Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Er den norske velstands­auken over?

Av Jon Hustad
,  16.03.12


Produktivitetsveksten i Noreg ser ut til å vera i kraftig nedgang. I staden for å arbeida hardare og betre importerer vi no tenarar for å arbeida for oss.

Produktivitet er ein vanskeleg plante å skjøna, men denne artikkelen, til dømes, vert skriven i tekstprogrammet Word og deretter lagd direkte inn i eit program som lagar avissider. Før skreiv journalistar på skrivemaskin, bar den fysisk ferdige teksta til ein deskar som retta og gav henne vidare til ein redaktør. Så vart den omarbeidde teksta fysisk transportert til eit trykkjeri der ein eller fleire sette teksta ved å flytta på blytypar.

Snart skal journalistane i Dag og Tid skriva tekstene direkte inn i eit program som lagar avissider og som alle andre i avisa kan redigera i. På vegen frå blytypar til internett har Dag og Tid spart inn tusenvis av timar og gått frå å vera åtte sider til å vera førti, med nokså lik innsats. Men ein eller annan plass der framme ligg ei grense. Og same kor ein snur og vender på det: Nokon må prøva å tenkja, nokon må lesa, og nokon må laga ei tekst som andre vil lesa.

Eit anna døme er snikkarar: Byggnæringa utgjer 10 prosent av den norske verdiskapinga, BNP. Før nytta ein snikkar hamar når han slo inn ein spikar, no nyttar han spikarpistol. Før måtte byggherren sjølv fara til saga og få laga plank etter mål, no matar han husteikning­ane inn i ei datamaskin som er i kontakt med ei anna datamaskin som gjev ei tredje ordre om å setja i gang saga. Men også her er det kanskje ei grense ein stad. Dei fyrste prefabrikkerte ferdighusa kom til Noreg for hundre og tjue år sidan. Og jamvel når nær alt fysisk og manuelt arbeid er utrydda, må framleis nokon tenkja, og nokon må seia korleis han eller ho vil ha dette bygget.

Kvar er grensa?
Tankar som dette har vore vanlege sidan den industrielle revolusjon starta: Ein eller annan stad må det vera ei grense for kor mykje kvar arbeidar maktar å produsera. Men år etter år over heile den industrialiserte verda har arbeidarane auka produksjonen med 2 til 2,5 prosent. I siste nummer av Økonomiske analyser (1/2012) syner Statistisk sentralbyrå (SSB) med historiske tal at dette også har vore malen i Noreg. Og sidan vi lenge har vore flinke til å få med mange i arbeidslivet, har vi stadig vorte rikare.

Men no er SSB urolege for at veksten kan ha etablert seg på eit lægre platå enn før. SSB opererer med to omgrep for produktivitet: Det ein kallar arbeidskraftproduktivitet, det er den auken vi ser ved at arbeidarane får betre maskiner og betre teknologi og andre såkalla eksterne innsatsfaktorar. Vi kan seia at dette er energien ein arbeidar vert tilførd utanfrå. Men i tillegg kjem det ein annan faktor, såkalla total faktorproduktivitet (TFP), som er den delen av den auka produktiviteten som kan tilskrivast at arbeidaren jobbar lurare og betre. Vi kan til dømes vona at ein journalist i Dag og Tid skriv og tenkjer fortare og betre etter nokre år i avisa, den biten er TFP.

Gode og dårlege tider
Det er ei kjend sak at veksten i produktiviteten varierer med konjunkturane. Når det er låg vekst i økonomien, investerer verksemdene mindre i realkapital, og då veks ikkje produktiviteten så mykje. For å unngå at konjunkturar spelar ei stor rolle, har SSB difor laga nokre historiske periodar der både økonomiske dårlege og gode tider er med.

Så funna til SSB: Mellom 1973 og 1983 gjekk arbeidskraftproduktiviteten i Fastlands-Noreg opp med 2,5 prosent per år, og den såkalla TFP-en gjekk opp med 1,3 prosent. Frå 1984 til 1991 var dei same tala 2,3 og 1,8. Mellom 1992 og 2003 gjekk arbeidskraftproduktiviteten opp med 2,7 og TFP med 2,3. Og så kjem det: Mellom 2004 og 2011 gjekk arbeidskraftproduktiviten opp med berre 1,1 prosent per år og TFP med 0,6.

Kva kan grunnen vera? SSB-forfattarane kjem ikkje med mange forklåringar, men éi forklåring er sjølvsagt den såkalla finanskrisa som råka Noreg i 2007 og 2008. Men den krisa var mindre omfattande i Noreg enn andre stader, og likevel har omverda gjort det betre under krisa. Mellom 2001 og 2008 hadde Finland ein årleg auke i arbeidskraftproduktiviteten på 1,9 prosent og Sverige ein auke på 2,0 prosent. Gjennomsnittet i OECD var på 1,7 prosent. Noreg, derimot, hadde ein auke i produktiviteten på berre 0,7 prosent i denne perioden.

Men her møter vi noko anna og tilsynelatande underleg, for i den same perioden auka BNP i Noreg med 2,3 prosent per år, som er gjennomsnittet i OECD. Noreg har altså hatt ein stagnasjon i produktivitetsutvikling samstundes som den samla verdi­skapinga har gått opp.

Stadig fleire av oss
«Samla» er ordet her. Vi har nemleg vorte langt fleire i Noreg, og vi har fått stadig betre betalt for ein «samla» energiproduksjon. Noreg har tilsynelatande vore heldige: Samstundes med at EU inkluderte store delar av Aust-Europa i 2004, vart vi mange fleire nordmenn i arbeidsfør alder. Berre frå 2006 til 2009 auka arbeidsstyrken med 5,9 prosent, og frå 2005 til 2009 auka arbeidsinnvandrarar på såkalla kortidsopphald med over 100 prosent, skriv SSB i produktivitetsanalysen. Og så seint som i 2011 hadde vi ei nettoinnvandring på 48.000 menneske her til lands, berre vel 13.000 var frå den tredje verda. Svenske servitørar og polske snikkarar dominerer denne statistikken.

Det vi har gjort, er å transformera oljeinntektene til ein ny tenarskap. Og dei vi har henta, er personar som arbeider i næring­ar som ikkje krev høg kompetanse med stort potensial for produktivitetsvekst, dei vert derimot bedne om å servera meir øl og byggja fleire hytter på fjellet. Og her er vi truleg ved hovudforklåringa til at BNP går opp samstundes som auken i produktiviteten går ned. For som regjeringa skriv i den seinaste perspektivmeldinga si: Arbeidsinnvandringa gjer at realinntekta for AS Noreg går opp samla sett, men går ned per innbyggjar. Denne veka kom også dei nye prognosane for innvandring til Noreg, SBB reknar det no som sannsynleg at halvparten av innbyggjarane i Oslo vil vera innvandrarar i ein hovudstad med rundt 800.000 innbyggjarar i 2040. Også desse skal ha hus og vegar og anna som krev ufaglærd arbeidskraft.

Hus og aksjar opp
I tillegg kjem det at arbeidsinnvandrarane frå EØS ikkje arbeider like hardt og regulert som etniske nordmenn. Brochmann-utvalet som i fjor såg på kostnadene ved innvandring, seier at EØS-innvandrarane om ein tek omsyn til alderssamansetjing har ein sysselsetjingsfrekvens som ligg 12 prosent under etniske nordmenn. Ein rapport frå FAFO i 2010 viste at 43 prosent av polakkane stod utanfor arbeidslivet, og at ein stor del av dei som arbeidde, arbeidde svart. Og dei som arbeider svart, arbeider typisk i næringar som har låg produktivitet. Det er vanskeleg å nytta avansert teknologi i barnepass og til golvvask i villaer.

Vi står altså andsynes ein litt deprimerande konklusjon: Noreg har hatt ein dramatisk auke i talet på folk i arbeidsstyrken dei seinaste ti åra, og når ein får inn mange unge innvandrarar og den norske demografien har vore gunstig, så skulle ein venta at yrkesdeltakinga gjekk opp. Men bortsett frå eit par år har yrkesdeltakinga gått nedover dei seinaste ti åra. Dei siste tala frå LO og regjeringa tyder på at arbeidsdeltakinga for folk i arbeidsfør alder vil ha gått ned frå 72 prosent før finanskrisa i 2008 til 68,8 neste år. Når vi kombinerer det med at dei som kjem, har låg produktivitet, må nesten veksten i den samla produktiviteten gå ned. Men så lenge veksten i folkesetnaden går opp, vil verdiane både på hus og aksjar gå opp. Så dei som har pengar til overs, går gode tider i møte.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake