Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


– Endå meir symbolpolitikk

Av Jon Hustad
,  27.04.12


Klimameldinga er sløsing med pengar og kjem neppe til å få effekt, meiner økonomiprofessor Rögnvaldur Hannesson.

Onsdag kom klimameldinga til regjeringa. Det skal verta auka satsing på raske tog og dobbelspor rundt Oslo, oljeindustrien får ei dobling av CO2-avgiftene, og det vert sett av 25 milliardar til miljøfondet som då vert 50 milliardar i 2020. Regjeringa seier framleis at to tredjedelar av dei kutta i CO2-utslepp som Noreg skal få til, skal koma her heime.

– Dette er nok mest symbolpolitikk. Så har då også meldinga hatt ein trong fødsel. Det er delte meiningar i regjeringa om kva ein skal gjera, SV har pressa på, medan LO og delar av Ap har vore skeptiske til å taka mykje av tiltaka i Noreg, seier Rögnvaldur Hannesson, professor ved Handelshøyskolen i Bergen.

– Dei legg opp til auka satsing på snøggtog, men det vil føra til at det vert færre togstasjonar og lengre reisetid for mange, seier Jernbaneverket. Men vi finn ikkje konkrete utrekningar i meldinga på kva effekt snøggtog vil få. Burde ein ikkje rekna på slikt?
– Eg har ikkje så stor tru på slike utrekningar. Menneska tilpassar seg nye vilkår og endrar åtferd. Og då hjelper ikkje desse reknestykka i særleg grad. Inga melding såg til dømes føre seg eksplosjonen i utgifter til uføretrygd.

– Det kjem ikkje krav til elektrifisering av sokkelen, er det ein god eller ein dårleg ting?
– Elektrifisering av sokkelen er rett og slett dumt. Det er svært dyrt, og energien finst der ute frå før. Ja, det reduserer utslepp frå sokkelen, som isolert sett kan vera ein god ting. Problemet er berre at den gassen som ikkje vert brend der ute, i staden vert eksportert og brend ein annan stad. Då er vi like langt med den skilnaden at Noreg som nasjon har sløst vekk store summar.

– Men ei fordobling av CO2-avgiftene som oljeindustrien må betala, må då få ein effekt?
– Ja, ei slik avgift vil gje industrien incentiv til å redusera ut­­sleppa. Men igjen, dei reduserte ut­­­sleppa fører truleg til høgre eksport, at utsleppa kjem andre stader. Avgifta kan òg føra til redusert produksjon. Og om oljen og gassen ikkje vert utvunnen på norsk sokkel, så vil han verta ut­­vunnen andre stader, stader som har høgre utslepp ved produksjon og høgre utslepp ved forbruk. CO2 er eit globalt problem, einsidige nasjonale tiltak har små og kanskje til og med negative effektar.

– Om vi får til den reduksjonen som regjeringa legg opp til, seier klimamodellane at det kan redusera global oppvarming med om lag ein milligrad, 0,0010 Celsius, om hundre år, altså seinka oppvarminga med om lag éi veke. Kvifor då denne merksemda?
– Klima har nærast vorte eit religiøst spørsmål for mange. Logikken er sjalta ut. Eg har ikkje noka anna forklåring. Vi vil gjennomføra tiltak som gjer oss fattigare og som ikkje har ein reell effekt.

– I si tid galdt Kyoto-avtalen 50 prosent av dei globale utsleppa. No gjeld avtalen berre 15 prosent av utsleppa. Er det internasjonale engasjementet for kutt over for denne gong?
– Spørsmålet er vel heller om det nokon gong har vore særleg stort. Det er fyrst og fremst EU som har vore pådrivar. Her heime likar vi å skulda på George W. Bush for at USA hoppa av Kyoto-avtalen, men sanninga er at Kyoto aldri hadde vorte ratifisert i Kongressen. Ja, Australia kom med seinare, men då hoppa til gjengjeld Canada av. Kyoto har knapt hatt ein effekt.

– Regjeringa legg opp til å auka storleiken på Miljøfondet, men det skal skje innanfor handlingsregelen. Kva effekt får det på den samla økonomien?
– Ein klårt negativ effekt. Ein auke i Miljøfondet vil føra til at ein fortrengjer andre utgifter. Ein stadig aukande bruk av pengar på miljøtiltak kan samanliknast med eksplosjonen i uføretrygder. Den dramatiske auken der har ført til at vi nyttar langt mindre av den samla verdiskapinga på samferdsle.

– Men de økonomar ser ut til å vera mot subsidiering same kva? Kvifor?
– Nja, det finst subsidiar til gode føremål som lèt seg rettferdiggjera. Men problemet er at ein svært ofte subsidierer særinteresser som ikkje kan hevda seg i ein effektiv konkurranse. Det er å sløsa med pengar på sektorar som ikkje gjev eit positivt tilskot til økonomien. Subsidiering av landbruket, til dømes, gjer at norsk landbruk vert mindre effektivt enn det elles ville ha vore og gjev i sin tur tilskot til auka globale utslepp av CO2. Om ein vil ha eit tiltak som verkeleg kan få ned dei globale utsleppa av CO2, er det ei global CO2-avgift. Ulempa er at det ville føra til redusert økonomisk vekst eller tilbakegang – særleg i utviklingslanda.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake