|
|
Viktig rapport Av Svein Gjerdåker, 13.04.12 Oslo tingrett gjorde heilt rett då dei bad om ein ny psykiatrirapport om Anders Behring Breivik – imot rådet frå Riksadvokaten, statsadvokatane og den rettsmedisinske kommisjonen. Oslo tingrett gjorde heilt rett då dei bad om ein ny psykiatrirapport om Anders Behring Breivik – imot rådet frå Riksadvokaten, statsadvokatane og den rettsmedisinske kommisjonen. Etter alle dei innvendingane som kom etter at rapporten vart offentleg kjend, synte tingretten god dømekraft då dei tok initiativ til ein ny gjennomgang. At dei oppnemnde sakkunnige i den fyrste rapporten ikkje ville gå inn på det ekstreme ideologiske tankegodset til Breivik og la det vera med på å påverka den endelege konklusjonen, er vanskeleg å skjøna. Endå vanskelegare er det å skjøna at den rettsmedisinske kommisjonen ikkje hadde innvendingar nok til å be om ein ny rapport. Kva meiner forresten kommisjonen om den nye rapporten? Den må jo underkjennast sidan den fyrste var gode greier – eller kva? Med to rapportar med to heilt ulike konklusjonar vert det no reelt opp til retten å avgjera om Anders Behring Breivik er strafferettsleg tilrekneleg eller ikkje. Det gjeld i teorien i alle rettssaker, men i praksis vert ikkje sakkunnige overprøvde i retten. No vert måten Anders Behring Breivik oppfører seg på i retten, sentral i spørsmålet om han er tilrekneleg eller ikkje. Her vil han etter det vi skjønar, berre orsaka éin ting: at han ikkje drap fleire. Konklusjonen i den nye rapporten er at Anders Behring Breivik er ein fanatisk ekstremist med tydeleg narsissistisk og dyssosial personlegdomsforstyrring, men altså ikkje psykotisk og strafferettsleg utilrekneleg. Ingen har lese den nye rapporten utanom dei involverte i rettssaka, men med dei openberre svake sidene som den fyrste rapporten hadde, synest no grunnlaget for ei riktig domsavgjerd i spørsmålet om Breivik er tilrekneleg eller ikkje, mykje større.
« Tilbake |
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|