Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
Fakta om avisa
Manglande avis?
Redaktøransvar
Riksfondet
Tilsette
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Den norske bustadlagnaden

Av Nils Rune Langeland
,  27.04.12


Når korkje utdanning, løn eller giftarmål kan gjere deg rik, er det berre bustadmarknaden som står att.

Utan å vite det hadde eg sett i gang eit sosio­logisk eksperiment som mest kan samanliknast med eit naturvitskapleg laboratorieforsøk. Det kunne minne om slike testar vi gjorde på barneskulen med jarnpulver på eit papir som vi plasserte ein magnet under. Så snøgt og strengt lovbunde fall resultata på plass. Kva var det eg hadde gjort? Ikkje stort. Berre sett inn ein heimesnikra annonse for utleige av bustad i Stav­anger på finn.no.

På nyåret 2008 hadde det laga seg ei ørlita dump i bustadmarknaden som gjorde det råd for meg å tileigne meg eit fireroms husvære med fantastisk hav­utsikt. Men desse rekkjene av lågblokker på Madlamark var slike billege folke­bustader bygde i ei heilt anna tid midt på 1970-talet. Små bad og ingen heis, til dømes. Men underleg rause og romslege på ein måte ein berre kunne byggje i ei tid utan bustadmarknad. Altanen, for det er ingen balkong, brei som ein felles terrasse. Og entreen, eit vedheng få legg vekt på i dag, romsleg som ei heil lita stove. Og så attpåtil noko så kuriøst som eit vaskerom.

Desse blokkene står i skjeringspunktet mellom den gamle og nye tida. Ved inngangen til oljealderen var Stav­anger ein av dei fattigaste byane i Noreg med eit utdanningsnivå på line med Finnmark. Ein provinsiell indre- og ytre­misjonsby ved havet med ein avleggs hermetikk­industri og dårleg sjølvtillit, men folkeleg og varmt familiær som mange slike småbyar er. Og i grunnen er dette sjela i Stavanger enno. Det urbane, moderne og kosmopolitiske er ein sjølvnytande myte. Oljerikdomen er ein fest frå havet der ute, men han har ikkje gjort siddisane til storborgarar. Rett nedanfor blokka mi breier rett nok det nye Stavanger seg ut med millionvillaer, strigla plenar, gedigne carportar. Men det heile kviler tagalt i eit uverkeleg skin av noko glashardt, kunstig og framandt. Ein dåm av amerikansk sørstat.

Mistilliten til daninga bind bedehuset saman med grillterrassen her i Rogaland. Og synda har vist seg som ein vel så god felage til nevenytta i marknadssamfunnet som sundagsskulemoralen. Så lenge dei ikkje talar og skriv, står dei heller ikkje i fare for å misse seg sjølve i oljerikdomen. Det er det viktigaste. Vi talar trass i alt om vanlege arbeidsfolk som har fått mykje pengar mellom hendene. Og utover alt dette står eg og ser. Ein einsleg tilreisande akademikar i eit altfor stort husvære. Kveld etter kveld kunne eg fylgje ferda åt sola over Hafrsfjord til ho drukna seg sjølv lik ein gullskatt i havet i vest.

Og no ville eg freiste leige ut husværet mitt, for eg ville attende til Oslo. Eg hadde inga røynsle med slike praktiske handteringar og forhøyrde meg difor litt rundt. Stavanger hadde jo no nådd skils alder som oljehovudstad, og det var etablert ei rad profesjonelle utleigefirma med fancy amerikanskinspirerte namn.

Eg tok nokre nølande telefonar og støytte straks på stor interesse. Blide, kvitrande kvinnerøyster ville gjerne kome og saumfare husværet mitt. Og ein regnfull morgon strena eit eksemplar av sorten rundt i det som var det synlege uttrykket for ungkarslivet mitt. Ho såg ut akkurat som venta. Konvensjonelt pen, blondfarga og med høge, tronge støvlettar. Type eigedomsmeklar.

Men det spissmusliknande åsynet og dei snøgt vandrande augo kunne berre vanskeleg løyne den botnlause forakta hennar. Og brått skjøna eg kvifor. Eg hadde naturlegvis ikkje fylgt med på det som var den største interessa og investeringa åt dei nye mellomlaga, nemleg innreiing av bustader. Og her i Stavanger var det dei som rula, ikkje fattige akademikarar. Sofaen og stolane eg hadde arva av foreldra mine som naudløysing gjennom eit langt studentliv og drege med meg vidare utan å tenkje så mykje på det, var for henne ein direkte provokasjon. I hennar augo var eg ein syndar som hadde mishandla eit potensielt godt husvære. Det fanst inga tilgjeving for såvore.

Og domen fall lynkjapt. Alt måtte bort! Alt! Ho rådde meg til å investere i ein såkalla IKEA-pakke til om lag 80.000 der alle fargar og stilar hang saman i eit einaste kommersielt konsept, som ikkje støytte nokon. Om eg gjorde det, kunne eg sikkert få 18–19.000 i månaden og skrive av investeringane på skatten. På toppen av det heile hadde ho med seg ein tjukk bunke av inventarlister på engelsk der kvar gaffel måtte registrerast på ære og samvit. Eg svara ja og ha og blei heilt kvalm berre av tanken på alt som måtte fiksast på inga tid. Eg gav rett og slett opp. Men det som verkeleg fylte meg med eit slags hat, var at ho ville ha vekk reproduksjonen av eit flott målarstykke frå 1600-talet fordi det var for spesielt. Skulle dette verkeleg vere så vanskeleg?

