Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
Fakta om avisa
Manglande avis?
Redaktøransvar
Riksfondet
Tilsette
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Klimapolitikk utan vilje

Av Svein Gjerdåker
,  26.04.12


Er det realistisk å få ned dei norske klimautsleppa dei næraste åra? Det ser ikkje slik ut. Til no har åra gått til masse prat og lite resultat. Ein kan jo lura på om den norske regjeringa trur på klimautfordringa? Det er i alle fall lite i den nye klimameldinga som tilseier at alvoret har sige inn.

Men det er ikkje rart. Gode klimatiltak har så mange utilsikta konsekvensar at det er svært vanskeleg å få til i praksis. I tillegg vil det som Noreg kan få til heime, ha lite å seia i global samanheng. Så kvifor då risikera arbeidsplassar om ikkje alle andre land gjer det same? Og det gjer dei jo ikkje. Det er berre å sjå på USA eller Kina.

Skal ein då gå for store nasjonale kutt, må ein tru på førestellinga om at om nokon går i førevegen, så vil andre fylgja etter. Men ei slik tru på eksemplets makt er vanskeleg å basera ei stor omlegging av norsk politikk på. Difor får vi halventusiastiske klimameldingar som den vi fekk denne veka. Ei melding som manglar tydelege, konkrete tiltak som heilt sikkert vil verka.

Kva hjelper det med ei lita heving av CO2-avgifta? Det er småpengar for oljeindustrien. Nei, den raudgrøne regjeringa skuffar. Småflikking er alt ho kjem opp med etter sju år.

Ein stor oljenasjon som Noreg som skal kutta i klima­utsleppa, må ta tak i oljeindustrien og oljeutvinninga om det skal muna. Det ville såleis vore interessant med ei skikkeleg utgreiing av kor lågt produksjonsnivå Noreg kan leggja seg på utan at oljeindustrien med alle sine forgreiningar går dukken. Ein skulle tru at vi på det området har mykje å gå på i dag.

Så er sjølvsagt spørsmålet om ein nedgang i norsk oljeproduksjon vil bidra positivt til miljøet? Det finst det vel heller ikkje eintydige svar på. I klimapolitikken er det mange faktorar som spelar i hop, og eit tiltak her treng ikkje føra til betring ein annan stad. Det er ikkje rart at regjeringa kastar korta og endar opp med symbolpolitikk – men det er ikkje akseptabelt.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake