|
|
Vinn slaget, men taper krigen Av Jon Hustad , 30.03.12 Norske ålmennlækjarar har pøst på med antibiotika mot ein relativt ufarleg epidemi. Dei negative konsekvensane kan verta store. HELSE «Evolusjonsteori» er i grunnen eit dårleg omgrep, det burde i staden heita evolusjonslære. Tak dette med mikrobar, berre etter tjue minutt får mange av desse nye «avkom». Dimed kan ein mikrobe gjennom éi veke vera årsak til tusenvis av mutasjonar. I all hovudsak døyr desse mutasjonane av di dei ikkje er leveføre eller ikkje maktar å konkurrera med dei andre mikrobane eller organismane i det vanlege nærmiljøet. Om det ytre presset på organismane eller mikrobane derimot endrar seg, kan einskilde mutasjonar syna seg meir leveføre enn den opphavlege organismen. Dei kan til dømes vera meir effektive til å henta ut energi frå omgjevnadene. Dette er evolusjon. Og evolusjon er eit faktum, ikkje ein teori. Evolusjonen er grunnen til at du som les dette eller journalisten som skriv denne artikkelen, ikkje lenger er ei ape. Mest aktiv er evolusjonen hjå mikrobar som virus og bakteriar. Dei har så kort reproduksjonstid. Virus kan ikkje lækjast med antibiotika, men det kan, eller kunne, bakteriar. Problemet er at når bakteriar og mikrobar har så raske og konstante endringar i arvematerialet, så vert dei i stand til raskt å verna seg mot antibiotika. Og når antibiotika kjem og drep den opphavlege varianten av mikroben eller bakterien, gjev lækjarane mutasjonane eit høve til å overleva. Jarnlova er enkel: Di meir antibiotika som vert nytta i eit område – hjå fastlækjaren, på sjukehuset, i Noreg, i Europa og i verda – di fleire mikrobar og bakteriar vert motstandsføre eller resistente. Difor skal ein bruka minst mogeleg antibiotika, men det er det motsette som skjer. Skyt på doktoren No er både sjukehuslækjarar og infeksjonsmedisinarar meir urolege enn nokon gong for den stadig aukande bruken av antibiotika som norske ålmennlækjarar skriv ut. I vinter har det nemleg vore ein såkalla mycoplasma-epidemi i Noreg. Mycoplasma er ein mikrobe som skil seg frå vanlege bakteriar ved at han vantar ein celleveg og legg seg inn i cellene han går til åtak på. Særleg i desember i fjor var det store oppslag i riksmedia. «Dobbelt så mange får påvist bakterien», fortalde NRK. «Det vi ser nå, er en epidemi som vi aldri har sett maken til», sa Svein Arne Nordbø ved St. Olavs hospital i Trondheim, som berre i 2011 registrerte over seks hundre tilfelle. Nordbø streka under kor viktig det var å behandla mikroben. «Starter man behandlingen for sent, vil man kunne ha symptomer i lang tid selv om bakterien drepes raskt.» Kva er så behandlinga for mycoplasma? Jau, svært breispektra antibiotika, altså antibiotika som tek knekken på ei rekkje bakteriar og som dimed gjer at mutasjonar som utviklar resistens mot antibiotika har ein mykje større sjanse for å overleva og formeira seg. Foreldre og pasientar har sjølvsagt fått med seg oppslaga om mycoplasma som har symptom som er til forveksling like det vanleg forkjølingsvirus gjev. Gjennom vinteren har norske sjukehus motteke ei rekkje pasientar som det har synt seg har fått behandling mot mycoplasma og undergruppa mycoplasma pneumonia, og det utan eingong å ha fått diagnostisert mikroben i blodet. Skyt på media – Desse såkalla epidemiane dukkar opp om lag kvart sjette, sjuande år. Truleg er ikkje denne epidemien større enn tidlegare epidemiar, men vi har betre verkty for å diagnostisera han no. Langt dei fleste tilfella går over av seg sjølv og er heilt ufarlege. Men om du får ein lungeinfeksjon, kan det vera eit tilfelle der det er rimeleg å behandla. Dei fleste får ein langvarig turrhoste som går over av seg sjølv, og det gjeld jamvel om ein utviklar lungeinfeksjon. – Men kvifor får vi då denne iveren etter å behandla? – Det er sikkert sant, men det er ikkje noko problem for pressa å få tak i kollegaer av deg som viljug stiller opp og fortel at alt mogeleg må behandlast. CRP – CRP har diverre vorte eit sedativ for både lækjarar og pasientar. Lækjarane ser berre på blodprøveresultatet i staden for å sjå på pasienten, og pasienten er nøgd med å få eit tal. Men CRP kan vera høg av ulike grunnar; influensa, forkjøling og mange andre sjukdomar kan føra til høge nivå. CRP kan faktisk òg vera låg ved starten av ein alvorleg lungeinfeksjon. Då er det mykje betre å sjå på feber, puls og ålmenntilstand. Altså tradisjonelt klinisk handverk. – Men kvifor tek dei heller ikkje virusprøver? For som regel er det vel berre eit vanleg virus? Marknadstenkjing – Men dette er enkel evolusjonslære. Lækjarane må då kunna den? – Er du pessimist? « Tilbake |
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|