Det var då eg prøvde finn.no. Ein heilt enkel, kort tekst utan altfor mykje informasjon blei supplert med nokre keitute bilete tekne med mobilkameraet mitt. Og eg la meg i nedre sjikt med ei månadsleige på 14.000. Responsen var overveldande. Mange hundre treff berre på ein times tid. Og det var no ein heil sosiologi openberra seg framføre meg, veltande ut or eit usynleg inkje. «Hello sir, my name is Farzid. I am a senior engineer working for Aker Solutions. I have a letter of guarantee from my employer to ensure you get paid.»

I den eine ytterenden melde det seg aggressivt ivrige, iranske oljeingeniørar med formelle garantiar og som uttrykte seg på perfekt, høfleg engelsk. I den andre enden kom det kjensle­ladde, hjelpelause e-brev på dialekt frå norske åleinemødrer. Og midt i ein heil hurv med «tre rolege gutar, som studerer..», «tre snille jenter som studerer..» Vel, eg har vore ung student sjølv. Vonar dei «rolege gutane» til slutt fekk seg tak over hovudet, for å seie det slik.

Eg fekk her ein fascinerande glytt inn i eit globalisert Framtids-Noreg. Tre svært ulike grupper møttest i den same vonlause, lokale bustadmarknaden i mitt husvære, som ein gong for ikkje altfor lenge sidan var ein sosialdemokratisk bustad: Internasjonale, mobile og høgt kompetente arbeidstakarar frå så å seie heile verda. Ungdomar utan kapital, og så dei norske taparane i bustadmarknaden.

For bustadmarknaden er ikkje som andre marknader. Han er no tettare knytt til den sosiale lagnaden din enn nokon annan marknad. Eg merka på meg sjølv at eg automatisk blei skeptisk til dei som var over 45 og skulle sjå på husværet mitt. Kvifor? For å seie det heilt brutalt enkelt: Er du etnisk norsk og over førti, skal du ikkje vere på leigemarknaden. Då er det noko gale med deg. Einaste legitime grunn er at du nyst har skilt deg eller er pendlar. Den norske bustadmarknaden krev faktisk at du er fullt og heilt deltakar frå og med din fyrste jobb og helst litt før. Mange av dei eg kjenner og som har vore aggressive, aktive deltakarar i marknaden i mange år, sit no på huskapital verd 6–8 millionar. Men dei starta ut med mest ingen eigenkapital i det heile. Kjøp og sal av bustad er den einaste verkelege mark­nadsøkonomien vanlege lønsmottakarar kan ta del i.

Men det er få marknader der Marx’ teori om vara som fetisj høver betre.

Dia­­mantar, persiske teppe, kunst, bilar og champagne er til jamføring rasjonelle investeringar. For var ikkje utsikta over Hafrsfjord like fin i 1975 som i 2012?

Jo, men nett difor er bustadmarknaden eit godt, men djevelsk døme på at
draumen om å gjere ein forskjell er sterkare enn idealet om likskap i det norske samfunnet. Det er ein marknad driven av sosiale ambisjonar på individ- og familienivå. Ofte er kvinnene dei mest pågåande i denne marknaden. Når korkje utdanning, løn eller giftarmål kan gjere deg rik, er det berre bustadmarknaden som står att.

Og her er det på kort tid i ferd med å skje noko dramatisk over heile landet. Det kan enkelt illustrerast med ein biltur på Vestlandet. Når eg køyrde frå Stavanger til Voss, starta eg i eit Disneyland av skinande, blautkakeliknande villaer. Det er nett som om eigarane har eit indre heller lite mentalt hus lik det dei kanskje voks opp i. Men når pengane er der, kjem dei ikkje på noko meir enn å klistre tre, fire hus saman i ein einaste stor kladas med karnapp, måle han kvit og byggje ein kjempediger grillterrasse rundt blautkaka. Og vips har du ein villa på Sørvestlandet.

Men når eg sig inn i dei gamle kulturbygdene i Hardanger, er det som om nokon har slege av ljoset. Eller kanskje dei sit på kammerset og les? Det er blitt synleg i landskapet at dei ikkje tek del i den olje- og urbaniseringsdrivne bustadmarknaden. Konsekvensane er eit slags stavnsband. Om du sel huset ditt i Granvin, kan du ikkje kjøpe deg inn i bustadmarknaden i Oslo eller i Stavanger.

Dette er som ein formel. Kombinasjonen av låg utdanning og ein dårleg bustadmarknad bind folk til staden. I det stille etablerer bustadmarknaden eit klassesamfunn, som ikkje heilt høver inn i modellane åt samfunnsforskarane. Geografien spelar ei sjølvstendig rolle. Når bygdene ikkje lenger lever av heimenaturen, er dei i røynda meiningslause. Kvifor skal nokon bu i Indre Troms dersom dei ikkje lever av naturen der?

Men ein marknad er ikkje berre eit sjakkspel. I valet mellom iranske garanti­brev og etnisk samkjensle landa eg til slutt på ein norsk småbarns­familie som leigetakarar.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake