|
|
Burde gått rett på sak Av Svein Gjerdåker , 20.04.12 Fleire aviser og kommentatorar hevdar at aktoratet har plukka frå kvarandre Anders Behring Breiviks forklaring. Det skulle berre mangla. Det er svært lite som heng i hop i Breiviks forklaring og verdsbilete. Men samstundes har utspørjinga til aktoratet dei fyrste to dagane gjeve Breivik for lett spel. Resultatet vart at utspørjinga drog i langdrag og på mange måtar trivialiserte rettssaka med lange ordvekslingar som tilfører saka lite. Sjølvsagt er det sentralt om han har operert åleine – eller om denne gruppa hans som han kallar Knights Templar, verkeleg eksisterer. Difor må det òg med som tema i utspørjinga til aktoratet, men det har fått for stor plass – om retten skal halda seg til berre fem dagar med utspørjing av tiltalte. Aktoratet burde gått rett på dei grufulle handlingane til Breivik og slik sett tonen for utspørjinga med éin gong. Frå starten skulle dei ha pressa Breivik på kvifor han drap unge jenter og gutar som trygla om livet. Tonen vart vesentleg skjerpa ut på dagen i går, og råskapen kom fram. No må resten av tida nyttast til å få fram grunnelementa i ideologien hans og motiveringa for massedrapa. Kvifor denne menneskeforakta? Korleis framstår han så? Er han psykotisk? Så langt i rettssaka verkar ein slik påstand urimeleg. Han skjønar konsekvensen av det han har gjort, og spelar på eit for stort register til at det passar inn i ein definisjon som psykotisk. I så tilfelle er definisjonen altfor upresis og vid til at han kan gjelda i strafferettssamanheng. Om så tilsynelatande rasjonelle menneske som Anders Behring Breivik, og måten han framstår på til no, berre skal dømast til tvunge helsevern, er vi på ville vegar.
« Tilbake |
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|