Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Naturleg med begge målformer

Av Eirik Holmøyvik og Jørn Øyrehagen Sunde
,  20.04.12


Ein kan ikkje modernisera språket i Grunnlova utan å ta omsyn til at vi har hatt to jamstelte skriftpråk sidan 1885.

I 1903 vart grunnlovsteksten modernisert til språknorma på den tida. Men dette språket står i dag fram som antikvert og skal i samband med 200-årsjubileet for Grunnlova moderniserast. I den samanhengen har stortingsgruppene til regjeringspartia vedteke at Grunnlova òg skal setjast om til nynorsk. Dette er eigentleg heilt naturleg sett i lys av jamstellingsvedtaket frå 1885, då Stortinget med 78 mot 31 røyster vedtok at lands- og riksmål, frå 1929 kalla nynorsk og bokmål, skulle vera jamstelte.

Lunkent i 1901
I kjølvatnet av at språket i Grunnlova vart modernisert i 1903, vart det òg fremja forslag om ein likestilt nynorsk språkversjon. Rettsvitskapsmannen og nynorskforkjemparen Nikolaus Gjelsvik hadde stått for ei rein omsetjing av Grunnlova til nynorsk alt i 1901. Men i 1906 fekk forslaget ei avmålt mottaking. Målsmannen for dei som avviste det, sa under stortingsdebatten at det var med ein «vis dristighed» at forslagsstillaren hadde bede Stortinget om å «akceptere en overførelse af den nuværende grundlov til et sprog, som han kalder landsmaal».

På dette tidspunktet fanst det framleis berre éi anna lov på nynorsk, nemleg «Log um sams normaltid fyr konge­riket Norig». Under stortingshandsaminga uttala Jacob Aall Bonnevie, ein av motstandarane mot jamstellingsvedtaket i 1885, det heile som eit «demonstrativt Experiment». Bonnevie peika vidare på at nynorsk var «et dagligdags Sprog, som kun omhandler dagligdagse Ting», medan «i en Lov forekommer Ting, som ligger langt udenfor det dagligdagse». Lova vart til slutt vedteken etter at eit forslag om at lova skulle vera på «Skriftsprog» fall med 44 mot 38 stemmer. Fyrst i 1920 kom ei ny lov på nynorsk.

Føregangsmann
Nynorsk lovgjeving av eit visst omfang fekk vi for alvor etter 1925, då mellom anna Ketil Skogen frå Telemark vart medlem av justiskomiteen og saksordførar for fleire lover. Han var i 1909 den fyrste som tok juridisk eksamen på nynorsk. Eksamenskommisjonen skal ha notert på ei av oppgåvene at hadde ho vore skriven på menneskemål, ville ho visstnok ha vore god. Skogen var ein av dei dyktigaste juristane i Noreg i mellomkrigstida, men valet av målform på eksamen avskar han frå ein vitskapleg karriere.

I dag er det litt tilfeldig kva målform lover vert skrivne på. Men Grunnlova er ikkje ei vanleg lov. Juridisk står ho i ei særstilling som heimelsgrunnlag for alle andre lover og handlingar frå styresmaktene. Historisk og kulturelt er ho symbolet på fridom og det sjølvstendige Noreg. Det er dette dokumentet, og historia og verdiane det representerer, vi feirar kvar 17. mai. Desse eigenskapane ved Grunnlova gjer at valet av målform ikkje kan vera like pragmatisk som for andre lover.

Må ta omsyn
Ein kan ikkje modernisera språket i Grunnlova utan å ta omsyn til at vi har hatt to jamstelte skriftspråk i Noreg sidan 1885. Om Stortinget skulle velja berre å modernisera språket i Grunnlova til moderne bokmål, vil det gje bokmål eit formelt skin av forrang framfor nynorsk. I staden bør Stortinget gjera som dei tre regjeringspartia no går inn for, og gje Grunnlova både på bokmål og nynorsk. Så vil lagnaden til forslaget visa om det er like dristig i dag som det var i 1906.

Eirik Holmøyvik er fyrsteamanuensis og Jørn Øyrehagen Sunde er professor, båe ved Det juridiske fakultetet i Bergen.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake