 |
FØRSTESIDA
NYHENDE

KRITIKK

Meiningar

AKTUELT

BUTIKKEN

MARKNADSPLASSEN

DAG OG TID

ANNA

|
|
Det tyske tabuet
Av Sjur Haga Bringeland, 13.04.12
Kva har Grass eigenleg sagt?
(Leipzig:) I Tyskland seier debatten oss mindre om kva som hender i Midtausten, og meir om kampen tyskarane fører mot eigne skrømt. Halvanna veke er gått sidan Günter Grass publiserte «Was gesagt werden muss», eit politisk prosadikt i ni strofer og 79 verseliner der den 84 år gamle nobelprisvinnaren i litteratur kastar seg verbalt inn i konflikten mellom Israel og Iran. Knapt noko dikt har hatt ein så eksplosiv verknad og breidd seg raskare og heftigare i det internasjonale ordskiftet. Mottakinga i Tyskland er ei mest unison avvising, ikkje berre grunna kva som blei sagt, men kven som seier det: Det er ein diktar som ytrar seg om politikk i dikts form, i tillegg er diktaren ein tyskar som under førre verdskrigen kjempa for Hitler med SS-runer på kragen. I diktet hevdar Grass at «atommakta Israel set den alt skøyre verdsfreden i fare» når dei planlegg eit preventivt åtak som vil kunna utsletta det iranske folket. Han ottast at tyskarane kan gjera seg medskuldige i eit slik utslettande åtak, for som godtgjersle for dei historiske feila sine leverer dei ubåtar av Dolphin-klassa til Israel, som gjennom centimeters 65 torpedorøyr kan avfyra kryssarrakettar med atomsprenghovud. To ubåtar er leverte til Israel sidan 1997, to til skal leverast dei neste to åra, to av dei er ei gåve frå den tyske staten, resten er sterkt subsidierte. Dette som Grass kallar ein uvitug godtgjerslepolitikk, vil han ha slutt på. Og ubåtaffæren er omstridd i Tyskland, for landet leverer av prinsipp ikkje våpen til kriseområde utanfor NATO. Unnataket byggjer på ein avtale med Israel frå 1950-åra og blei grunngjeve med det spesielle tilhøvet mellom landa – etter holocaust kjende tyskarane seg ansvarlege for Israels tryggleik, dei valde difor å bryta eksportreglane. Angela Merkel lova for fire år sidan Tysklands absolutte solidaritet med Israel, òg andsynes Iran. Utsegnene hennar etter at Grass blei erklært uønskt i landet av den israelske innanriksministeren, stadfester intensjonen bak ubåtsalet: «Dette historiske ansvaret er ein grunnleggjande verdi og interesse for landet mitt. Med det meiner eg at eg som forbundskanslar aldri vil forhandla om Israels tryggleik.» Eit tysk tabu Vidare tek Grass eit oppgjer med det han meiner er eit tysk tabu, at han som tyskar ikkje får ytra kritikk mot Israel. Tvangen til tagnad opplever han som ei tyngjande løgn, han veit at han straks vil bli stempla som antisemitt om han ikkje respekterer dette tabuet. Når han no, «elda og med sitt siste blekk seier det som seiast må», er det av kjærleik til landet Israel, som han kjenner seg knytt til og bryr seg om. Men òg for å letta på eige samvit, for han er mett av hykleriet til Vesten. Alle skuldar Iran for å laga atomvåpen og ropar om inspeksjon og sanksjon, men ingen talar om det som lenge har vore ei uuttala sanning, at Israel sjølv er ei atommakt som reserverer seg mot inspeksjonar. Han nedvurderer Iran som trugsmål, det iranske folket er «tvunge til å jubla under åket til ein storskrytar» (meint, men ikkje nemnd: Mahmoud Ahmadinejad) i «eit land der ikkje éi einaste atombombe er dokumentert». I Israel har frykta teke over rolla som prov, dette landet der eit veksande kjernefysisk potensial «har stått til disposisjon i årevis». Til slutt presenterer han ei løysing som skal hjelpa menneska i Midtausten: Det må etablerast ein permanent kontroll av dei kjernefysiske kapasitetane i båe landa gjennom ein internasjonal instans, ein kommisjon som begge sider