekten. Ein nedgang i gjennomsnittleg global albedo på berre 1 prosent aukar pådrivet med 3,4 Watt per kvadratmeter. Det gjev same pådriv som ei dobling av CO2-innhaldet i lufta. Det er dramatisk. Dette gjeld spesielt snørike område opp mot fjellet og i sørvendt terreng.

Når snø og isarealet minskar, fangar jorda opp meir varme. Nysnø kan reflektera 90 prosent av innstrålinga, albedo er då 0,90. Gamal snø og is reflekterer mindre, med ein albedo på kanskje 0,7 til 0,35. Tilgrodde landskap, men skog og kratt, fangar opp meir varme enn opne landskap, med dyrka jord og grasland. Barskog meir enn lauvskog. Med snødekke aukar skilnaden mellom skog og opne landskap. Husdyr på beite opp mot fjellet og ut mot kysten kan gjera landskapa mindre «lodne» og med det auka refleksjonsevna.

Vert mørkare
Ser me på gamle fotografi av ulike landskap, kan me ikkje unngå å sjå at dei var ljosare enn dagens landskap, spesielt vinterdag. Noreg vert tydeleg mørkare. Med mindre beitepress gror opne areal att, skoggrensa mot fjellet stig. Gamle stølsområde er prega av attgroing, fyrst ofte med dvergbjørk og vier, vanleg bjørk, gråor og rogn, så med fure og gran. Kystområda gror til.

Auka skydanning og utslepp av aerosol, til dømes frå store barskogareal, kan mildna denne verknaden. Det er eit felt der me treng meir kunnskap. Skyer og aerosol er ein viktig del av klotens albedo, som i gjennomsnitt ligg på om lag 0,3 (sjå boks).

Det positive med dette er at slik tilgroing fangar opp store mengder CO2. Det er nyttig på kort og mellomlang sikt og bør utnyttast på ein optimal måte.

Kva så?
Det som skjer i dag, med dramatiske endringar, kan òg gje oss meir kunnskap om tidlegare tiders svingingar i klimaet, om istider og varme periodar. Kan fotosyntesen også i istider ha hatt ei viktig rolle i klimautviklinga, slik me ser det no i vår tid? Der me for fyrste gong på 750.000 år sprengjer naturen sine grenser?

Kva gjer vi så? Me bør no bremsa på den vanvitige energibruken vår og dempa utvinninga av fossil energi, og leggja meir vekt på diffuse utslepp og naturlege opptak framfor dagens einsidige og rådyre fokus på teknikk og punktutslepp. «Mange bekker smaa gjer ei stor aa!» Me må også verdsetja biologi, berekraft og natur – ikkje berre teknikk, anlegg og utbygging.

Ei slik overordna tenking er diverre fråverande i den nye klimameldinga.

Fakta om klima og natur:

Meir CO2 – Mauna Loa
I mars 1958 starta David Keeling målingar av CO2 i atmosfæren ved Mauna Loa på Hawaii, som ligg på 20 grader nord. I mai 1958 vart det målt 317,5 ppm (parts per million). År for år steig så innhaldet av CO2 i lufta, målt ved Mauna Loa. Til 350 ppm i 1987 og til over 390 ppm i dag, mot 280 ppm i førindustriell tid.
Frå målingar av iskjernar kan vi lesa av CO2-innhaldet i lufta frå langt tilbake i tid. Dagens innhald av CO2 i atmosfæren er høgare enn nokon gong dei siste 750.000 åra.

Fotosyntesen aukar
I kvar vekstsesong i nord, frå april til oktober, viser tala frå Mauna Loa at CO2-innhaldet i lufta går ned med om lag 5 ppm. Målingar nord for 40 grader nord viser større nedgang. Nær ekvator er nedgangen mindre.
Dette må koma av eit stort netto CO2-opptak i biosfæren til landjorda på den nordlege halvkula i vekstsesongen, med stor netto fotosyntese.
Nedgangen i kvar vekst­sesong i nord er no om lag like stor som han var i 1958, trass i sterkt auka utslepp. Det indikerer at fotosyntesen må ha auka monaleg.
Med ein nedgang på 5 ppm i kvar vekstsesong på den nordlege halvkula vert om lag 5 GtC (milliardar tonn karbon) fjerna frå nordleg atmosfære, meir enn samla globale utslepp i den same perioden.
Kalkylane mine ut frå dette, med ulike alternativ når det gjeld rolla som havet spelar, indikerer at netto fotosyntese i vekstsesongen på den nordlege halvkula har auka med 15–30 prosent frå slutten av 1950-åra og til no.
Auken kan koma av auka CO2-innhald i atmosfæren, auka nitrogentilførsel med nedbøren, auka temperatur og lengre vekstsesong i kjølige område og tilgroing.

Utsleppa aukar
I perioden 1958 til 2011 har karbonutsleppa frå bruk av fossil energi auka dramatisk, mest dei siste ti åra.
Frå 1958 til 1978 auka ut­­sleppa frå om lag 2,5 GtC per år til om lag 5,1 GtC per år, altså ei dobling. Frå 1978 og til 2000 auka dei moderat, frå 5,1 til 6,56 GtC per år. Det var ein periode med enøk og nedbygging av tungindustri i Sovjet og Aust-Europa.
Frå år 2000 til 2011 er auken dramatisk, frå 6,56 til 9,1 GtC per år, trass i prisauken på olje. Utsleppsauken per år er meir enn dobla frå perioden 1958–2000. Med stor vekst i Kina og i andre nye industriland. Globaliseringa gjev auka mobilitet og utflagging av utslepp.
Tala me finn i klimameldinga for utslepp frå avskoging og degradering i tropisk skog, 17 prosent av menneskeskapte utslepp, synest inflaterte. Det er nær dei same prosenttala som vart brukte på 1970-talet. Etter den tid er dei fossile utsleppa våre dobla, medan avskoginga neppe er dobla. Her er også ei betydeleg tilgroing.

Opptaka aukar, i havet og på landjorda
I tida frå 1958 til 2011 er dei totale utsleppa våre frå bruk av fossil energi nær 300 milliardar tonn karbon (GtC). I atmosfæren finn me att »berre« om lag 150 GtC eller 50 prosent av desse utsleppa.
Utsleppa har auka dramatisk, men bindinga i naturen må ha auka nesten like mykje. I 2011 var utsleppa 9,1 GtC, medan auken i atmosfæren var 4,6 GtC. Såleis lever me i ein tidsperiode med ekstra gode vilkår for binding av karbon i naturen.
Verdshava både tek opp og frigjer store mengder CO2, ved absorpsjon og desorbsjon. Opptaket minskar når havet vert varmare og surare, men aukar med auka partialtrykk i lufta (pCO2). Prinsippa for utvekslinga er velkjend, i Henrys lov. Utvekslinga kan ta frå nokre dagar til fleire tusen år. Hans Goksøyr skriv: »Høy sjøvanns­temperatur og vindstille gir meget lav overgang, mens en nordatlantisk vinterstorm gir meget høy utnyttelse av potensialet.»
Biosfæren på landjorda er eit stadig viktigare karbonsluk, dels på grunn av auka fotosyntese. På slutten av 1950-åra stod den kanskje for eit netto utslepp, mot kanskje ei netto binding på noko under 2 GtC i dag. Tala til regjeringa i St.meld. nr. 21 (2011–12), 2,6 GtC/år, synest å vera for høge. For at dei skal vera rette, må landjorda stå for om lag 57 prosent av total netto binding, mot 43 prosent i havet. Det verkar urimeleg.
Eit auka karbonlager i norske skogar tek hand om nær 60 prosent av norske utslepp av CO2, eller om lag 25 millionar tonn CO2 per år. Olav Norem har arbeidt ut ein skogmodell som viser prinsippa for langsiktig lagring i ein typisk norsk skog.

Albedo
Ein viktig sideeffekt av auka innhald av CO2 i atmosfæren er auka fotosyntese og auka tilgroing, også på marginale areal. Dette minskar albedo, eller refleksjonsevna til jordkloten, ved at landskap og jordoverflata vert mørkare.
Endringar i albedo kan gje eit sterkare pådriv når det gjeld oppvarming av kloten enn den drivhuseffekten som er knytt til auka atmosfærisk innhald av CO2. Ein nedgang i gjennomsnittleg global albedo på 1 prosent aukar pådrivet med 3,4 Watt per kvadratmeter, som tilsvarar pådrivet frå ei dobling av CO2-innhaldet i atmosfæren.
På lang sikt kan det kanskje gje større pådriv for oppvarming enn den kjølande effekten me får med binding av CO2 ved tilgroing, spesielt i snørike område og i sørvendt terreng. Effekten av dette kan dempast om det også påverkar skydanning og utslepp av aerosol, til dømes frå store barskogområde.
Noreg har vorte tydeleg mørkare dei siste seksti åra, med ein redusert albedo. Det er mogleg at dette kan gje eit sterkare klimapådriv enn utsleppa våre av CO2. Trass i dette er albedoeffekten ikkje nemnd i sentrale klimadokument frå Lavutslippsutvalget, Landbruksdepartementet og Kystskogbruket.
I St.meld. nr. 21 (2011–12)er albedoeffekten berre så vidt nemnd i Boks 9.1 og er ikkje drøfta i samband med ulike tiltak.

Trygve Refsdal er forstkandidat og fast skribent i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake