Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
Fakta om avisa
Manglande avis?
Redaktøransvar
Riksfondet
Tilsette
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Maskefall

Av Agnes Ravatn
,  13.04.12


EKSKLUSIVT! Vemodig og stor avsløring av Mentor.

Som trufaste abonnentar og andre gode samfunnsborgarar absolutt bør ha registrert, har eg sidan sommaren og fram til no hatt gåande ein serie der eg har prøvd å bli samfunnsengasjert og politisk interessert. Utgangspunktet var eit tiltakande dårleg samvit for at eg ikkje tek meir samfunnsansvar enn eg gjer.
Til å lose meg gjennom den politiske jungelen engasjerte eg eigenhendig ein anonym og mystisk person som gjekk under namnet Mentor. Mentor blei presentert som «ein partipolitisk uavhengig, offentleg person frå øvste hylle som arbeider med politikk», og vedkomande gjekk straks i gang med å pepre meg med mangefasetterte oppgåver og lekser og sende meg rundt på oppdrag i ulike retningar. Etter kvar oppgåve har Mentor avsagt sin dom over utføringa mi, som regel på ein tørr og litt syrleg måte som skjulte ein geysir av sarkasme.
Eg har mellom anna laga nytt statsbudsjett, vore listeberar på valdagen (og fått skjenn av ein valfunksjonær grunna altfor aggressiv utdelingsstil), skrive nyttårstale for statsministeren, reist med tidsmaskin i eit forsøk på å endre parti­kulturen i Frp, gjort eit nervepirrande og mislykka forsøk på å imøtegå rabiate islamkritikarar med sakleg dialog, meldt meg inn i eit politisk parti, vore med på utdeling av brukarutstyr til hovudstadens narkomane, prøvd å ha eit kritisk blikk på norsk matpolitikk medan eg sat naken i Rimi-Hagens spahotell, og gjort eit forsøk på å avskaffe monarkiet.

Spekulasjonane om kven som skjulte seg bak dekknamnet Mentor, har kome som troll i øskje og sild i tønne, og folket har kravd å få sanninga. Først skal eg presentere den imponerande lista over dei fem namna folk har gjetta flest gonger: Frank Aarebrot, Frank Rossavik, Rune Slagstad, Arne Strand, Bernt Hagtvet. For ein nydeleg bukett! Dessverre var det heilt feil.
Og no, hald på hatten, her kjem den store avsløringa! Bak Mentor-skikkelsens syrlege, lakoniske tunge finn me Dagsavisens eigen politiske kommentator Hege Ulstein! Eg kan levande førestelle meg korleis dånedippen går som ei farsott i dei tusen heimar ved avsløringa av denne informasjonen. Ho stod heilt øvst på Mentor-ønskelista mi, og det var ikkje nei i hennar munn då eg kom med førespurnaden min. For dette vil eg takke henne varmt.