går god for. Har tagt før Dei som kjenner Grass’ livshistorie, vil reagera på tittelen «Det som må seiast». Opningsverset «Kvifor teier eg, har tagt for lenge» kunne like gjerne ha vore frå eit dikt om forfattaren sjølv, for fram til for seks år sidan tagde han sjølv om ein viktig del av livet sitt, nemleg at han som syttenåring kjempa i Waffen-SS. Då hissa mange seg opp over at Grass, som etter krigen kasta seg opp til «riksrefsar» av Tysklands nazifortid, medvite tagde om eigne ungdomssynder – mellom anna kravde Lech Walesa at han måtte seia frå seg æresborgarskapet i Gdansk. Sidan har mange freista å diskvalifisera Grass’ røyst i kvar ein debatt om jødar og den jødiske staten, for ein tidlegare SS-mann vil aldri kunna uttala seg nøytralt i slike saker. Zombie frå krigstida I vekemagasinet Der Spiegel blir Grass av journalisten Georg Diez omtala som ein zombie: «Dette er orda til ein generasjon ein trudde var utdøydd for mange, mange år sidan, zombiar frå krigstida som sidan har freista å forløysa seg sjølve.» Grass vel av feigskap å skriva eit dikt og ikkje eit essay der han hadde måtta argumentera for standpunkta sine, heiter det. Mange ser han som erketypen på den dana antisemitten, som «eigenleg vil det beste for jødane». Men problemet er ikkje om Grass er antisemitt eller ikkje, hevdar Diez, problemet er at Grass som radikal pasifist er djupt forankra i ein tenkjemåte som blei praktisert av delar av tysk venstreside i 1970-åra, som i konsekvens kan føra til antisemittisme. Redaktør i vekeavisa Die Zeit, Josef Joffe, heftar seg ved ubåtane i diktet. For Grass handlar det ikkje om ubåtar, men om hans eiga skuldfråskriving og reinvasking, hevdar Joffe, og viser til den israelske psykiateren Zwi Rex’ legendariske setning om at «tyskarane aldri vil tilgjeva jødane for Auschwitz». Joffe freistar å setja seg inn i tenkjemåten til forfattaren: «Det at jødane eksisterer, er i seg sjølv eit evig klagemål mot han og dei skuldfrie etterkomarane hans, ‘Jøden’ er omgjeven av tabu, Israel er det ikkje. Då jøden blei til stat, tok han etter Nazi-Tyskland, denne staten kan difor ikkje heile tida stilla oss [tyskarane] til ansvar, fornedra oss og lura til seg ubåtar. Jødane vil det som me ein gong gjorde. Gaza er blitt den nye Warszawaghettoen, den israelske bomba er den nye ‘endlösung’, denne gongen ‘made by Israel’ og reservert muslimar.» «Null verdt som lyrikk» Så kvifor valde Grass å skriva eit dikt og ikkje eit essay for å seia det som måtte seiast? I eit intervju i Süddeusche Zeitung, München-avisa som fyrst prenta diktet, svarar han for seg. «Lyrikken gjev oss høve til ei poengtert framstilling av ei komplisert sak, form tvingar oss til konsentrasjon og til å vera knappe og tilspissa», hevdar han. Tysklands mest kjende litteraturkritikar, Marcel Reich-Ranicki, har slakta teksten som dikt. Han hevdar at det ikkje er eit dikt i det heile, det har korkje rim eller rytme, poetisk vokabular eller språkleg melodi og er difor null verdt som lyrikk. Det Grass gjer, er sjofelt – han har alltid elska å laga skandale, hevdar Reich-Ranicki (det skal elles nemnast at Reich-Ranicki sjølv er kjend som ein stor skandalemakar): «I det heile syner Grass at han har skjøna noko folk før han òg har innsett: Ein kan oppnå mykje ved å gå til åtak på jødane, nemleg ein stor skandale og ei offentleg merksemd som vanlegvis ikkje blir forfattarar til del», hevdar Reich-Ranicki. At åtaket kjem rett før pesach, den jødiske påska, er òg nøye planlagt, hevdar han: «Det finst ein lang tradisjon for å gå til åtak på jødane på denne tida, slik har arabarane og palestinarane alltid hatt det for vane.»
« Tilbake
|
|
|