Og no, kjære venner, er det altså duka for Mitt drøymeintervju med Hege Ulstein, tidlegare kjend som Mentor:
– Kjære Hege Ulstein, korleis kjennest det no å kaste maska og stå fram som min Mentor?
– Litt vemodig er det jo. Å ha dobbel identitet er det næraste eg har kome å vere ein superhelt, sidan eg ikkje kan fly. Dersom nokon ønskjer å overta Mentor-trikoten min, er det berre å ta kontakt.
– Namn som har gått att når folk har prøvd å gjette kven Mentor er, er mellom andre Frank Aarebrot, Bernt Hagtvet, Arne Strand og Rune Slagstad. Kva tenkjer du om det?
– Haha! Eg tenkjer at anten trur folk automatisk at mentorar og besserwissarar må vere eldre herrar, eller så oppfører eg meg som ein gammal mann. Veldig usikker på kva som er verst.
– Korleis vil du karakterisere og bedømme innsatsen min gjennom serien? Stod det både på viljen og på gjennomføringa, trass i edle motiv?
– Du var nok litt bedageleg anlagd i starten. Det verka som om du venta at engasjementet skulle kome ramlande over deg heilt av seg sjølv. Men etter kvart tok du deg opp, og eg må seie at medlemskapen i SV med listeutdeling og det heile var eit klart høgdepunkt. Du fekk jo også oppleve det eg lova deg, eit parti i full krise sett frå innsida – toppa av nærvære ved ein brå parti­leiaravgang.
– Synest du eg er litt feig eller viser dårleg stamina som gir meg no?
– Ja, eg hadde venta ein fireårsperiode, minst, som jo er den minste måleeininga i politikken. Vi får trøyste oss med at alt er politikk, slik at same kva du no gir deg i kast med, vil det vere eit framhald. Du slepp aldri unna.
– Har du forståing for at ei av oppgåvene du gav meg, sitat «påføre deg sjølv ein alvorleg skade og undersøkje helsevesenet frå innsida», var litt demoraliserande?
– Eg innser at den oppgåva kanskje var litt dryg. Men i det store perspektivet: Ho representerte det eine ytterpunktet. Å leggje seg inn på spaet for å finne ut av norsk daglegvarebransje og landbrukspolitikk var det andre ytterpunktet. «No får vi sjå», tenkte eg. «Vel unge Ravatn å finne ut av ein stor og viktig sektor sjølv om det kostar fysisk smerte, vel ho ein liten og sjeldan diskutert sektor fordi dampbadet blir for freistande, eller vel ho bort begge delar?» Fasit har vi jo. Still henne litt ansiktsmassasje i utsikt, og ho er med på kva som helst.
– Såg du på meg som eit «håplaust tilfelle», sjølv om du aldri direkte gav uttrykk for det?
– Ikkje heile tida, og som regel ikkje. Men tidvis røynde det litt på. Samla sett vil eg seie at du var betre ved skrivebordet enn i dei spreidde forsøka på å oppsøkje verkelegheita. Det blei jo lite praktisk arbeid i felten. Tippar du ikkje tok yrkesfag på vidaregåande, for å seie det sånn. Du imponerte likevel såpass stort i julequizen at det overskyggjer det meste.
– Mitt mål med serien var mellom anna å bli flinkare til å gå i rette med folk. Kva var dine største mål eller forhåpningar til meg?
– At du skulle få meir sjølvkjensle og sjølvtillit. Altså bli kvitt litt av den politiske berøringsangsten, men samtidig at du berre skulle føle deg ovanpå når du verkeleg har god grunn til det – og at du i større grad skulle ha god grunn til det. I starten var du jo litt sånn «ja, dette kan eg, så det treng eg ikkje vite noko meir om». (Kjenner meg ikkje att i dette, journ.mrk.) Og i tillegg at du skulle oppdage at ting ikkje er så enkelt som ein ofte trur – og heller ikkje så komplisert som mange vil ha deg til å tru.
– Kva for moralsk dom vil du kaste over meg dersom eg seier at eg ofte får ei sterk lyst til med Epikurs ord «i ro å dyrke min hage og kultivere mine behov på enkelt vis fjernt frå verdas larm og politiske strid». Er det moralsk OK å trekkje seg tilbake frå samtida si og berre bry seg om seg sjølv?
– No driv du med moralfilosofi. Det veit eg lite om, og politikk og moral er jo som eld og vatn. Det einaste eg kan seie, er at nokon må bestemme over deg. Gjer du det ikkje sjølv, er det nokon andre som tek seg av det. Det gjeld både små og store ting.
– Sjølv høyrer du jo til den ofte omtala kakofonien me kallar Kommentariatet. Nyleg slo forskarar fast at folk flest ikkje skjønar nokon ting av politikk, og at kommentariatet berre gjer vondt verre. Dette skreiv du ironisk nok ein kommentar om. Korleis orkar du sjølv å stå opp om morgonen?
– Godt spørsmål. Det kan vere eit åk. Men eigentleg har eg drøymejobben. Tenk å få betalt for å spreie sine eigne meiningar ut til sakeslause medmenneske. Å stå opp om morgonen utan kunstige hjelpemiddel som vekkjarklokke og kaffi går ikkje, men det gjeld vel dei fleste.
– Kva er det eigentleg som er gale med norsk politikk?
– Dersom denne serien har hatt noko som helst for seg, må du kunne svare på dette spørsmålet sjølv – gjerne i boks form!
– Fordømmer du politisk uengasjerte menneske?
– Nei, men eg trur mange av dei er uengasjerte fordi politikk verkar vanskelegare enn det eigentleg er, og at vi er mange som har ansvaret for å gjere det lettare tilgjengeleg. Demokrati bør vere eit lågterskeltilbod.
– Kva er ein god politisk kommentator?
– Ein som ikkje køddar med fakta, som gidd å setje seg inn i ting og ikkje berre meine på autopilot. Og som verken er for audmjuk eller for hovmodig. Ein må tore å meine noko, men òg innsjå at ein kan ta feil. God språkleg framstillingsevne er eit klart pluss.
– Har du ein favorittpolitikar, og i tilfelle ja, kven, og kvifor?
– Dronning Elisabeth den første. Ein kvinneleg politikar som greip makta og heldt på henne i ein mannsalder – fire hundre år før Thatcher blei unnfanga.
– Kva er din politiske favoritt-fun-fact? 
– Ingen av dei på topp-ti-lista eignar seg for publisering, dessverre. Vi får ta det over en øl?
– Svært gjerne! Har du absolutt alltid vore politisk interessert?
– Tja. Eg vanka ein del i Stortinget som barn fordi mor mi jobba der. Det var vel då det tok laus, tippar eg.
– Eg som berre klarer å oppvise ca. 35 prosent politisk ektefølt engasjement (mitt eige anslag, journ.mrk.), korleis skal eg klare å vri kluten på mest kostnadseffektiv måte, bortsett frå å røyste ved val?
– Mest muleg politisk innverknad per kalori, meiner du? I ditt tilfelle kan du bruke rolla di som journalist og forfattar til å setje ting på dagsordenen. Eg trur du bør halde deg unna praktisk arbeid, di framtid er i the chattering classes. Sånn elles, for folk flest, vil eg tippe organisasjonslivet gir best effekt.
– Du er jo på ein måte ein politisk sakkunnig. Kan du stille ein diagnose på meg som homo politihus?
– Du begynte som homo ludens og er no blitt homo erectus, kanskje? Heilt klart tilrekneleg, i alle fall. Du er naiv nok til å tru på ei mykje betre verd, men kynisk nok til å innsjå at det neppe går slik du håpar. Ein frustrasjon det er vanskeleg å lindre.
– Føler du at de i Kommentariatet gjer ein forskjell?
– Haha! Ja, eg trur det, innimellom. Men det er ikkje sikkert at det alltid er ei endring til det betre.
– Eg har faktisk ei kjensle av å sitje på mykje kunnskap om politikk, men som oftast av triviell karakter – kven som er gift med kven, kven som er homo, kven som har sete i konsentrasjonsleir – og synest det er synd at denne kunnskapen er så verdilaus i praksis. Korleis kan eg tileigne meg meir verdifull og nyttig kunnskap?
– Les aviser, lytt på radio, følg med på det som skjer i samfunnet rundt deg. Begynn gjerne med éi utvald sak som interesserer deg, og finn ut alt om henne, følg henne til mål.
– Dersom ein vanleg person ønskjer å følgje med og halde seg oppdatert på politikk, utan at det tek opp altfor mykje tid av livet hans, kor er det lurast å følgje med, og kor bør ein absolutt ikkje følgje med? Rein forbrukarrettleiing, altså.
– Det aller beste er å følgje med i Dagsavisen (i tillegg til Dag og Tid). Nyhetsspeilet kan eg derimot ikkje tilrå.
– Ifølgje Bernt Aardal ventar så mange som 10 prosent av røystarane med å bestemme seg for kva dei skal stemme til sjølve valdagen, altså over 280.000 vaksne menneske. Kva tenkjer du om at me har så mange hovudlause høns blant oss, og er det eigentleg endå verre berre å røyste det ein alltid røystar, av gammal vane, slik resten gjer, dersom det er slik at me gjer det, då?
– Eg har faktisk høyrt til denne gruppa av hovudlause høns opptil fleire gonger. Eg vel å tru at desse ti prosentane røystar taktisk og vil sjå dei siste målingane, køyre dei siste mandatfordelingane for sitt fylke, før dei set inn nådestøyten: ein perfekt plassert stemmesetel. Det er elles betre å stemme enn å ikkje stemme. Hugs: Ein gjer mykje fornuftig av gammal vane: sove, ete, sjå seg til høgre og venstre før ein går over vegen, pusse tennene.
– I og med at ordet idiot betyr «ein person som ikkje er interessert i politikk», vil det seie at ingen politikarar er idiotar?
– Nei. Det er mange politikarar som ikkje er interesserte i politikk. Dessutan kjem dette ordet frå Hellas, og du ser kva slags tilstandar dei har der. Need I say more?
– Kva skreiv du hovudfagsoppgåve om?
– Eg har ikkje hovudfag. Mellomfagsoppgåva mi analyserte EU som eit stats- og nasjonsbyggingsprosjekt ved hjelp av Stein Rokkans modellar. Konklusjonen var at det såg mørkt ut for EU, fordi dei gjorde ting i ei heilt anna rekkjefølgje enn det Rokkan føreskreiv. Før eller seinare får eg nok rett.
– Får me regjeringsskifte i 2013?
– Rein Ap-regjering eller rein Høgre-regjering med vekslande støtte frå sentrumspartia.
– Gisp! Kva røysta du ved førre val?
– Hugsar ikkje.
– Blir Jens Stoltenberg generalsekretær i FN, Jonas Gahr Støre president i EU og Anniken Huitfeldt president i Norges Fotballforbund, trur du?
– Nei. Det trur ikkje du heller, vel?
– Jo. Kva røysta du under folkeavstemminga i 1994?
– Nei til EEC og dyrtid.
– Du ønskjer røysterett for seksten­åring­ar. Er du no HEILT sikker på dette? 
– Blir sikrare og sikrare for kvar dag som går.
– Kva synest du er dei aller viktigaste sakene i Noreg anno 2012?
– Klima, trygg offentleg velferd og sunn økonomi. Gjesp.
– Politikk meg her og politikk meg der: Får du av og til ei kjensle av at alt er fåfengd og jag etter vind?
– Nei. Jag etter vind? Eg har motorbåt.

For ein god kommunikasjon! Eg saknar Mentor allereie.
Men elles passar det fint å avrunde denne politikkserien her og no, då eg jo nyleg har fått eit personleg brev frå ein statssekretær ved eit Kongeleg Departement som sårt ønskjer å dra veksel på mine skråe blikk i eit stort prestisjeprosjekt, yes that’s right, you heard me, meir kan eg ikkje seie dersom eg vil unngå å bli stilt for riksrett! Her lèt eg oss henge og dirre i total uvisse, kjære lesar, som lauv er du og eg. Fort skjelvande, og fort borte.
Kom –




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake